Nerdanes hemn – slik kjempar gamerar mot korona
Hald deg inne. Ha minst mogleg nærkontakt med andre. Bruk nettet for fellesskap. Plutseleg er det datanerden som er idealet for korleis vi skal oppføre oss i samfunnet. Ikkje berre det. Datamaskina deira kan gje oss redninga mot heile pandemien.