nrk.no

SCVNGR: Stadsbaserte utfordringar

Kategorier: Det sosiale nettet,Konferanser og messer,Mobil & Nettjenester


Lokasjonsbaserte tenester er eit felt som gjennom dei siste åra har vokst voldsamt. Fram til ganske nyleg har Foursquare dominert marknaden, med Gowalla som ein sterk nummer to. Tidlegare i år vart Facebook Places lansert globalt, og den sosiale mediekjempen trampa dermed inn på enda ein marknad som generelt sett var forbeholdt nerdane.

SCVNGR sosial innsjekking
SCVNGR sosial innsjekking

På samme måte som i fjor, er lokasjonsbaserte tenester eit gjengåande tema óg på årets SXSW. Kor enn du snur deg er det nokon med ein Android-telefon, iPhone eller iPad som sjekkar inn på ulike foredrag og kafeer. Og som nemnd ovanfor er desse «check-in»-tenestene i all hovudsak levert av enten Facebook Places, Gowalla eller FourSquare.

I dag var det SCVNGR som blei presentert her i Austin. Sjølv om den óg kan seiast å vere ei innsjekkingsteneste, har tenesta nokre funksjonar som gjev produktet ein litt artig vri.

LES: Hvem, hva… og nå også hvor.

Ein kombinasjon av det fysiske og virtuelle

Utfordringar under keynoten til SCVNGR

Seth Priebatsch er den 22 år gamle hovudmannen bak SCVNGR. Tanken bak SCVNGR er ganske enkel. Sjekk inn der du måtte være, og gjennomfør ei rekke med utfordringar. Desse utfordringane kan vere alt frå å bumpe telefonen din med ein fremmed (social check-in), til å ta eit bilete av maten din på ein bestemt restaurant, eller svare på eit spesifikt spørsmål relatert til staden du oppheld deg på.

For kvar utfordring du gjer, får du poeng og «badges» – litt på samme måte som med Gowalla. Men du får óg moglegheita til å komme med dine eigne bidrag:

Når du har gjennomført eit par utfordingar, får du moglegheita til å lage dine eigne for den bestemte plassen, som då kan bli gjennomført av andre som skulle befinne seg på den samme staden. Denne funksjonen gjer at spelet stadig utvidar seg med nye og interessante bitar. Underteikna sendte for eksempel inn ei utfordring under keynoten der eg ba folket om å ta eit bilete av sine notat, som var verd to poeng.

Store tanker

22 år gamle Seth Priebatch droppa ut av Princeton for å byggje SCVNGR. Foreløpig har føretaket fått $20 million inn i kassa, og Google Ventures er blant selskapa som har spytta inn nokre dollar. På scena i dag la Seth fram nokre tankar om korleis bruksmønsteret til SCVNGR kunne ordne opp i sosiale problem som vi har i den verkelege verda, med hovudvekt på utdanningssystemet.

Skulen er eit spel

Seth Priebatch forklarer publikumet at skulesystemet meir eller mindre kan brukast som definisjonen på ordet spel. Den tjueto år gamle mannen argumenterer godt for dette. Skulen har alt som ein treng i eit godt spel, for eksempel motiverte spelarar, utfordringar, belønningar, reglar, allierte, fiendar, ulike klasser og tidsbegrensningar. Men likevel eksisterar det eit stort problem med at elevar ikkje er motiverte. Som Priebatch meiner er fordi karaktersystemet ikkje fungerar.

Karaktersystemet har i følgje Priebatch erstatta den faktiske belønninga (lærdom) med nokre tal som definerer kor mykje du som elev har moglegheita til å innhente av informasjon. Den faktiske premien er dermed ikkje noko som elevane tenkjer på i det heile tatt.

The grade system has created what we call a Moral Hazard of Game Play. It replaced the real reward, learning for learning’s sake, with a series of fake rewards. And when you replace the real rewards with the fake rewards, people do the action that most easily gives them the best results, which often results in cheating.

Seth Priebatch, SXSW 2011

Han dreg også parallellen til oppdragelse. Foreldre er oppteken av at ungane skal bli flink til å pusse tenna. Så for å oppfordre barn til å pusse tenna, er det i følgje Seth Priebatch vanleg å belønne barna med poeng for kvar gong ein tannpuss er gjennomført. Viss barnet får to poeng for kvar puss, har barnet i løpet av ei veke opparbeida seg fjorten poeng.

Men så har barnet plutseleg 100 poeng, og det er dermed heilt OK å hoppe over eit par sesjoner, sidan tallet er positivt. Og eit par til. Og plutseleg ser tenna ille ut.

(Bilde: CC – Ran Yaniv Hartstein)

Seth Priebatch er overbevist om at det må tenkjast meir på korleis ein kan få folk til å forstå den faktiske fordelen ved å gjere noko, enten det er å få ei utdanning eller pusse tenna, i staden for å bytte ut den faktiske belønninga med ein abstraksjon.

Med SCVNGR er lista lagt enda eit hakk høgare, og vi i NRKbeta følgjer gledeleg med på innovasjonane i dette feltet!

Trur du at SCVNGR kjem til å ta av?

11 kommentarer

  1. Knut-Olav Hoven (NRK)

    SCVNGR virker interessant. Litt mer interaktivt enn de andre stedstjenestene, og utfordringene/oppdragene man får og kan gi gir litt mer mening enn disse tinga man plukker med seg og dropper i Gowalla.

    Noe vanskelig skrivemåte, hakket mer obskurt enn andre web2.0-tjenester, og jeg er litt usikker på uttalen av navnet… 😉

    Svar på denne kommentaren

    • Knut-Olav Hoven (NRK) (svar til Marius)

      Interessant. Jeg har ikke tenkt over at det ikke er et norsk ord. Det faller vel litt for enkelt for fingrene siden det heter «location» på engelsk.

    • Anders Hofseth (NRK) (svar til Didrik Walstad)

      Det står deg selvsagt fritt. 🙂

      For NRKbetas lesere er det til og med tillatt å velge å ikke lese artikler der man ikke liker bildene. Vi er ganske fleksible sånn sett.

      Jeg skal gi Henrik kokos fra deg i kveld for å skrive sin medfødte målform. Jeg håper han ikke blir såret.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *. Les vår personvernserklæring for informasjon om hvilke data vi lagrer om deg som kommenterer.