

Eg hadde med ein Cowon D2 multimediaavspelar med ordinær antenne (i øyrepluggledningen). På veg heim scanna eg frekvensane og fekk opp TV-kanalane midt over Oslofjorden mellom Larvik og Strømstad, altså heilt ytst og med flyet i marsjfart (rundt 800 km/t) 8-10 kilometer over bakken.
Med mobiltelefonen fekk eg teke nokre bilete av variabel kvalitet. Denne lille uformelle og lite vitskaplege testen viser at dekninga når langt lenger enn det dei teoretiske dekningskarta viser, men merk at dette er med fri sikt til ein sendar på 1000W på Tryvasshøgda. Det er likevel god skjerming i flyskroget, så om Norwegian eller SAS hadde installert ekstern DMB-antenne ville samtlige passasjerar kunne ha teke imot 6 TV-kanalar på nakkestøtteskjermar. Foreløpig berre over Stor-Oslo, men på sikt kanskje også på store delar av innanlandsrutenettverket om NMTV vedtek å gå inn for å byggje ut nettet.

Det er dei tre største kringkastarane i Noreg, NRK, TV 2 og MTG/Viasat, som står bak NMTV og MiniTV.
Noen som vet/har testa MiniTV på bakken på Jessheim? Og event på toget mellom Jessheim/Gardermoen og Oslo S.
Det er gode og sterke signal i Lillestrøm. Og eg fekk inn MiniTV ved avkjørsla til Jessheim før Gardermoen. I sjølve Jessheim har eg ikkje testa.
Hmm, kremt: «The mile high club (or MHC) is a slang term applied collectively to individuals who have engaged in sexual intercourse while on board an aircraft in flight.»
en.wikipedia.org/wiki/Mile_high_club
Ellers kan det vel nemnast at dei alltid seier at det er uloveleg å bruke utstyr med radiosendar eller mottakar ombord i fly. Eller har dei endra policyen?
Merk hermeteikna før og etter mile high club 🙂
Forbod mot bruk av radiomottakar om bord i fly? Mogeleg at eg høyrde på Nederlands DAB-radio då det vart sagt… Både MiniTV-mottakar og mobiltelefon var forresten stengd av under både take off og landing.
[…] Mini-tv tar av 9.06.2009 Øyvind Vasaasen Digital-tv, Mini tv, dab dab, DMB, minitv, NMTV Daglig leder for NMTV, Gunnar Garfors, har testet minitv i fly. Det virker. En av de store fordelene med DAB/DAB+/DMB (Eureka 147) er at teknologien er robust og gjør dete mulig med mottak i stor fart. Dette har nå Gunnar Garfors testet. Minitv virker på fly over Oslo. I flere hundre kilomtere i timen, 800 meter opp i lufta, er det altså mulig å se Dagsrevyen. […]
Kudos for å kjenne igjen Vestby fra 8-10 km oppe i lufta.
Fan av MiniTV?
(facebook.com/pages/MiniTV/89604607689?ref=mf)
[…] om MiniTV på NRKbeta: Slik blir mobil-TV MiniTV med i “mile high club” MiniTV-sendarane på plass DMB-riggen i hus Og vinnaren er… Meir om mobil-tv og DMB (med […]
[…] av DMB om bord i fly har NRKbeta skrive om tidlegare: MiniTV med i “mile high club”. Share and […]