nrk.no

MiniTV med i «mile high club»

Kategorier: Mobil,Trådløst & TV

RedaksjonEN over Oslofjorden.

Viggo over Vestby.
Viggo over Vestby.
Nord for Gardermoen, på veg inn mot landing.
Nord for Gardermoen, på veg inn mot landing.
NMTV har tidlegare motteke rapportar om at MiniTV fungerer bra i fly 8-10 kilometer over bakken i cirka 800 km/t. Det måtte sjølvsagt testast og eventuelt dokumenterast, noko som vart gjort om bord Norwegian si rute DY1256 med avgang frå Gardermoen til Schipol søndag 18:55 og på returen med SAS si rute SK828 med avgang mandag til same tid.

Eg hadde med ein Cowon D2 multimediaavspelar med ordinær antenne (i øyrepluggledningen). På veg heim scanna eg frekvensane og fekk opp TV-kanalane midt over Oslofjorden mellom Larvik og Strømstad, altså heilt ytst og med flyet i marsjfart (rundt 800 km/t) 8-10 kilometer over bakken.

RedaksjonEN over Oslofjorden.
RedaksjonEN over Oslofjorden.
Deretter fekk eg inn TV-kanalane litt på og av heilt til like før landing på Gardermoen. SAS sin 737-700 tok også ein usving eit stykke over Mjøsa, og også såpass langt nord fekk eg inn gode signal.

Med mobiltelefonen fekk eg teke nokre bilete av variabel kvalitet. Denne lille uformelle og lite vitskaplege testen viser at dekninga når langt lenger enn det dei teoretiske dekningskarta viser, men merk at dette er med fri sikt til ein sendar på 1000W på Tryvasshøgda. Det er likevel god skjerming i flyskroget, så om Norwegian eller SAS hadde installert ekstern DMB-antenne ville samtlige passasjerar kunne ha teke imot 6 TV-kanalar på nakkestøtteskjermar. Foreløpig berre over Stor-Oslo, men på sikt kanskje også på store delar av innanlandsrutenettverket om NMTV vedtek å gå inn for å byggje ut nettet.

Med Dagsrevyen mot Den Haag.
Med Dagsrevyen mot Den Haag.
MiniTV-tilbodet frå Norges mobil-TV (NMTV) består av seks TV-kanalar (NRK1, NRK2, NRK3, TV 2, TV 2 Nyhetskanalen og TV3), men dei same mottakarane som får inn MiniTV får også inn 15 radiokanalar frå NRK og P4 via DAB.

Det er dei tre største kringkastarane i Noreg, NRK, TV 2 og MTG/Viasat, som står bak NMTV og MiniTV.

10 kommentarer

  1. Gunnar Garfors (NRK)

    Merk hermeteikna før og etter mile high club 🙂

    Forbod mot bruk av radiomottakar om bord i fly? Mogeleg at eg høyrde på Nederlands DAB-radio då det vart sagt… Både MiniTV-mottakar og mobiltelefon var forresten stengd av under både take off og landing.

    Svar på denne kommentaren

  2. Mini-tv tar av » All You Need Is Love

    […] Mini-tv tar av 9.06.2009 Øyvind Vasaasen Digital-tv, Mini tv, dab dab, DMB, minitv, NMTV Daglig leder for NMTV, Gunnar Garfors, har testet minitv i fly. Det virker. En av de store fordelene med DAB/DAB+/DMB (Eureka 147) er at teknologien er robust og gjør dete mulig med mottak i stor fart.  Dette har nå Gunnar Garfors testet. Minitv virker på fly over Oslo. I flere hundre kilomtere i timen, 800 meter opp i lufta, er det altså mulig å se Dagsrevyen.  […]

    Svar på denne kommentaren

Legg igjen en kommentar til Fredrik Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *. Les vår personvernserklæring for informasjon om hvilke data vi lagrer om deg som kommenterer.