nrk.no

Mitt liv som lisensbetalar

Kategori: Allmennkringkasting i en ny tid

Selma Lønning Aarø foto Lise Åserud Scanpix

Lenge var eg kriminell. I dag betalar eg TV-lisensen min – og eg gjer det med glede. Straks eg tok til å betala, forstod eg at det å sluntra unna hadde kosta meg ein heil del.

Det er vanskeleg å ikkje ha eit nostalgisk tilhøve til NRK. Når eg tenkjer på oppveksten min, var NRK absolutt med på å forma han. Julaftan med Disney-kavalkade og Tre nøtter til Askepott, påsken med Jesus fra Nazareth, mai med Grand Prix og sommaren med Ta sjansen frå Holmenkollen.

Dei første avanserte leikane vi leika i gata der eg budde, var ofte inspirerte av seriar frå NRK. Gjerne vaksenseriar dei færraste av oss fekk lov til å sjå, men berre hadde ana brotstykke av når vi sat gøymde under trappa på laurdagskvelden, altfor langt unna skjermen til å kunna lesa teksten. Spesielt hugsar eg Mot alle vindar. Serien handla om fattige John og Mary som var nybyggarar i Australia. Eg fekk vera Mary, og saman med Jarle som var John, laga vi barn etter beste evne og arrangerte bestialske fødslar med ketchup som blod, i ei hytte i skogen.

Det fantastiske var at vi hadde dei same referansane. Vi voks opp langt unna svenskegrensa og ana ingenting om at det fanst noko utanfor det norske kringkastingsmonopolet.

Men i mine første år som vaksen betalte eg altså ikkje TV-lisens.

Det heile starta ganske uskuldig. Eg flytta heimanfrå som attenåring og fekk eit 14-tommars fjernsyn av far min. Det stod i hans namn. Dermed var det vanskeleg for lisensinspektørane å oppdaga meg. Men så kjøpte eg meg husvære, eg fekk meg telefon, og ein dag ringde han. Eg hadde akkurat oppdaga at TV3 sende Dynastiet i reprise og hadde benka meg framfor TV. Den lettkjennelege introen dura avslørande i bakgrunnen.
– Eg har ikkje fjernsyn, freista eg.
– Nei vel, sa lisensmannen tørt. Ja, for det var nemleg ein lisensmann som ringde.

Frå den dagen av blei eg sannsynligvis registrert som tvilsam i NRKs register. I alle fall let kontrollørane oftare og oftare høyra frå seg, og no nøydde dei seg ikkje berre med å ringa. Dei troppa opp i eigen person med eit liksom-tilforlateleg smil om leppene.
– Har du fjernsyn?
Eg rista på hovudet slik at kjenningsmelodien til Loveboat skulle kunna kamuflerast som eit radioinnslag.
– Du veit kanskje at sambuaren din har fjernsyn?
Sannsynlegvis var det et lurespørsmål, men eg var letta. Eg leigde nemleg ut eit rom til ei skikkeleg gladjente frå Sogndal. Ho hadde rett nok ikkje fjernsyn, men ho var ikkje heime og kunne forsvara seg, så det kjendest fornuftig å skulda på henne.
– Ja, sa eg.
Så forklarte eg lisensmannen korleis eg hadde forsøkt å få henne til å forstå at ho burde betala, at det ikkje var berre berre å omgåst loven på denne måten.

Leigebuaren min tok det fint. Rett nok fekk ho eit aggressivt drag over augo kvar gong lisensrekninga kom i posten, men eg kunne i det minste opna døra og ta telefonen utan å bekymra meg.

Dette kunne sjølvsagt ikkje vara evig. Godjenta flytta og tok 14-tommaren, som ho no meinte rettmessig var hennar, og lisensen med seg.

Eg flytta etter kvart inn hos han som skulle bli ektemannen min. Han hadde heller aldri betalt lisens. Ganske tidleg gjorde han det klart at det ikkje dreia seg om pengar, men om prinsipp. Dette førde til ei rekke ubehagelege opplevingar. Og det toppa seg under OL i Nagano i 1998. Eg hadde sett på sendingar heile natta og var derfor ikkje oppe før i eitt-tida på dagen. Då venta eg besøk av ei venninne. Sidan eg ikkje hadde sett henne på lenge, var eg ekstra entusiastisk då eg ønskte henne velkommen i dørtelefonen. Der ute stod det inga venninne, men ein ny lisensmann frå NRK.

– Kom inn, sa eg like blidt og trykte på nøkkelknappen.
No var gode råd dyre. Fortvila forsøkte eg å vekka mannen min for å forklara han at dette var ei sak han måtte ta seg av.
– Det er du som har sleppt han inn. Du får ta deg av han.
Det var inga tid å krangla på. Dette måtte eg klara sjølv. Eg forsøkte å putta fjernsynet under sofaen, men sidan dette var lenge før flatskjermen si tid, gjekk det ikkje. Samstundes kunne eg høyra at lisensmannen framleis stod utanfor døra. Korleis skulle eg kunna forklara han at det tok så lang tid før eg opna?

Det var då eg kom på at eg kunne kle av meg. Då ville det sjå naturlig ut at eg var så sein.
Eg sprang inn på badet, kledde av meg og opna døra for kringkastingas utsende i berre trusene og med genseren over hovudet.
– Eg har ikkje stått opp enno, skjønar du, smilte eg og forklarte at eg hadde vore oppe heile natta.
– Sett på OL, då?
Eg nikka.

I staden for å servera historia om at eg kom frå ein antroposof-familie som ikkje såg på fjernsyn, gjekk eg altså rett i fella.
– Eg skal betala, sukka eg og merka med det same kor godt det kjendest.

Framleis har eg nokre venner som ikkje betaler lisens. Dei ser NRK på nettet. Då seier eg alltid at eg betaler lisensen min med glede. Og det er faktisk heilt sant.

Allmennkringkasting i en ny tid

NRK er en betydelig samfunns- og kulturinstitusjon i Norge.

Som resten av verden går Norge gjennom store medieendringer, og NRKs rammer vil bli revidert i 2015.

NRKbeta og NRK Ytring ønsker å tilrettelegge for en bred og opplyst debatt om allmennkringkasting i en ny tid. Det viktigste for oss har vært å finne de gode stemmene til å belyse hovedtemaene. Derfor har vi utfordret både NRK-tilhengere og -skeptikere med ulik bakgrunn – mediedirektører, tenåringer, politikere, forfattere og forskere fra Norge og verden utenfor – til å bidra til vår kronikkserie.

Tekstene vil bli publisert i løpet av april og mai 2015.

Publiserte tekster (oppdateres underveis):

16 kommentarer

    • Anders Hofseth (NRK) (svar til Tom)

      Hehe. Kan forsikre deg om at Selma er bedt om å skrive om sitt forhold til NRK-lisensen helt uten at vi ante hva hun kom til å svare. Det var selvfølgelig hyggelig for oss at hun betaler lisensen med glede, men det ante vi ikke da vi spurte henne (selv om vi muligens hadde statistikken på vår side – et stort flertall av befolkningen mener de får valuta for lisenspengene).

    • På tide å kutte ut lisensen og legge dette på statsbudsjettet og hente pengene inn via skattekortet. Da blir det til at alle betaler også blir det mindre sum pr pers.

  1. Kjetil Nesheim

    Jeg betaler ikke lisens og jeg har ikke TV. men det hindret ikke lisensmannen fra å føre meg opp etter tilsvarende spørsmål, slik at NRK begynte å sende krav og inkasso.
    Det tok flere år og ganske mange telefoner før jeg ble slettet igjen.

    Svar på denne kommentaren

    • Anders Hofseth (NRK) (svar til HC)

      Det er et samarbeidsprosjekt mellom de to redaksjonene.

  2. Mats Gullikstad

    Jeg betalte også lisensen min med glede, til jeg leste et intervju Dinside.no gjorde med leder for Lisensavdelingen (http://www.dinside.no/932593/hvordan-slippe-nrk-lisens):

    «Kringkastingsavgiften er ikke betaling for å se på NRKs sendinger, men en avgift for å ha fjernsynsmottaker, understreker Lysfjord i lisensavdelingen.»

    Min lisensglede var basert på at lisensen var betaling for å se NRKS sendinger. Men ettersom den viser seg å ikke være det, men betaling for å ha fjernsynsmottaker, syns jeg ikke lenger at det er riktig å betale lisens. I så fall burde lisenspengene fordeles på alle kanaler man får inn gjennom nevnte fjernsynsmottaker.

    Det er også rart at om man ser NRK på en tv, må man betale lisens, mens om man ser NRK på en pc, trenger man ikke å betale. Denne inkonsekvensen svekker dessverre tilliten til systemet.

    Svar på denne kommentaren

  3. finn grinderud

    Bor i utlandet
    Kobler opp med vpn norsk ip adresse for aa se paa norsk tv (koster 60 nok per maaned – amerikansk provider tror jeg)
    NRK er verdt aa betale for
    Skulle gjerne betalt for aa se paa NRK fra utlandet uten vpn – vpn gjoer det tregere
    NRK er garantert for aa gi kvalitet paa det vi ser
    Gidder ikke aa se paa hva som er paa lokalt tv – ikke samme kvalitet og innhold
    Ellers saa hoerer jeg paa NRK radio hver dag nesten – alt hva du oensker – av gammelt og nytt – snart 60 men liker fortsatt P3 og NRK1
    Mvh
    Finn

    Svar på denne kommentaren

  4. Dette er et klassisk tilfelle av Stockholm-syndromet. Selma: det er ingenting galt i å nekte å gi penger til NrK. Du har blitt utsatt for trusler og blitt trakassert av personer fra denne kriminelle organisasjonen, og til slutt har propagandaen virket og gitt deg en irrasjonell skyldfølelse og sympati overfor dine forfølgere. Enhver annen person eller organisasjon som hadde oppført seg som NrK, ville blitt forfulgt strafferettslig, men ennå har altså samfunnet et stykke å gå før dette skjer…

    Svar på denne kommentaren

  5. Det jeg reagerte mest på var igrunn ikke det med lisensen, men hvordan forfatteren tydeligvis synes det er greit å lyve og skyve problemene (og utgiftene) sine over på andre for å redde ansikt. Fri meg for sånne folk.

    Svar på denne kommentaren

  6. Lisens er greit nok i seg selv…

    Hvorfor har man ikke en modell hvor lisensen bakes inn i de allerede eksisterende abonnementspakkene vi uansett må betale for å kunne benytte apparatet??
    Denne arkaiske gestapo ordningen hører ingensteds hjemme, eneste forsvaret jeg kan komme på er at de få som er arbeidende lisensinnkrevere kanskje ikke kan omskoleres, og er statlige ansatte.

    Svar på denne kommentaren

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *. Les vår personvernserklæring for informasjon om hvilke data vi lagrer om deg som kommenterer.