Slik funkar NRKs valgomat

Kategorier: Journalistikk & NRK


NRK har fått mange spørsmål om korleis vi lagar valgomaten vår. Dette er eit forsøk på ei halvteknisk forklaring om algoritmar og korleis vektinga vår fungerer.

Ta heile valgomaten, eller berre partiduellen.

NRK laga den fyrste valgomaten til valet i 2003, og har laga ulike typar valgomatar til kvart einaste val sidan. Til kommunevalet i 2011 laga vi 429 ulike valgomatar: ein for kvar kommune i landet (ja – det var mykje jobb!).

Valgomaten er eit verkty som skal hjelpe nordmenn å orientere seg i det politiske landskapet. Ein valgomat kan sjølvsagt ikkje tenkje for deg, men vi håpar at valgomatane kan vere eit godt utgangspunkt for refleksjon.

Valgomatane blir mykje brukt: Ved førre val vart NRKs valgomatar teke éin million gongar. Vi reknar med å hamne på om lag same nivå i år.

NRKs valgomat er delt i to delar i år:

  1. Klassisk valgomat med påstandar der brukaren svarar med ein skala frå svært ueinig til svært einig. Fem av spørsmåla er tilpassa fylket brukaren bur i.
  2. Partiduell der brukaren går vidare med to parti. Partia har svart på heilt konkrete spørsmål. Dei fleste spørsmåla er spesialtilpassa kvar einaste partikombinasjon.

Vi er kanskje særleg stolte over partiduellen. Her prøver vi å vise fram den faktisk reelle skilnaden mellom to og to parti, slik at det skal bli lettare for brukarane å oppdage skilnadar som dei kanskje ikkje viste om. Duellen blir avslutta med videoar der partileiarane òg forklarar skilnadane på partia.

Vedteken partipolitikk

Valgomaten er basert på dei vedtekne partiprogramma til kvart parti, ikkje medieoppslag eller utsegner frå einskildpolitikarane.

Alle partia har gått gjennom påstandane og spørsmåla i valgomaten.

Breidde i tema, men…

Påstandane som er med i ein valgomat påverkar sjølvsagt sluttresultatet brukarane får opp. Difor er det viktig å ha så god breidde i påstandane som mogleg.

Men: I norsk politikk er det slik at (nesten) alle partia er samde om dei store trekka i politikken – trass i at det ikkje alltid kan verke slik. Det er lite poeng i å ta med spørsmål som alle partia er (nesten) samde om, eller der dei berre er ueinige om mindre detaljar. Slike detaljar blir ofte for intrikate til at det er mogleg å formidle dei på ein forståeleg måte til brukarane. Alle partia er f.eks. einige om at eldreomsorgen og skulen må bli betre, men dei har ulike oppskrifter på korleis dette skal skje.

Påstandane må òg skilje partia på ulike måtar. Mykje av usemja i norsk politikk fylgjer den klassiske høgre-venstre-aksa. Dersom alle påstandane var slik, ville det vore umogleg å gje brukaren råd om kva parti han bør røyste på innanfor kvar blokk.

Og til slutt må vi ta omsyn til at folk oftare seier seg einig enn ueinig i ein påstand. Det ser ut til at ein del av brukarane er tilbøyelege til «alltid» å seie ja. Då har det stor innverknad på sluttresultatet om vi skriv «Tigging må forbys» eller «Det må vere lov å tigge». Vi forsøker å ha annakvar formulering med slagside mot høgre og venstre, slik at resultatet til slutt skal bli så balansert som mogleg. Nokre av påstandane er relativt vanskelege å «snu», men med mykje språkvask og tenkjing har dei fleste fått ok form.

Det er fleire som er einige i ein påstand enn ueinige
Svært ueinig
20 %
2 576 143
Delvis uenig
20 %
2 597 571
Inga meining
10 %
1 359 803
Delvis einig
28 %
3 674 272
Svært einig
22 %
2 885 572

Vi har fått hjelp av bl.a. valforskar Bernt Aardal til å sjå på tema og breidde. Det er politisk journalist i NRK Nyheiter, Lars Nehru Sand, som har utforma dei fleste spørsmåla og hatt kontakten med partia. Dei lokale spørsmåla for kvart fylke er laga av NRKs distriktskontor.

Algoritmar og vekting

Det er fire element i algoritmane i den fyrste delen av valgomaten:

  1. Avstanden melllom brukaren og partia i kvar einskild påstand.
  2. Brukaren kan velje inntil fem påstandar som er særleg viktige. Desse får dobbel vekt.
  3. «Kven vil du ha som statsminister»: Jens/Erna/Ein annan/Veit ikkje. Jens/Erna gjev eitt prosentpoeng til kvar blokk.
  4. Brukaren sitt førehandsvalde parti får eitt prosentpoeng ekstra boost dersom dette og eit anna parti ligg likt til slutt.

Brukaren svarer på utsegner av typen «Tigging bør forbys». Skalaen er Svært ueinig (-2), Delvis ueinig (-1), Inga meining (0), Delvis enig (1), Svært einig (2). Partia har svart på dei same spørsmåla, med tilsvarande verdiar.

Når brukaren tek stilling til kvar påstand, blir det rekna ut avstand mellom brukaren og alle partia. Dersom brukaren svarar Inga meining (0) blir ikkje påstanden teke med i utrekninga. Det blir heller ikkje rekna avstand for parti som svarar Inga meining.

Eksempel: Påstanden «Tigging bør forbys», og brukaren svarar «Svært einig» (2):

Parti Partistandpunkt Avstand
Ap 1 Delvis einig 1
SV -2 Svært ueinig 4
Sp 2 Svært einig 0
KrF -2 Svært ueinig 4
V -2 Svært ueinig 4
H 2 Svært einig 0
FrP 2 Svært einig 0
R -2 Svært ueinig 4
MDG -2 Svært ueinig 4

Svara blir lagra undervegs, og avstanden til kvart parti blir rekna ut fortløpande. Vi lagrar ingen informasjon som kan identifisere brukaren (IP-adresse e.l.).

Mot slutten av fyrste del av valgomaten kan brukaren velje inntil fem påstandar som er særleg viktige for han. Desse påstandane får då dobbel vekt i utrekninga.

Flest Høgre- og Ap-folk som har teke valgomaten
H 25 %
Ap 22 %
Usikker 13 %
Frp 10 %
V 8 %
SV 6 %
MDG 5 %
KrF 4 %
Sp 4 %
R 3 %
Pirat 1 %
Parti som er med i topp 3 etter fyrste del av valgomaten
Frp 47 %
H 46 %
Ap 39 %
V 36 %
KrF 35 %
Sp 34 %
MDG 22 %
R 21 %
SV 18 %

Før valgomaten startar spør vi brukaren om kva parti han trur han kjem til å røyste på. Fordelinga ser du i tabellen over til høgre.

Brukaren kan velje mellom alle partia som stiller liste i kvart fylke (det er til saman 21 parti som stiller lister i år). Partia Dei Kristne, Demokratane i Noreg, Det Liberale Folkepartiet, Folkelista mot oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja, Folkemakta, Kristent Samlingsparti, Kystpartiet, Noregs Kommunistiske Parti, Pensjonistpartiet, Piratpartiet, Samfunnspartiet, Sjukehus til Alta har alle blitt valde av mindre enn 4 promille av brukarane.

Det er altså flest brukarar frå borgarleg side som har teke NRKs valgomat hittil i år. Det påverkar sjølvsagt resultatet som du ser i tabellen til venstre.

Frp kjem langt betre ut i valgomaten enn det ein skulle tru ut i frå kva brukarane har sagt at dei trur dei kjem til å røyste på.

Partiduellen

Vanlege partikombinasjonar i duellen
Parti 1 Parti 2 Andel
H Frp 23%
Ap H 10%
Ap Sp 6%
V H 6%
R SV 5%
SV Ap 4%
KrF V 4%
KrF H 3%
Sp MDG 3%
Ap V 3%
Sp KrF 3%
R MDG 3%

Midtvegs i valgomaten får brukaren sjå ei liste med prosentscore per parti, og kan gå vidare til partiduellen med to av desse partia.

60-70 prosent av brukarane går vidare til partiduellen etter å ha avslutta den fyrste delen av valgomaten. Brukaren kan sjølv velje kva parti han vil gå vidare med.

Partiduellen er svært enkel: Her har partia svart på spørsmål i tekst. Brukaren klikkar på svaret han har størst tiltru til. Partinamnet er synleg heile vegen.

Det er laga totalt 36 ulike duellar, med sju spesiallaga og fem faste spørsmål for kvar partikombinasjon. Duellen opnar for å stille spørsmål om meir enn berre saker som skiljer mellom partia. Når alle partia er samde om å satse på læraren og vegutbygging, kan vi be deg velje korleis dette bør skje. Spørsmåla i f.eks. duellen Høgre / Frp er valde ut for å vise skilnaden mellom desse to partia så godt som mogleg.

Mer om duellene: Totalt 36 ulike dueller er matet inn i valgomaten, med syv spesialutviklede og fem faste spørsmål. Duellene åpner opp for å stille spørsmål om mer enn bare saker som skiller mellom partiene. Når alle partier er enige om å satse på læreren eller veibygging, kan vi be deg velge hvordan dette bør skje.

Utfordringar og problem med valgomatar

Nesten alle valgomatar slit med same problem: Småpartia og ytterfløypartia kjem for godt ut samanlikna med valresultata. Det blir heller ikkje teke omsyn til folks tillit til kvart parti, historikk og valløfter.

I år har NRK forsøkt å ta høgde for dette ved å lage ein partiduell med synlege partinamn som siste del av valgomaten. Dette er nok ikkje ei heilt fullgod løysing, og vi kunne sikkert løyst dette på ein betre måte. Kom gjerne med innspel til korleis vi kunne løyst det betre, så kan vi lage ein endå betre valgomat til kommunevalet om to år.

Kva slags råd får brukarane?

NRK har vald å ikkje offentleggjere resultata av valgomaten fortløpande. Andre medier, f.eks. Aftenposten, offentleggjer kva parti som ligg på topp i deira valgomat.

Vi i NRK var usikre på om vi skulle ha kontinuerleg offentleggjering av resultata i valgomaten vår i år eller ikkje, men landa på å ikkje gjere det. Vi har dekt resultata fortløpande i redaksjonelle artiklar gjennom heile sumaren og no i sluttspurten av valkampen.

Årsaka er at mange tolkar desse resultata som om dei var meiningsmålingar. I sumar har vi bl.a. sett oppslag av typen «40 prosent av unge kvinner vurderer å røyste på Dei Grøne», basert på Aftenpostens valgomat.

Resultata frå ein valgomat er ikkje ei meiningsmåling, og NRK ynskjer ikkje å vere ein politisk aktør. Difor offentleggjer vi ikkje resultata fortløpande, men skriv bl.a. denne saka om korleis algoritmane våre virkar i tillegg til at vi offentleggjer resultata i artiklar.

Kvifor er ikkje dei aller minste partia med?

Det stiller 21 parti til val i år: Arbeidarpartiet, Dei Kristne, Demokratane i Noreg, Det Liberale Folkepartiet, Folkelista mot oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja, Folkemakta, Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti, Kristent Samlingsparti, Kystpartiet, Miljøpartiet Dei Grøne, Noregs Kommunistiske Parti, Pensjonistpartiet, Piratpartiet, Raudt, Samfunnspartiet, Senterpartiet, Sjukehus til Alta, Sosialistisk Venstreparti og Venstre.

NRK har vald å ta med partia som er på Stortinget i dag + Raudt og Dei Grøne. Dette er partia som i fylgje meiningsmålingane har ein reell sjanse til å kome inn på Stortinget i år. Dei andre partia blir dekt redaksjonelt, gjennom resultatlister o.s.v.

Slik svarar brukarane på påstandane

Her er eit utdrag av korleis brukarane har svart på dei nasjonale spørsmåla i valgomaten (vi droppa dei lokale i denne omgangen fordi tabellen hadde blitt 100 radar lengre…).

Svært uenig Delvis uenig Ingen mening Delvis enig Svært enig
Elever i grunnskolen må få karakterer og flere prøver. 33% 23% 7% 24% 13%
Kristne verdier og tradisjoner må spille en større rolle i samfunnet. 35% 20% 12% 21% 13%
Havområdene utenfor Lofoten/Vesterålen/Senja bør utredes for fremtidig oljeleting. 26% 17% 10% 28% 20%
Reglene for overtid, arbeid på helligdager og nattarbeid må mykes opp. 18% 22% 9% 33% 18%
Det må bli lettere for private kommersielle selskaper å drive sykehjem på det offentliges regning. 22% 19% 8% 31% 20%
EØS-avtalen styrer i dag for mye av norsk politikk og bør sies opp eller reforhandles. 14% 19% 17% 30% 21%
Kontantstøtten til foreldre som er hjemme med ettåringer, må fjernes. 29% 23% 10% 18% 20%
Asylbarn som har bodd store deler av livet i Norge må få opphold, selv om mor og/eller far er her ulovlig. 18% 19% 5% 32% 25%
Alle gravide må få tilbud om tidlig ultralyd på det offentliges regning. 11% 15% 10% 29% 34%
I den økonomiske situasjonen Norge er i nå, bør det bli lavere skatter og avgifter. 23% 27% 6% 26% 19%
Kommuner bør ikke kunne hindre kommunesammenslåing. 13% 21% 14% 31% 21%
Norge bør dreie u-hjelpen bort fra tradisjonell bistand og mer over på handel. 3% 10% 9% 45% 32%
Politiet må få lagre brukerdata om nordmenns nettbruk til bruk i etterforskning (Datalagringsdirektivet). 24% 20% 7% 32% 17%
Det er en viktig statlig oppgave å bruke mer penger på teater, opera og annen scenekunst regionalt og nasjonalt enn i dag 18% 28% 15% 27% 13%
En omlegging av norsk matproduksjon i retning av store enheter og en sentralisering for å gjøre landbruket mindre avhengig av statlig støtte må forhindres. 13% 24% 15% 28% 20%
Forbudet mot salg av vin i dagligvarebutikker må fortsette som i dag 24% 23% 4% 21% 28%
Man må ikke la det offentlige og private samarbeide om finansieringen av nye veier fordi flere skattepenger da vil gå til renteutgifter. 15% 27% 22% 23% 13%

Kva kunne vi gjort betre?

Vi har mange idear til ting vi kunne gjort betre, men har lyst på innspel slik at valgomaten i 2015 kan bli heilt fantastisk!

Kva tenkjer du? (eg er imponert over at du har orka å lese så langt som dette!)

22 kommentarer

  1. En ting jeg fant utrolig irriterende var at når jeg var ferdig med valgomaten og ville se en «duell» med en annen som motstander måtte jeg begynne helt fra starten, istedefor å hoppe tilbake til der en valgte motstandere. Syntes det var en ganske opplagt funksjon fra en kommunikasjonsdesigners perspektiv. Og om det faktisk var en slik mulighet så gikk jeg glipp av den.

    Svar på denne kommentaren

  2. Harald Korneliussen

    Takk, dette er den beste forklaringen så langt. Men det er fortsatt noe viktig som mangler.

    I eksempelet over, har dere avslørt hvordan dere vekter påstander mot forskjellige partier i spørsmålet «tigging bør forbys». Jeg antar at det er etter eget skjønn, evt. med hjelp fra eksperter som Bernt Aardal at dere har avgjort at AP bare er litt villig til å forby tigging mens SP er veldig villig.

    Det er greit nok, så lenge dere er åpne om at det er deres kvalitative vurdering. Men dere bør publisere tilsvarende tabeller for alle spørsmålene. Det kan tenkes at det har sneket seg inn noen urimelige vurderinger her – i alle fall må folk ha anledning til å sjekke det.

    Neste gang bør dere kanskje vurdere å utarbeide vektene ikke på skjønn, men ved å gi akkurat samme spørsmål til politikere. La SP avgjøre selv om de er litt mot tigging eller veldig mot tigging.

    Det er veldig prisverdig at dere har tatt hensyn til enig-effekten. Chris Lightfoot (som jeg alltid lovpriser i disse sammenhenger, fred være med ham) løste det ved å la et spørsmål ha en positiv og en negativ form, og å velge det tilfeldig for hver quiz – dere har så vidt jeg forstår valgt et fast alternativ hver gang, det er bra men kunne vært bedre. Rekkefølgen på spørsmålene er også viktig, siden enig-effekten er sterkere dersom testtaker har svart enig på flere påfølgende spørsmål. Derfor bør den også trekkes tilfeldig hver gang testen tas.

    Angående hvilke partier som inkluderes: Det er best å ikke benytte meningsmålinger til dette, siden folks inntrykk av hva som er realistisk er med på å bestemme hva som er realistisk. Det ville vært bedre å trekke grensen enten ved partier som er inne på stortinget nå (da ville RV og MdG falt ut), eller alle som stiller lister i alle fylker (da ville De Kristne, Demokratene og Piratpartiet kommet inn)

    Misforstå ikke denne kritikken: Dere gjør mye bedre enn alle andre på dette området allerede.

    Svar på denne kommentaren

    • Hei!

      Alle partia har svart på påstandane og spørsmåla sjølv (sjølvsagt!). Vi sit ikkje og diktar opp partipolitikken 🙂

      I artikkelen skreiv eg dette:

      Vedteken partipolitikk

      Valgomaten er basert på dei vedtekne partiprogramma til kvart parti, ikkje medieoppslag eller utsegner frå einskildpolitikarane.

      Alle partia har gått gjennom påstandane og spørsmåla i valgomaten.

      Eg skal få lagt ut alle vektingane ein av dei nærmaste dagane. Eg såg ikkje heilt for meg korleis ein gigatabell med 150 radar og 10 kolonnar kunne passe inn i akkurat denne artikkelen (som vel er meir enn lang nok frå før…).

      Når det gjeld kva parti som er med og ikkje: Etter at Oslo fekk to fleire stortingsrepresentantar i år er det god sjanse for at MDG og R kjem inn på Stortinget. Då meinte vi at det var urimeleg å utelukke desse. Eg forstår kritikken din, men vi vurderte altså dette annleis.

      Takk for skryt!

  3. Glorie-effekten.

    I denne valgkampen har jeg blitt veldig oppmerksom på Glorie-effekten (halo-effect) og comformation-bias. Når jeg liker en partileder, vil alt personen sier virke riktig, og det motstanderen sier vil virke dumt. Jeg kunne tenkt meg en duell hvor man ikke ser hvem som sier hva for å motvirke disse to effektene.

    Svar på denne kommentaren

    • Eg tenkjer sjølv at det er mange måtar å vere open på, og at det ikkje er sikkert at Andreas Wiese har rett i at det å offentleggjere resultata slik Aftenposten har gjort det er det einaste rette. Dagbladet sjølv offentleggjorde ikkje resultata av sin eigen valgomat før det hadde gått lang tid (og Wiese venta med å lange ut mot oss til dei hadde lagt ut eigne resultat).

      Vi har offentleggjort resultata fortløpande i redaksjonelle artiklar heile vegen, og forsøker å vere så opne som mogleg om korleis valgomaten virkar.

      Vurderinga vi gjorde då vi landa på å ikkje offentleggjere resultata «maskinelt» var at vi ikkje ville leggje til rette for at valgomaten blir sett på som ei meiningsmåling.

      Eg trur at vi kanskje er mediehuset som har lagt ned mest arbeid i valgomaten vår, og er stolt over både resultatet og bruken av valgomaten.

  4. «En omlegging av norsk matproduksjon i retning av store enheter og en sentralisering for å gjøre landbruket mindre avhengig av statlig støtte må forhindres.» Jeg måtte lese dette utsagnet flere ganger før jeg skjønte det.

    Svar på denne kommentaren

    • Ja, dette er nok den dårlegaste formuleringa vår: Det var vanskeleg å formulere dette spørsmålet slik at det fangar opp dei politiske motsetnadane. Sjå avsnittet om at fleire er einige enn ueinige i eit spørsmål.

  5. Jeg brukte valgomaten for en tid siden og fikk til slutt en duell mellom de to partiene som jeg vipper mellom. Men ved første spørsmål i duellen gav jeg opp. Det var ikke mulig å se hva som var forskjellen i innhold på de to partienes utsagn (vel, jeg klarte det i hvert fall ikke) og jeg kunne ikke (det jeg så) si at «her ser jeg ingen forskjell». Det var kanskje marginale forskjeller, men i og med at partinavnene var synlige, ville kunnskapen om hvilket parti som sa hva telle vel så mye som disse forskjellene.

    Konkrete anbefalinger:
    * Gi en «vet ikke» mulighet også i duell – det kan være at det ikke er noen synlig forskjell eller at det ligger i et område man ikke har noen nevneverdig meniger om
    * Ikke vis partinavn i duell. (ja jeg ser argumentene over, men er ikke enig)

    Svar på denne kommentaren

    • Gode framlegg!

      Vi har pressa partia ein del for at dei skal svare tydelegare og på ein måte som gjer at det er mogleg å sjå skilnadane mellom partia. Vi lukkast ikkje i alle tilfella… 🙂

  6. Eg tykkjer denne valgomaten var både misvisande og full av heilt uinteressante saker. Og kvifor tek han ikkje omsyn til kva partia faktisk har stemt i ulike saker? Og kvifor ser han ut som ei reprise av forrige val? Heile dekninga til NRK gjer det. Det er ingen som hadde lagt merke til det om de køyrde valsendingane frå 2009 i reprise, og det trass i at det har skjedd veldig mykje viktig dei siste fire åra.

    Eg sette personvern som einaste viktige sak. Til slutt vart eg presentert for to parti som begge har stemt for meir hemmeleg politi, privatpolitiparagraven i ånsdverkslova som tillet private å drive konsesjonsfri overvaking av internett-brukarar, og dessutan sensur av politisk ulydnad på nettet! Korleis kan ein valomat villeie brukarane slik? Om dette var dei einaste partia i verda og det var stemmeplikt, ville eg heller kasta meg i havet enn å stemme på dei.

    Den einaste kultursaka handlar om statleg støtte til kultur!? Kultur er òg viktig for meg, men statleg støtte er eg heilt agnostisk til. Det må då gå an å finne betre kultursaker enn det. Skal til dømes Noreg gå inn for å utvide opphavsretten på lydopptak frå 50 til 70 år, slik Regjeringa ynskjer? Det fører m.a. til at opptaket av «I Have a Dream»-tala til Martin Luther King vert underlagt opphavsrett i 20 år til, og dei som lastar ned tala frå nettet kan både bøteleggjast og overvakast konsesjonsfritt av private.

    Kraftnettet? Det har vore den viktigaste saka i nyhendene i månadsvis i den siste Stortingsperioden, og er ikkje nemnt. Kvar husstand i Noreg skal betale 2000 kroner i året i subsidiar til Hydro for at dei flyttar aluminiumsproduksjon frå Høyamnger og Årdal til Sunndalsøra. Det er det kraftlina kostar, og Hydro i Sunndalsøra står åleine for halvparten av straumforbruket i Møre og Romsdal. Dei betaler berre ein symbolsk sum i nettleige. Kraftlina er det vanlege folk og verksemder som må betale for. I tillegg legg dei lina gjennom eit naturreservat. Er det rett at vanlege folk skal subsidiere industrien som sjølv har valt å flytte ein stad der det ikkje er straum nok? For meg er det ei viktig sak, men ikkje nemnt i valomaten.

    Demokrati? «Mer åpenhet og mer demokrati» sa Jens Stoltenberg etter 22. juli. Sidan den tid har vi berre sett det stikk motsette. Meir overvaking, meir hemmeleg politi, meir sensur, osv. Vil vi ha politikarar som spring frå slike lovnadar? Dette har vore ei høgaktuell sak, sitert ofte på NRK og i media over heile verda, og når politikarane gjer det motsette vert det fullstendig ignorert av både media og valomatar.

    «Månelanding»? Eit gigantisk prosjekt med ein gigantisk prislapp. Framheva av Regjeringa gjennom 8 år. Fullstendig ignorert i valkampen. Ikkje nemnt i valgomaten. Etter mi meining syner berre ordvalet ei skammeleg mangel på respekt for det fantastiske prosjektet Apollo-ferdene var, men det er kanskje endå dummare når stadig fleire land i verda har fungerande anlegg for CO2-oppsamling og lagring frå både gass- og kolkraftverk. No fortonar det seg meir som ein skitur over Grønland. Då meinar eg ikkje øya Grønland.

    Valgomaten kunne vore god den, om han berre hadde eit interessant utval av saker og var oppdatert på kva som har skjedd sidan forrige Stortingsval og valet før det.

    Svar på denne kommentaren

    • Hei!

      Valgomaten tek sjølvsagt omsyn til kva partia har stemt – dei stemmer jo (stort sett) i samsvar med det som er vedteken partipolitikk.

      Eg er samd med deg i at alle sakene du nemner er viktige. Men: Partia er samde om dei aller fleste av dei, eller det er saker som fylgjer skiljelinene i andre spørsmål.

      Vi er avhengige av å finne tema som både er viktige i samfunnet, som skiljer partia på ulike måtar og der partia faktisk er usamde (og det fordrar sjølvsagt at dei fleste partia har teke stilling til eit spørsmål før vi kan bruke det).

      Eg tykkjer innfallsvinkelen din er veldig god. Vi tek gjerne mot råd om korleis vi kan lage valgomaten annleis til neste val, slik at vi famnar om slike spørsmål òg. Slik det er no er det mange spørsmål som ikkje blir teke med av grunnane eg har nemnd over.

      Ha ein fin dag!

  7. Det er ulike meiningar i dei sakene eg nemnde. Og ikkje minst skal ein valomat setje partia til veggs når dei stemmer motsett av programmet. Då kan dei ikkje litast på i den typen saker, og bør få lågaste score uansett kva dei hevdar å vere for eller mot. Alle parti utanom KrF hevdar at dei er mot sensur av internett, men berre Venstre stemte mot då saka var oppe i Stortinget. Men eg har lyst til å nemne fleire saker.

    Tema menneskerettar og grunnlova:

    Den sitjande regjeringa tykkjer det er heilt i orden at USA bryt menneskerettane gjennom overvaking av norske borgarar, og vil ikkje reagere på det. Kanskje valomaten bør få fram kva menneskerettar partia støttar og ikkje?

    Fleire parti har uttalt at Edward Snowden ikkje bør få politisk asyl i Noreg sjølv om han både risikerer tortur (som Bradley Manning vart utsett for) og dødsstraff (Bradley Manning vart tiltalt etter ein paragraf med dødsstraff, men vart heldigvis frikjent for brot på den) i heimlandet. Det er i strid med menneskerettane og Den europeiske menneskerettsfråsegna å nekte politisk asyl i slike tilfelle. I alle fall utan garantiar frå heimlandet om at han ikkje vil verte utsett for tortur eller risikere dødsstraff der. Dermed har vi eit godt grunnlag for å skilje partia når det gjeld asylrett. Skal fare for tortur og dødsstraff i heimlandet gi rett til politisk asyl eller ikkje?

    Stortinget har ved fleire høve gjeve lover attendeverkande kraft, noko som er i strid med Grunnlova, og Høgsterett har sett lovene til sides. I alle tilfella har eit mindretal stemt mot dei grunnlovsstridige lovene. Skal vi ha respekt for Grunnlova eller ikkje? Det er gjennom Grunnlova vi har bunde oss til å fylgje menneskerettane, so eit stort fleirtal av partia ser på Grunnlova som noko ein pyntar seg med på 17. mai, og ikkje meir enn det, men det finst unnatak.

    For meg står dette som hakket viktigare enn vin i butikkar og kontantstøtte. Men det verkar som NRK berre har snudd bunken i denne valkampen, og ikkje vil ta opp aktuelle eller overordna tema.

    Svar på denne kommentaren

  8. Det at de aller fleste er positive til påstandene er ikke så rart. De fleste forslagene som blir foreslått av politikere er jo i utgangspunktet ment å gi positive effekter. Sånn for min egen del så hadde jeg ikke hatt noe imot billigere sprit, lavere skatt, fete motorveier osv. Men det er konsekvensene av disse som gjør at jeg alikevell ikke ønsker de.
    Derfor: Hva med å supplementere påstandene med litt saksinfo. Enten en «Mulige negative effekter», eller en kanskje mer balansert liste med «Fordeler/Ulemper».

    Mange av de som stoler på valgomater er unge og usikre velgere, ofte er de usikre på grunn av manglende informasjon. Om dere hadde skrevet en redaksjonell, objektiv beskrivelse av sakene med argumenter fra begge sidene så tror jeg politikken hadde blitt mer forståelig, og resultatene blitt mer riktige i forhold til hva folk faktisk ønsker på lang sikt.

    Svar på denne kommentaren

    • Godt poeng 🙂

      Vi har forsøkt å skrive om fordelar og ulemper ved kvar påstand i forklaringsteksten som du finn inne i valgomaten. Det kunne sikkert vore laga som lister og vore langt meir strukturert; det er eit godt framlegg!

  9. Takker for super valgomat.

    Hadde det vore mogleg å laga slidere for kvart parti etter kvart spørsmål ala

    Rått Parti xxxxxx
    Sjakkparti xxxx
    .
    .
    kor partinamna første gong ein tek testen er usynlege og dersom ein tek testen ei gong til får ein valg om partinamna skal vere synlege under testen.

    Ein vil då sjå kva parti som er for og mot spesifikke saker direkte.

    Svar på denne kommentaren

  10. Jeg synes dere har gjort en kjempejobb. Jeg liker godt at dere ber respondenten om å oppgi hvilke saker som er viktigst.
    Jeg mener dere bør vurdere å endre ordlyden i skalaen hvor dere ber om at det velges ‘delvis enig’ og ‘delvis uenig’. En person som er 80% enig i et utsagn er like fullt ‘delvis uenig’. Erfaringsmessig tvinger utsagn som ‘mest enig’ og ‘mest uenig’ respondenten til å velge.

    Svar på denne kommentaren

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *. Les vår personvernserklæring for informasjon om hvilke data vi lagrer om deg som kommenterer.