nrk.no

Marissa Mayer: Location, location, location!

Kategorier: Konferanser og messer & Mobil

Google Maps Navigation Street View
Google Maps Navigation Street View

Når Google pratar, har folk ein tendens til å høyre etter. Dagens foredrag her på SXSW vart ikkje unntaket. Marissa Mayer, Googles «head of mobile and geolocation», gjekk i dag på scena med litt informasjon oppdateringer om Googles stadsbaserte tenester.

Marissa Mayer
Marissa Mayer på scena - SXSW 2011

«Augmented reality er ikkje framtida»

Marissa Mayer trur ikkje augmented reality, som vi kjenner det i dag, er den neste store greia. I staden har Mayer trua på noko som ho liker å kalle «contextual discovery».

Kva er relevant for deg, akkurat no?

Contextual discovery handlar om akkurat dette: Kva er det du bør vite der du er no?

Mayer illustrerer denne tanken med si eiga reiseruta til Austin. I ein perfekt verden burde telefonen vite kva for slags fly ho burde ta for å komme fram i tide til å holde foredraget. Den burde også gje ho informasjon om veret i Austin gjennom opphaldet, slik at ho fekk pakka mest effektivt. Den burde óg fortelje korleis trafikken frå og til flyplassen er, slik at ho kan forlate leiligheita si på eit passande tidspunkt.

Dette meiner Mayer vi kjem til å sjå mykje meir av framover. Einingar som er klar over kor du er, kva du skal, og kva du bør få av informasjon relatert til det.

Bruksmønster for Google Maps

Ei av dei større kunngjeringane Mayer kom med, var at bruken av Google Maps på mobile einingar passerte 40% av den totale bruken i 2010. Gjennom jula var bruken over 50%, og totalt sett er det 150 million aktive brukarar av Google Maps på mobile einingar – ei auke på 50% sidan august i fjor.

Den siste versjonen av «Google Maps for Mobile», versjon fem, har nokre forbetringar som gjer produktet særs bedre:

Frå bitmap til vector

Google Maps har fram til versjon fem levert deg kart i form av bildefragment (tiles). Sjølv om bildekomprimeringsteknologien har vorte mykje betre sidan BMP-formatet vart oppfunne, er det fortsatt fordelaktig å lagre former og data som klartekst.

Google Maps v5 har teke steget over til vektoriserte former, noko som fører til at produktet er veldig mykje kjappare. Vi fekk ein live-demo på scena, der verten gav oss ein virtuell rundtur på Manhattan, over 3G.

Kart-oppdateringsfrekvensen var heilt enormt mykje kjappare enn eg klarer med min iPhone 4, sjølv over wifi. 3D-rendering er óg inkludert i versjon fem, og det var ganske så stilig å sjå korleis demonstratøren på scena navigerte seg rundt Times Square på Android-dingsen sin.
Her har vi definitivt noko å sjå fram til!

Google Maps + Navigation = Kjempesuksess

Google Maps Navigation Street View
Google Maps Navigation Street View

Ei anna teneste Google tilbyr er turn-by-turn navigation. Mayer forklarer at dette er eit kjempepopulært produkt, utan å gje nokre absolutte tal over aktive brukarar. Ho nemner derimot at Google Maps Navigation får seg ein køyretur på 35 million miles (rundt 56 million km) kvar einaste dag, som resulterer i den nette sum av 12 milliardar miles (19 milliardar km) per år.

Street View er den mest brukte funksjonen i Google Maps Navigation, kor du får køyreruta som eit lag oppe på bileta teken av Google-bilen.

Creative Commons

Mot slutten av foredraget kom det eit spørsmål frå salen. Ein ung kar lurte på kvifor han ikkje kunne leggje ut kartrutene sine under ein Creative Commons-lisens. Marissa Mayer blei tilsynelatande litt satt ut, og lovte rett ut at det skulle dei ordne opp i så snart som mogleg. Og dette syns vi i NRKbeta er eit godt bilete på Googles kultur: Data som du legg inn i systemet skal vere ditt, og du skal kunne gjere akkurat kva du vil med det. Og viss dette mot all forventning ikkje skulle stemme i eit av deira produkt, blir det ordna opp i ganske kjapt.

5 kommentarer

    • Ole K (svar til Simon)

      Støtter opp om dette! Dere som er på SXSW: få tak i første og beste Google-ansatt dere kommer over, rist godt i dem og spør om det finnes en eneste fornuftig grunn til at Google Navigation ikke er tilgjengelig her i landet.

      Det bør iallfall ikke noen tekniske årsaker til dette. Litt forenklet er Google Navigation bare en «tiltet» visning av Google Maps. Det finnes også modifiserte/crackete versjoner av Google Maps man kan installere på Android-telefonen sin, og her skal visstnok Navigation fungere helt ypperlig i alle land.

    • Espen (svar til Ole K)

      Grunnen er nok lisens på kartdata. Såvidt jeg kjenner til bruker Google fortsatt TeleAtlas data i Norge. I USA kjører de sine egne data og kan dermed bruke de akkurat som de vil. Og TeleAtlas er igjen eid av Tom Tom så det er ikke sikkert at de ønsker at Google skal ha gratis(til sluttbruker) navigasjon i samme marked som Tom Tom selger GPS’er.

  1. Erik Bolstad

    I USA er så og seie alle geografiske data opne og fritt tilgjengelege. Staten samlar inn geografiske data, og delar desse tilnærma fritt med kommersielle aktørar som Google. Slike datagrunnlag er bl.a. tilgjengeleg på http://www.data.gov

    I Noreg har Kartverket så vidt byrja frigje nokre få data, men det er langt att før det er like mykje frie data som i USA. Eg vil tru at det vil skje mykje i åra som kjem, slik at Google og andre kan bruke autoriserte høgkvalitetsdata frå Kartverket i staden for Teleatlas-data med mykje feil og manglar.

    Svar på denne kommentaren

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *. Les vår personvernserklæring for informasjon om hvilke data vi lagrer om deg som kommenterer.