nrk.no

Internett i utdanningssystema

Kategori: Gjestebloggere


Dette er en artikkel av en av NRKbetas gjestebloggere!

Andreas Hadsel Opsvik er 19 år, studerer sammenlignende politikk ved Universitetet i Bergen, men interesserar seg og sterkt for webdesign og webutvikling. Han skriver vanligvis på tanketom.net.

What do you see? U. C. Berkeley!

University of California, Berkeley (UCB) er for enkelte nordmenn kanskje mest kjent som skulen der heile Noreg sin «kromp» har teke utdanninga si, men dei har mykje anna på lager også. UCB har hatt ein kanal på Youtube sidan mai 2006, men den 3. oktober gjekk utdanningsinstitusjonen ut og annonserte at dei skulle legge store delar av sitt opptekne videomateriale på YouTube.

Universitetet, som har hatt videoleksjonar online sidan 2001 (Stort sett på Google Video etter kvart), og podcastar sidan 2006, hevdar å vere det første universitetet som har fullstendige studium i onlineversjon. Og me trur dei gjerne! I skrivande stund har UBC litt over 200 videoar liggande ute, dei fleste i rundt ein time lange.

Det går mest i realfag og informatikk (foreløbig?), noko som kan vere litt tørt for dei uinvidde, men det er nokre som absolutt er verdt å få med seg. Til dømes Googleskapar Sergey Brin sin leksjon om søkemotorar, «Search, Google and Life», frå 2005.

Som nevnt er ikkje dette Berkeley sitt første steg ut i IT-verda, og heller ikkje amerikanske universitet generelt. Harvard starta i fjor haust eit fag i Second Life som omhandlar retorikk og ytringar på internett:

Secondlife

Undervisning i Second Life – bilde av John Lester

Eg avsluttar med Ross Miller i Joystiq sine tankar rundt dette;

…how about a sociological study of behavior in World of Warcraft?

Andreas Eide, anyone? Nei, kanskje ikkje..

1 kommentar

Legg igjen en kommentar til Flere WoW-spillere enn bønder Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *. Les vår personvernserklæring for informasjon om hvilke data vi lagrer om deg som kommenterer.