nrk.no

Finn påskeegga i NRK TV

Kategori: NRKTV

Påskeegg
Foto: janherbert @ flickr

Vi har gøymd tre Easter eggs (ikkje vanlege påskeegg, altså) i NRK TV. Den fyrste som finn alle egga vinn eit jobbintervju!

For å vere heilt tydeleg: Det er ikkje vanlege, fysiske egg vi har gøymd. Wikipedia forklarer Easter eggs slik:

Påskeegg, på engelsk ofte kalt Easter eggs, viser til en gjemt og ofte uventet funksjonalitet i dataspill, nettsider, programvare og DVDer. Det er lagt inn av utviklerne som en form for humor, med beskjeder, interne spøker, referanser og overraskelser og er ofte vanskelig å finne. Påskeegg kan også finnes i andre medier, som film.

Den fyrste som finn alle egga får eit jobbintervju

Dersom du finn alle egga som ligg gøymd i koden vil vi gjerne ta ein prat med deg! Kanskje du har lyst til å jobbe med grensesnittutvikling i NRK?

Dersom du ikkje har lyst til å kome på eit jobbintervju hos oss får du eit fysisk, tradisjonelt påskeegg som premie i staden.

Det er altså ingen grunn til å ikkje starte eggjakta: Du vinn noko uansett!  🙂

Hint

Det er fleire påskeegg gøymd i koden vår. Alle er heilt tydelege Easter eggs: Det skjer noko med visninga av nettsida etter at du har gjort ei bestemt handling. Alle egga er unyttige.

Det er altså ikkje vanlege bugs det er snakk om; det er påskeegg som er planta der med vilje.

Egga er ikkje  vanskelege å finne: Vi har ikkje gjort noko for å skjule dei (dette er altså ikkje ein konkurranse i å knekke krypteringskodar e.l.), men du må nok leite relativt grundig gjennom tv.nrk.no!

Slik sender du inn svar

Når du finn egga kan du sende ein epost til egg@nrk.no. Du må ha ei komplett liste over egga og korleis dei blir aktiviserte. Les hinta over grundig.

Vi kontaktar den fyrste som har alt rett. Du får ikkje svar dersom du har feil.

Ikkje skriv svaret i kommentarfeltet under!  🙂

Skriv om du har lyst på jobbintervju eller fysisk påskeegg i premie (om du ikkje er grensesnittutviklar får du påskeegg).

God jakt og god påske!

Oppdatering 20. mars kl 20:30: Vi har fått inn fleire rette svar på e-post no; så no er det lov til å dele løysingane i kommentarfeltet!  🙂

Vinnaren får svar frå oss i morgon!

2 kommentarer

  1. Jeg fant bare to stk i farten her, jeg:

    1. Skriv inn «påske» for et ras av påskeegg i fanget.
    2. Skriv inn «old» for å sette inn en gammeldags ramme rundt video-avspilleren.

    Den siste får noen andre ta, men jeg tipper på at det har med tekst-tv å gjøre (etter filen ttv.js i init.min.js) …

    Svar på denne kommentaren

  2. Tror jeg jukset litt ettersom jeg skrev inn i consolen for å få de forskjellige tingene til å skje.

    $LAB.load(«eggs.easter», function() { }) // paske i søkevinduet
    $LAB.load(«eggs.oldtv», function() { }) // old i søkevinduet
    $LAB.load(«eggs.shortcuts», function() { }) // sc i søkevinduet. Gjør at man kan trykke ctrl + piltast for å spole i video (hold inne shift knappen også for å spole 5min frem i tid

    jaja, sånt skjer da man gjør ting mens man er på jobb. Da er man ikke oppmerksom nok 😉

    Svar på denne kommentaren

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *. Les vår personvernserklæring for informasjon om hvilke data vi lagrer om deg som kommenterer.