nrk.no

Flybillettar på nett – kvar og kvifor?

Kategorier: Internett, Netthandel, Nettjenester, Tester & Tips & Tricks

Yangon Internasjonale flyplass. Foto: Marius Arnesen
Yangon Internasjonale flyplass. Foto: Marius Arnesen

Nordmenn reiser meir og meir. Også med fly. Stadig fleire av oss bestiller flybillettane sjølve, på internettet. Det gjev deg full kontroll over pris og reiserute. Reisebestilling på nett har kome for å bli, og har du ikkje prøvd er det på høg tid.

Turister går ombord på et fly på Yangon Internasjonale flyplass. Foto: Marius Arnesen
Turister går ombord på et fly på Yangon Internasjonale flyplass. Foto: Marius Arnesen

Framleis skeptisk? Eller forlangar arbeidsgivaren din at du nyttar reisebyrå? Du bør likevel bruke internett til research. Deretter går eller ringer du til reisebyrået og ber dei bestille billettane du helst vil ha.

Nettstader

Spørsmålet du bør stille deg er «kvar skal eg bestille?» For det er ikkje sikkert at du finn det billegaste, raskaste eller beste tilbodet på Norwegian sin eigen nettstad. Sjølv om Kjos likar å minne oss på at det er slik. SAS opnar faktisk for nokre andre flyselskap, men berre dei som er i Star Alliance, flysamarbeidet dei er ein del av. Heldigvis finn det ei rekkje nettstader der ute som kjapt kan gjere deg hekta på nettbestilling av flybillettar.

Fellesnemnaren er at dei søkjer i ulike databasar for flybillettar samtidig for å finne dei mest gunstige billettane frå dei mange hundre flyselskapa som tilbyr internettbestilling. Nokre av dei er avgrensa til berre «dei seriøse» flyselskapa, altså ikkje lågprisselskap med ulike skjulte og utspekulerte avgifter samt avgrensa service. Andre let deg berre søkje på billettar mellom to reisemål og utelukkar enkle søk etter meir spenstige turar som opnar opp for ølfestival i München før detox-opphald på Algarve-kysten og ein handletur i London før retur heim. Og av og til er du gjerne fleksibel når det gjeld datoar. Nokre nettstader let deg søkje på fleire datoar på ein gong, andre ikkje. Merk at eg ikkje har testa andre tenester som bestilling av leigebil eller hotell. Fleire av nettstadene tilbyr også dette. Sjå testresultata lenger nede.

flyFoto: Eirik Solheim / NRK

Ymse reiseerfaring

Sjølv reiser eg mykje både på jobb og ferie. Mykje vil seie 1-5 turar i månaden til minst 50 land i året. I fjor vart det 60 medan det hittil i år har blitt fire turar og 15 land. Tidleg i mai vil eg ha besøkt alle dei 198 landa i verda. Eg vert då truleg den yngste som har gjort det ved sidan av full jobb nokosinne. For å rekkje galskapen har det blitt eit firesifra tal på flyturar, men også meir uvanlege transportmiddel som lastebåt, politibil, hest og tommelfinger. Eg finn alt av flybillettar sjølv, på internett, og bør vere relativt kompetent til å finne både billege billettar og kjappe turar dersom mellomlanding er umogeleg å unngå eller for dyrt. Vanlegvis vert det eit kompromiss då den raskaste turen sjeldan er den billegaste. Dessverre har verken eg råd eller dei eg jobbar for lyst til å spandere noko anna enn økonomiklasse.

NRK Beta fekk nettopp ein hyggjeleg e-post om ein ny norsk nettstad for bestilling av flybillettar.

Med det klingande norske namnet WhichAirline.no skal nettstaden «skilje seg ut i mylderet av liknande tenester» samt «ta utgangspunkt i brukarane sine behov og oppfylle dei på ein nyskapande måte.» Ikkje verst. Det må sjølvsagt testast, men vi treng samanlikningsgrunnlag.

Eg tek med seks andre nettstader. Flyselskapa sine eigne portalar er ikkje blant desse då dei er avgrensa til flyselskapet sine eigne flygingar (og eventuelt berre flygingar med same flyallianse, t.d. Star Alliance eller One World). Korleis teste? Fem vilkårlege reiser fungerer som testgrunnlag.

En svært manuell "GoTo Gate" på Yangon Internasjonale flyplass. Foto: Marius Arnesen
En svært manuell «GoTo Gate» på Yangon Internasjonale flyplass. Foto: Marius Arnesen

Nokre små triks

Først tek eg med nokre generelle tips om bestilling av flybillettar. For fleire av oss som reiser mykje går det sport i å finne dei billegaste billettane. For min del skal det likevel mykje til for at eg reiser med irske lågprisselskap. Eg set såpass pris på mi eiga tid at eg helst vil nytte den der eg føler at både eg er velkomen og at andre reisande og tilsette har ei hyggjeleg reise og får lov til å organisere seg. I tillegg mislikar eg å reise til eller frå flyplassar som slett ikkje ligg nær byen der dei marknadsførast å liggje eller å måtte betale 500 kroner for å få boardingkort på flyplassen sidan det eg skreiv ut ligg att heime. Å unngå ovannemnde betalar eg gjerne litt ekstra for.

Kan eg spare hundre- eller til og med tusenlappar seier eg sjeldan nei. Det er mest å spare på reiser til andre verdsdelar der det er stor konkurranse. For å finne dei billegaste reisene er det verd å vere merksam på følgjande triks og tips.

• Sjekk alltid billettar frå storbyar utanfrå Noreg. Bestill deretter flyturen dit tur/retur separat.

Eit tilfeldig døme er Oslo-Caracas t/r 11.-21. april som kostar 7965 kroner for ei akkumulert reisetid på 38 timar og 5 minutt. Ved å i staden bestille Oslo-London og så London-Caracas får eg reisa til 6724 kroner. Det er ei innsparing på 1241 kroner ved hjelp av eit par ekstra søk på to av nettstadane som vert testa her, sjølv om akkumulert reisetid då er 70 minutt ekstra.

• Reis midt i veka.

• Å flyge grytidleg eller seint på kveld er ofte gunstig. Unnataket er lange nattflygingar som gjerne går på natta uansett.

• Bestill minst ein månad i førevegen, helst 6-8 veker. Til uvanlege reisemål eller på mindre travle tider på året kan det vere like billeg ein dag eller to i førevegen, men du risikerer også at prisane går opp eller at flyet er utseld.

• Kvi deg likevel ikkje på å reise på kort varsel. Billege billettar dukkar brått opp, spesielt i form av kampanjetilbod.

• Ver på utkikk etter kampanjar frå flyselskapa. Meld deg på flyselskapa sine e-postlister for å bli den første som får vite om kampanjetilbod. For enkelte kampanjar er dei billege billettane for reiser fleire månadar fram i tid. Andre kampanjar opererer mest med «restplassar.»

• Fleire av nettstadene eg her har testa tilbyr autosøk med e-postvarsling. Set opp eit søk for ei bestemt reiserute og få vite når prisen går ned. Eg har aldri høyrt om eit reisebyrå som gjer det same.

• Når du har funne billettar på samlenettstader som testa her, sjekk prisen på det aktuelle flyselskapet sine sider. Ofte kan du spare ein hundrelapp eller to.

• Legg inn ei overnatting eller to og gjer ei mellomlanding om til ein del av turen. Du kan sjå og oppleve mykje på eit par dagar.

• Sjekk kva for flyselskap som flyg frå ein flyplass. Wikipedia sine oversiktar over flyplassar er stort sett alltid oppdaterte med riktig informasjon slik at du kan sjekke flyselskapa sine nettstader direkte. Dette då ikkje alle flyselskap sine billettar er tilgjengelege i reisesøkjemotorar. Dette gjeld spesielt for Sør-Amerika, Afrika og delar av Asia.

• Set deg inn i historie og geografi. Dei fleste landa i Sør-Amerika har til dømes sterke historiske og økonomiske band til Spania. Det gjer at sjansen for billege direkteruter til Madrid og Barcelona er stor. Men merk at Brasil er «portugisisk,» Surinam er «nederlandsk» og Guyana er «britisk.» Handel mellom to land fører nesten automatisk til betre flysamband. Det same gjeld for immigrasjon, kjærleikstrendar eller turisme. Seks byar på andre kontinent har til dømes direkteruter frå Gardermoen.

• Thai Airways flyg direkte til Bangkok i Thailand. Stadig fleire nordmenn reiser dit på ferie eller gjer som naboen og prøver å finne seg kone. Det ser også Norwegian som startar direkterute dit til sommaren.

• Mange med pakistansk opphav bur i Noreg. Det bidrar til at PIA har ei direkterute til Lahore og ei til Islamabad.

• Til New York går det to direkteruter på grunn av handel og turisme. Nordmenn er forelska i Manhattan og omegn. Det set SAS og United pris på. Snart også Norwegian.

• Norwegian flyg til Dubai.

• Qatar Airways flyg til Doha.

Yangon Internasjonale flyplass. Foto: Marius Arnesen
Yangon Internasjonale flyplass. Foto: Marius Arnesen

Testen

Eg har testa desse sju nettstadane, i alfabetisk rekkefølgje:
expedia.no, finn.no/reise, hipmunk.com, kayak.no, skyscanner.no, travellink.no, whichairline.no

Følgjande reiseruter har blitt testa:
1. Oslo-London t/r (7. mars-10.mars)
2. Oslo-Johannesburg (8. mars), Johannesburg-Geneve (12. mars), Geneve-Oslo (14. mars)
3. Bergen-Tokyo t/r (12.-28. april)
4. Oslo-Tokyo t/r (12.-28. april)
5. Oslo-Caracas t/r (11.-21. april)

Sjølve søkjeresultata frå reiserutene over er samla i tabellane nederst i artikkelen.

Hipmunk.com

Denne nettstaden vart lansert som noko heilt nytt for nokre år sidan, og vert løfta fram av såkalla ekspertar som den beste. Det er ikkje tilfelle, i alle fall ikkje for flygingar som inkluderer Europa. Resultata vert lista opp på ein innovativ måte, men det er også alt. Returflyginga kjem heller ikkje opp før etter at utreisa er vald. Verken prisane eller utvalet av flyselskap er imponerande. Alle prisar kjem opp i dollar og nettstaden kjem sist ut når det gjeld pris i tre av fem søk i testen eg har utført. Unikt design held ikkje, sjølv om ekornmaskoten er aldri så søt. Eg skjønar ikkje kvifor WhichAirline har vald Hipmunk som inspirasjon.
Terningkast 1

WhichAirline.no

Which Airline hevdar å vere nyskapande. Med det meiner dei at lågprisselskap er med i søkjeresultata (Skyscanner og Finn tilbyr det allereie), at dei beste resultata kjem på toppen (det gjeld alle) og at dei vert framstilte grafisk med pris og reisetid (Hipmunk har lenge gjort dette). Det er spennande at nordmenn prøvar seg på denne marknaden. Men nettstaden verkar uferdig.

flytest_whichairline

Det håpar eg den også er, og at vidareutviklinga allereie er i gong. Det vert for mange klikk, grafikkanimasjonane tek irriterande mykje tid og søkjeresultata er for lite oversiktlege. Eg får t.d. ikkje opp returen før eg har vald utreise. I tillegg vert det mykje forstyrrande reklame her. På plussida søkjer dei altså blant lågprisselskap og tilbyr i enkelte tilfelle alternative prisgunstige ruter. Prisane er jamt over høge, og den mest kompliserte reisa er dei dyrast på. Nettstaden har potensiale, men tapar på låg brukarvenlegheit og ikkje-konkurransedyktige prisar. Her manglar erfaring. Grep bør takast.
Terningkast 2

Finn.no

Finn finn ofte billege billettar. I denne testen leitar han fram dei billegaste både til London (utanom lågprisselskap) og Tokyo. Men når turen til London er med mellomlanding og turen til og frå Tokyo tek nesten 66 timar (dobbelt så lenge som den kjappaste reisa), så dreg ikkje det opp for prioriteringa av søkjeresultat. Søk blant lågprisselskap er inkludert og søkjeresultata visast fram på ein oversiktleg måte. Finn skal søkje så mykje. Flybillettsøkjet vert berre eitt av mange og verkar å ha fått for lite fokus. Det bør Finn ta tak i, dei kan gjere så mykje meir ut av dette.
Terningkast 3

Skyscanner.no

Nettstaden gjev eit bra førsteinntrykk. Den inkluderer lågprisselskap og er enkel og oversiktleg. Minus for at eg verken kan søkje i anna enn enkeltreiser og tur/retur. Det går heller ikkje an å søkje med fleksible datoar. Men nettstaden leverer stort sett låge prisar, om ikkje dei aller lågaste. Søkja går kjapt og resultata visast oversiktleg med all informasjon ein treng. Det er mange innstillingar for å rangere resultat basert på mellomlandingar, tid for avreise, prefererte flyselskap, etc.
Terningkast 4

Expedia.no

Denne nettstaden har vore «på lufta» i fleire år. Dei bør kunne dette, men når dei første og billegaste billettane eg får tilbod om til Caracas inneber ei reisetid på 40 timar, ein veg, så har ikkje passasjerande sine behov akkurat «shotgun.» Skal eg søkje på nytt vert søkjeruta lita og uoversiktleg. Nettstaden let deg ikkje søkje blant lågprisselskap, men tilbyr blant dei billegaste ordinære billettane. Det er for mange det viktigaste. Det er negativt at eg skal seljast alt mogeleg når eg berre vil søkje flybillettar, og det gjer designen litt «trang» og tenesta uoversiktleg. Meir minimalisme hadde gjort seg. Expedia er den einaste nettstaden som faktisk klarar å tilby ei relativt prisgunstig multirute ved hjelp av eitt søk (OSL-JNB-GVA-OSL).
Terningkast 5 (-)

Travellink.no

Denne nettstaden gjev stort sett blant dei lågaste prisane, men søkjevindauget og søkjeresultata er litt uoversiktlege og designen litt «ute.» Pluss for fleksibelt søk, du kan både søkje avanserte reiseruter og søkje ein dag før eller etter for å sjå om det gjev billegare billettar eller betre reisetider. Som den einaste nettstaden kan du her samanlikne ulike reisemål. Om du veit at du skal reise ei helg, men ikkje kvar kan du enkelt samanlikne ulike reisemål. Om det står dårleg til med fantasien eller geografikunnskapane let nettstaden deg til og med velje basert på tema som festtur eller ferie med born. Minus for mangel på søk blant lågprisselskap og for at nettstaden går i «blankt» om du er inaktiv for lenge. Då må du laste sida på nytt. Travellink er bra, men det held ikkje til topptur.
Terningkast 5

Kayak.no

Dette er testvinnaren. Søkjet er sett i fokus, dette er flybillettsøkjemotorane sitt svar på Google. Nettstaden tilbyr oversiktlege søk, resultat og ei mengde justerbare søkjekriterie. Mindre er meir. Kayak er den einaste i testen som tilbyr deg å søkje opptil 3 dagar før og etter dei ordinære datoane. Du kan også bestille e-postvarsling for ulike reiseruter om du har pokeransikt nok til å vente på ein lågare billett nærare avreise.

flytest_kayak

Når det gjeld pris er ikkje Kayak alltid lågast, men resultata er sjeldan langt unna. Prisunnataket kom for den kompliserte OSL-JNB-GVA-OSL-turen der prisen var altfor høg. Når eg sjølv delte opp reisa og bestilte den i to etappar var Kayak i form att. Det er eit lite minus at lågprisselskap ikkje er inkluderte, ønskjer du det tilrår eg å kombinere Kayak med Skyscanner, Finn eller WhichAirline.
Terningkast 5

Datagrunnlag

Link til hele datagrunnlaget.

flytest1

flytest2

flytest3

flytest4

flytest5

24 kommentarer

  1. Kevin Brubeck Unhammmer

    Grundig test! Eg er einig i konklusjonen om Kayak, dei er milevis over resten i brukargrensesnitt (men det er jo likevel lurt å sjekka eit par andre).

    Kan òg anbefala tipset om å ta ein overnatting (eller gjerne to) på vegen, om du har tid. Me «oppdaga» ein gong ein by som var mykje meir interessant enn det eigentlege reisemålet på den måten 😉

    Svar på denne kommentaren

  2. Når jeg skal på helgetur er det ofte mange destinasjoner som kan vær aktuelle. Jeg savner en tjeneste som lar meg velge avreise flyplass, dato, max reisetid, max mellomlandinger og max pris. Jeg vil da få opp en liste over aktuelle plasser å reise.

    Svar på denne kommentaren

  3. Tobias Wilbers

    En kommentar til artikkelen: man kan som nevnt spare penger på å kjøpe flyreisen i to omganger, som i eksempelet med Oslo – Caracas via London. Man bør imidlertid informere om at om man har to forskjellige reservasjoner, så dekkes ikke hele reisen om det skulle oppstå kanselleringer eller forsinkelser, slik at man kan risikere å «strande» i London uten billett videre, fordi det er med et annet selskap/reisebyrå. Det tryggeste er dermed å bestille hele reisen samlet, eventuelt legge inn nok buffer mellom flyvningene. Greit å ha i bakhodet før man bestemmer seg for denne metoden.

    Svar på denne kommentaren

    • Gunnar Garfors (NRK) (svar til Tobias Wilbers)

      Godt poeng! Her vert det på eigen risiko, og det er å anbefale minst ein time på transittflyplassen, meir om ein ikkje er reisevand eller det er snakk om to ulike terminalar.

    • En time? Bør vel minst ha 2-3 timer?
      I tillegg til de andre nevnte problemer, som at du må kjøpe ny flybillett hvis du blir forsinket, så har man gjerne med en koffert på en slik lang reise.
      Og på to separate bestillinger så må du hente kofferten, gå igjennom toll og passkontroll, for så å sjekke inn på nytt på neste reise. Da kan en time bli litt i det knappeste laget.
      Og hva om kofferten ikke kommer med det første flyet?

      Ja, og husk eventuelle visumregler til landet du mellomlander i, med to separate billettbestillinger kan du i verste fall bli nektet å fly hvis du ikke overholder visumreglene!

      Men hva gjør man vel ikke for å spare 1200 kroner
      🙂

    • Raymond (svar til Jan Olsen)

      Og kva gjer ein ikkje for å kome med mykje god kverulering!

      Eg tek det for gitt at alle veit om dette, eller i det minste tenkjer over det. Gode tips er gode tips, sjølv om det av og til tyder at ein må tenkje pittelitt meir sjølv.

      Forresten, NRKbeta er veldig sjeldan ein blogg for dei som er heilt uinnvidde i livet 😉

  4. Takk for artikkelen!

    To tilleggsråd som følge av noen år med reiser til destinasjoner som er uvanlig å reise til fra Norge. Søkemotorer er et godt utgangspunkt, men jeg ender nær sagt aldri opp med å bestille derfra – snarere er de en hjelp på veien, for å skaffe informasjon.

    1) FLYPLASSINFORMASJON Som nevnes i artikkelen er det gjerne noen hundrelapper å spare på å bestille direkte fra flyselskapet, har man først funnet en god reiserute. Skal jeg reise til et nytt sted, sjekker jeg gjerne hvilke selskaper som flyr til flyplassen, og fra hvilke byer – Wikipedia gjør som oftest jobben. Sjekker jeg Tocumen flyplass i Tegucigalpa, for eksempel, ser jeg at KLM flyr direkte fra Amsterdam, og kan sjekke Oslo-Amsterdam-Tegucigalpa, og får et bedre og billigere alternativ enn de fleste søkemotorer.

    2) TELEFONEN Når jeg reiser til destinasjoner utenfor allfarvei, er det ofte reisealternativer som ikke kommer frem hverken gjennom søkemotorer eller flyskapenes egne nettsider. Når jeg så har en oversikt over et par alternativer, går jeg gjerne løs på telefonen og sparer gjerne tusenlapper (ikke bare hundrelapper). Kundebehandlerne har oversikt over alternativer en selv ikke har tilgang på, og kan fikse så mangt – bytte steder for mellomlandinger, for eksempel, og slik både tid og penger, eller legge inn et partnerselskap for deler av reisen. De fleste selskaper som tar ekstra betalt for bestilling per telefon kan sløyfe gebyret så lenge billetten de finner ikke er å oppdrive på nett. Samtaler til gratisnummer i USA (1800-…) forblir gratis hvis man ringer via Skype eller lignende.

    Som nevnes i artikkelen, det kan gå sport i å oppdrive en god og billig billett, og det kan kreve en viss innsats og tid. På siste reise sparte jeg 4.500 kroner (12.000>7.500) på halvannen times innsats; god timebetaling.

    Svar på denne kommentaren

  5. Patrick Tuntland

    Et enkelt tips som er gull verdt:

    Flere reisebyråer på nett bruker dine cookies for å analysere hvilke reiser du vil kjøpe.

    Mange har sikkert opplevd at prisen plutselig stiger andre eller tredje gang en søker på en bestemt reise. Det er fordi det er mer sannsynlig at du vil kjøpe akkurat denne reisen, og selskapet skrur opp prisen. Jeg har brent meg på denne flere ganger før jeg visste om det.

    Løsningen er å slette netthistorikken før du bestiller, eller bruke «incognito mode» i nettleseren. Da husker ikke nettsiden om du har søkt på samme reisen før.

    Svar på denne kommentaren

  6. Gunnar Garfors (NRK)

    Det vart gjort eit utval av 7 nettstader, Momondo eller Flybilligst var ikkje blant desse. Spesielt Momondo verkar å ha potensiale. Flybilligst er meir eit nisjeprodukt for dei som har heilt opne datoar for reisa si.

    Svar på denne kommentaren

  7. Hvorfor har du ikke testet momonodo? Personlig syntes jeg dette er den helt klart beste søkemotoren. Liker særlig godt at den viser hele måneden og ikke bare datoen du skriver inn eller +/- 1 dag som de fleste andre søkemotorer gjør.

    Svar på denne kommentaren

    • Gunnar Garfors (NRK) (svar til Gizze)

      Det finst så mange søkjemotorar at det i praksis er umogeleg å teste alle, og i dette tilfellet vart ikkje Momondo plukka ut. Eg er elles einig i at momondo.no er ein bra søkjemotor.

  8. Ser ut som Kayak nå har fjernet +/- 3 dager, og da har de ikke fortjent den hyllesten og gratis reklamen de fikk hos deg. Momondo burde absolutt vært med i testen… Selv om dette er betakanalen, så ble innslaget presentert på hovedkanalen. Litt for «avslappet» og useriøs test etter min mening. Jeg valgte selv å moderere min siste kommentar før avsending… 😉

    Svar på denne kommentaren

    • Gunnar Garfors (NRK) (svar til Perri)

      Eg får opp +/- 3 dagar frå Samoa. Eg reknar med at det fungerer frå Noreg også.

      Momondo kunne som sagt ha vore med, men vart ikkje plukka ut. Nettstaden gjev ikkje mykje nytt samanlikna med kayak.no, men eg har sansen for at dei viser prisar på datoar langt før og etter vald dato, sjølv om returprisen som regel er avhengig av kva selskap du reiser ut med.

  9. Håkon T Sønderland

    Jeg har brukt mye tid på å finne billige flybilletter, spesielt i Europa.
    Har ikke brukt Kayak.no før og ble oppmuntret over god design og fine muligheter. Dessverre faller alt dette sammen når man faktisk klikker på linken for å bestille. Det virker som kayak.no ikke har noe nær realtime oppdatering av priser og tilgjengelighet. Nå har jeg forsøkt flere destinasjoner i Europa og mange forskjellige flyselskap, men nesten alltid samme resultat, nemlig at priser og/eller seter ikke stemmer med det kayak.no viser.

    Det gjør at jeg slutter å bruke kayak.no. Ingen vits å søke etter billetter der når de ikke faktisk lar seg booke.

    Det som fungerer best er å ta seg den tiden man trenger og faktisk sjekke flyselskapenes egne bookingsider. Der får man både de beste prisene og reelle tilbud.

    Svar på denne kommentaren

  10. Det pågår svindel ved bestilling av flyreise på Internett.
    En venn av meg bestilt en reise på Internett med Travellink. Bestillingssystemet årsaket en liten feil, slik at min venn måte betale 5 tusen kr ekstra for å bestille et nytt billett. Var oppmerksom hvis du har tenkt å bestille hos Travellink.

    Svar på denne kommentaren

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *. Les vår personvernserklæring for informasjon om hvilke data vi lagrer om deg som kommenterer.