nrk.no

Amerikanarar blir fascinert av Tekst-TV

Kategorier: NRK,Snacks & TV

Framsida på NRK Tekst-TV

Framsida på NRK Tekst-TVDet amerikanske magasinet Columbia Journalism Review har vore på reportasjereise i Skandinavia, og held på med ein reportasjeserie om mediebiletet og -utviklinga i Skandinavia.

Journalisten som var her var interessert i teknologiutvikling, nett, mobil og meir; men vart nok aller mest fascinert over Tekst-TV: «Push the button on your television remote and you’re digitally transported to the early 1980s.» Les om korleis amerikanarar opplever vårt fyrste digitale massemedium.

20 kommentarer

  1. Den største overraskinga der var vel eigentleg at NRK framleis manuelt skriv tekst-TV-oppdateringane sine. Fantastisk!

    Ellers, så lurar eg på kor mange eldre som hadde vore på nettet i dag, dersom tekst-TV hadde blitt fasa ut på 90/tidleg 2000-tal.

    Svar på denne kommentaren

    • Erik Bolstad (NRK) (svar til tanketom)

      Vi skriv Tekst-TV-sakene i det same systemet som vi lagar nettsidene med. Det er veldig vanskeleg å automatgenerere nyheiter 🙂

      Vi ser ingen samanheng mellom nettbruk og Tekst-TV. Tekst-TV-bruken var på topp i 2005, og har gått sakte nedover etterpå.

      Dei fleste brukarane av Tekst-TV er frå 40 år og oppover – det er altså ikkje «berre gamlingar».

  2. Knut Karevoll

    Eg trur mange brukar tekst-tv i bakgrunnen. Istedenfor å skru av fjernsynet når det ikkje er i bruk setter dei på tekst-tv og skrur av lyden. Det gjer det lett å sjå om det er noko nytt.

    Det er mange i amerika som bruker nyhetskanalane på same måte, og mange av nyhetskanalane fyller skjermen med tekst for å få med seg desse sjåarane.

    Sjølv om eg ikkje har fjernsyn har eg sett opp ein knapp for å få rss frå alle store nyhetskjelder, twitter, blogar og yr. Det er det same behovet for å få all informasjon lett tilgjengelig.

    Svar på denne kommentaren

  3. Artig å høre hvordan de brukte tekst-tv til å vise en twitter feed under Idol.

    Det vil jeg ha til nest MGP finale!! Fulgte litt med på twitter forrige gang og det er mye geniale kommentarer som kommer, men det mister litt det sosiale aspektet når du leser på en telefon eller iPad ved siden av. Hadde vært genialt å få det på TV skjermen!

    Og ved å legge det inn som en tekst-tv side ala 777 blir det jo on-demand også!

    Come on NRKBeta. Dette må dere få til. Så får dere heller si fra om dere trenger hjelp. 🙂

    Svar på denne kommentaren

    • Erik Bolstad (NRK) (svar til Sjur)

      Vi har prøvd 🙂

      Og det var ikkje spesielt vellukka – Tekst-TV har ikkje dei beste funksjonane for inn- og utfading for å seie det mildt…

    • For meg ville vanlig tekst funksjonalitet ala 777 være nok.. For on-liners uten linker etc. Driter i om det ser bra ut, så lenge det er morsomt.. Og en så lenge er det vel eneste måten å legge på tekst på skjermen ved at tv-seeren selv velger å legge det på. Og så lenge brukeren selv velger å skru det på er det vel ikke så farlig med hvordan det ser ut.. Kanskje dere kan teste det som en «hemmelig» beta, dvs. uten å reklamere for det utover å si fra her på NRKBeta.. 😉

      Men hva med nett-tv da? Har dere lisens for å sende det på nett-tv? Kan dere legge inn et dynamisk tekst spor der?

    • Erik Bolstad (NRK) (svar til Sjur)

      Det vi sleit med var å velje ut kva som skulle visast og ikkje – det vart så mange meldingar at alt flaumde heilt over. Vi får prøve ein gong til!

  4. Jeg synes tekst-tv er helt supert og bruker det masse (selv om jeg fortsatt er godt under 40!). Noe av fordelen fremfor nettsider er at det er så utrolig enkelt å kikke igjennom nyhetene når jeg først sitter foran tv’en. Trenger ikke å finne fram en ekstra dings, koble opp/skru på, finne riktig app osv.
    Pluss alle de andre fordelene som ble nevnt: ikke irriterende reklamer, gode «ordentlige» nyheter osv…

    Svar på denne kommentaren

    • BBC faser ut tekst-tv etter hvert som det analoge nettet slukkes, ja. For digital tv har de standardisert på mhp, så de har for så vidt fortsatt «tekst-tv», men altså en mer moderne variant.

      NRK prøvde seg også med mhp, men det ble aldri populært, sannsynligvis fordi mhp-støtten i TVer og dekodere var relativt lite utbredt, så tjenesten ble lagt ned 1. februar i år.

  5. Karl Ove Hufthammer

    Tekst-TV er heilt supert! I gamle dagar var det litt irriterande med det at ein måtte venta lenge for å bla til ei side, men verda har gått framover, og no har eg eit moderne fjernsyn som hugsar alle sidene (og undersidene). Eitt trykk, og neste side dukkar opp umiddelbart.

    Dette er ein fryktelig effektiv måte å lesa nyheiter på. Kan gjerne bla gjennom og lesa alle interessante innanriks- og utanriksnyheiter, og overskrifter eller ingressar på dei «litt» interessante, på under eit minutt. Å gjera tilsvarande på nettaviser ville gjerne tatt ti (og eg har raskt Internett-samband).

    Tekst-TV er både kjapt, og formatet er slik at nyheitene vert korta ned akkurat slik at det viktige kjem med, utan noko utanompjatt. Er eg interessert i meir enn dei tre–fire avsnitta, kan eg alltids lesa utvida artiklar på nettet.

    Ein litt artig ting eg oppdaga med det nokolunde nye fjernsynsapparatet mitt er at tekst-TV faktisk har blitt søkbart! Eitt trykk på OK-knappen, og ein kan bruka piltastane til å velja ord på sida som ein er på (i desse tider, for eksempel «Breivik»). Eit nytt trykk, og ein vert på magisk vis umiddelbart frakta til neste side på det store tekst-TV-nettverket som inneheld dette ordet. Eit nytt trykk igjen, og vidare hopp. Surfing på tekst-TV er kjempegøy! Og kjapt.

    Dette er ein stor kontrast til mykje annan «moderne og flott» teknologi me har vorte lova. For eksempel elektronisk programgaid (EPG) på via som først kom på dekodarboksar til satellitt-TV. Har sett mange variantar, men dei har vore både trege (til dels ekstremt trege) og uoversiktlige. I dei fleste tilfelle har det vore både kjappare og lettare å finna fram avisa og sjekka programmet der. EPG-en eg har via dei digitale bakkesendingane er ein del betre, men langt frå god nok. Ofte slå eg heller opp programmet på tekst-TV (side 500 gjev ei fin oversikt over «no + neste», og dei etterfølgjande sidene gjev detaljar av kvart program).

    Men viss eg er i nærleiken av datamaskina, synest eg TV-Browser er eit veldig fint alternativ, tvbrowser.org/ (sjekk skjermbila). Og no skal de alle få eit fint tips av meg, som nok altfor få kjenner til: fou1.uninett.no/xsltv/tv.html
    Oversikt over dei største norske fjersynskanalane nett no, veldig enkelt og oversiktlig, og ingen forstyrrande element. Hald peikaren over eit program for meir informasjon, og trykk for å slå det opp i IMDb. Enkelt og kjapt!

    Men tilbake til tekst-TV. Dette finst i ein Internett-versjon, nrk.no/tekst-tv/, men denne er ingenting mot å bruka tekst-TV på eit skikkelig fjernsyn. I nettversjonen tar det kanskje eit halvt sekund å hoppa til ei side, og ein kan ikkje trykka på ord for å hoppa direkte til sider som inneheld dei. Eit halvt sekund hørest ikkje mykje ut, men brukaropplevinga blir ei heilt anna med umiddelbart sideskift. Umiddelbart! Inga ventetid! Det er tingen!

    Eg fryktar at eit nytt, «digitalt» tekst-TV berre ville vorte verre. Det hadde kanskje sett meir fancy ut, ein kunne hatt bilde og sånt, men ein hadde fått introdusert ventetid igjen. Det me endelig har komme oss vekk frå. Og det er ikkje mykje teknologi me kan seia det om. Me har nemlig ikkje fått den framtida me vart lova. Me vart lova kjappe og effektive løysingar. «Berre trykk knappen», «berre vift med kortet» – sånn vart det aldri. Viss eg skal bruka buss- og bybanekortet mitt må eg halda det (på ein ubehagelig måte) inne til lesaren i mange sekund, og håpa på det beste. Ventetid! Det tar rett nok mykje kortare tid å starta opp moderne PC-ar, men teknologien burde då ha komme so langt at det ikkje tok noko tid. Inga ventetid.

    Og når eg først får høve til å senda ønskelista om framtida: Eg vil ha ein heis der dørene går opp med ein gong eg trykker på knappen! Inga ventetid. 🙂

    (Når eg tenker meg om, so hadde dette siste faktisk vore veldig enkelt å få til, i mange tilfelle. Det finst nok av bevegelsessensorar. Dører til kjøpesenter opnar seg av seg sjølv når eg nærmar meg. Korfor kunne ikkje heisane fungert på same måte? Når ein person nærma seg heisområdet, kunne heisen (om han var ledig) blitt sendt automatisk til etasjen, og dørene kunne gått opp. Inga ventetid. Eller iallfall mykje kortare ventetid. Slik det er no, er det raskare å ta trappa.

    Og mens eg ventar på framtida me vart lova, held eg fram å bruka både tekst-TV og å ta trappa …

    Svar på denne kommentaren

Legg igjen en kommentar til Frank Eivind Rundholt Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *. Les vår personvernserklæring for informasjon om hvilke data vi lagrer om deg som kommenterer.