nrk.no

Om det å bry seg

Kategorier: Det sosiale nettet,Konferanser og messer,Markedsføring & Nettkultur

Gary Vaynerchuk

Vi er fortsatt på SXSW, og det er fryktelig mykje interessant som foregår på denne enorme konferansen. Ein av dei større publikumsdragarane var Gary Vaynerchuk, ein mann som i all hovudsak tener pengane sine på salg av vin gjennom nettstaden Wine Library.

Gary Vaynerchuk

Ein liten fellesnemnar her på SXSWi, er at energinivået generelt sett er på eit ganske bedageleg nivå. Det er lite skriking, roping og hopping på scena. Publikum småhumrer litt i blant, men veldig få skrattar høglydt. Det er ikkje faktum her.

Gary Vaynerchuk er ein artig mann. Som ein av dei første til å starte med nettbasert handel av alkoholrelaterte produkt, har han sidan 1997 hatt mykje suksess. Allereie innan det første året var omsetninga oppe i 4 million dollar. I 2010 var den 60 million dollar. Det er óg samme mann som får folk som Conan O’Brien og Ellen DeGeneres til å tyggje sigar, jord og div. andre saker på direktesendt TV.

Er det viktig å bry seg?

Energinivået til den ganske korte krabaten på scena er direkte fascinerande. Kvart tiande ord er enten «fuck», «fuck you», «asshole» eller eit liknande heller graverande ord. Men i konteksten virkar det ikkje upassande i det heile tatt.

Mesteparten av praten handlar om det å bry seg, og at dei fleste føretak vi har interaksjon med ikkje bryr seg i det heile tatt.

This room, and a majority of the worlds’ businesses are full of shit when saying that they care about the end user.

Gary Vaynerchuk

Og her kan han være inne på noko. Dei fleste firma er på både Twitter og Facebook, men det er umåteleg få som faktisk brukar plattformane til nettopp det dei er meint til: Å holde ein samtale. Sosiale medier er, for dei fleste foretak, sett på som ein fin måte å generere inntekt. Enten gjennom merkevaregjenkjenning eller salg av varer. Han påstår veldig hardt at det er få som faktisk bryr seg.

Everyone in business act like a 19 year old dude. They try to close too fast.

Gary Vaynerchuk

Hr. Vaynerchuk strekk det enda eit nivå vidare: Det er enda færre som prøvar å bry seg og å skape kontekst.

Gary er sjukeleg opptatt av kontekst. Før han gjekk på scena brukte han ein halvtime på å snakke med folket i salen. Han er overbevist om at det å skape ein form for kontekst mellom sluttbrukarar og foretak blir avgjerande framover.

We have a customer in Chicago who’s used 20 000 dollars on wine in his first two orders. We know who he is on Twitter. We noticed that he is a humongous Jay Cutler fan.

[…]

So we’re going to our Thank You Department, not our Customer Service department. And Kristen [fra Thank You Dept, red.anm.] is going on eBay to buy a signed Jay Cutler jersey, and send it to him, and say «Thank you so much for becoming a new customer».

That is hitting an emotional center. […] How about we do something that actually matters, instead of pushing more coupons on people?

We’re living in the beginning of humanization of business. We’re about to humanize brands.

Gary Vaynerchuk

Gary og Wine Library legg veldig vekt på å skape denne koplinga mellom føretak og kunde. Men han seier ikkje at det er enkelt. Ein person i salen spør om Gary trur alle i bunn og grunn er i stand til å vere såpass snill med kundane sine, eller om Gary berre er ein veldig venleg person:

Most people aren’t inherently nice. We have to force ourself to be. Effort is grossly underestimated. I love you because you’re an end user, not because I’m Mother Fucking Teresa.

Gary Vaynerchuk

Kva trur du blir det viktige for føretak framover? Har denne form for takksemd mykje å seie for din totalopplevelse av eit firma?

EDIT: SXSW har lagt ut foredraget som ei lydfil.

4 kommentarer

  1. Interessant.

    Kjøper analysen, men tror ikke løsningen er noe som kan funke for særlig mange. Tror det funker best som en nisjegreie. Det må føles oppriktig og troverdig. Store firmaer vil slite i en slik sammenheng – det ville virket alt for kalkulert.

    Videre er det jo fort en fare for at man krysser intimsonen til kunden. Jeg føler egentlig litt skepsis til at det kan sitte en i andre enden som googler meg for å finne mulige smisketemaer. Det blir fort litt for nærgående. Litt på samme måten som med en innpåsliten selger i klesbutikken.

    Svar på denne kommentaren

  2. Odin Hørthe Omdal / Velmont

    Eg er leiar i eit lokallag med rundt 100 medlem. Det er nok til at det tek alt for mykje tid å taka kontakt med kvar og ein. Då vert det fort fellesepostar og sms-ar. Det gjorde eg òg for eit år sidan. Svarfrekvensen var veldig låg.

    Typiske ting eg kontaktar folk om er berre for å ha dei med på ting der me betalar alt, so det er jo ikkje pengar eg prøver å dra utav dei.

    For ei tid sidan slutta eg med det, eg er ikkje so glad i massesendt informasjon sjølv, so eg tenkte eg heller skulle kontakta folk direkte, og gjerne bruka meir tid på det. Det viste seg å ha ein heilt anna effekt, folk svarte attende, og eg kunne lett lesa engasjementet hjå dei forskjellege.

    På den måten veit eg no kven eg helst bør kontakta att for nye ting. Det er ei gruppe på ~15 personar i staden for 100, med ein gong mykje meir overkomeleg.

    So eg har verkeleg lært at det løner seg å bruka tid på å kontakta folk skikkeleg. Allereide frå dei melder seg inn so sender eg no ein epost der eg seier velkomen og ofte stiller eit par spørsmål.

    Det fungerer veldig bra 🙂 Det er moro å endeleg byrja få betre kontakt med dei hyggelege medlemene «mine».

    Svar på denne kommentaren

Legg igjen en kommentar til Johan Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *. Les vår personvernserklæring for informasjon om hvilke data vi lagrer om deg som kommenterer.