nrk.no

5 minutt med iPhone 4 – og antenna

Kategorier: Gadgets,Mobil & Tester


Når Steve Jobs gjekk på scena under WWDC i år, visste alle at vi kunne forvente ein ny iPhone (med venleg helsing, Gizmodo). Telefonen vart veldig godt motteke, både på grunn av skjermen, designet og den ganske så kjappe prosessoren. Det verka for å bli den beste produktlanseringa i føretakets historie.

Kollega Kim Erlandsen prøver å presse dekninga ut av telefonen

Men så kom Gizmodo på bana igjen, og lenkja til ein post på MacRumors, kor ein brukar visstnok mista dekninga ved å halde telefonen på ein ganske normal måte. Og det viste seg å ikkje vere eit isolert tilfelle. Problemet var lett reproduserbart for folk flest. Consumer Reports seier at dei på ingen måte kan anbefale telefonen på grunn av antenneproblemet.

Stille i fjøset

Er Apple óg i feriemodus? Når det kjem til rutiner rundt krisehandsaming, er dei nok ikkje så veldig drevne. Dei har fortsatt ikkje gjeve kundane eit klart svar på korleis dette vert løyst. Det enklaste grepet ein kan ta som brukar, er å kle telefonen med ein «bumper», som i tillegg til å reparere dekningsproblematikken beskyttar telefonen mot støt og fall, så lenge den landar på sida. Vi meinar likevel at dette ikkje er ei tilstrekkeleg løysing. Kjøper du ein telefon til fleirfoldige tusen, bør ein ikkje trenge å kjøpe eit gummistrekk til $30 for å ha god dekning.

Det skal seiast at Apple har kalla inn til ein iPhone-relatert pressekonferanse i morgon, fredag den 16. juli, og folk flest går ut i frå at dei vil gje nokre svar på kva som kan gjerast for å fikse antenneproblemet. Det er likevel veldig seint å halde denne no, tre veker etter at problemet først dukka opp.

5 minutt med iPhone

Kollega Rashid Akrim i NRK P3 har vore på tur til Frankrike, og kom sjølvsagt tilbake med ein iPhone 4. Vi fekk fem minutt med den nye duppeditten.

Estetikk

Telefonens utforming er rett og slett nydeleg. Designet er veldig industrielt, og nesten som «eit kjærleiksbrev til Dieter Rams», viss eg får sitere John Gruber. iPhone 3G(S) ser ut som eit leikety i forhold. Likevel ligg dei tidlegare utgåvane av iPhone litt betre i handa, på grunn av den avrunda baksida.

Min tre år gamle iPhone mot nye iPhone 4

At både for- og baksida no er i glass, er for meg bekymringsverdig. Tidlegare hadde du omtrent 50% sjanse for at telefonen overlevde eit fall på badegolvet. Min tre år gamle, førstegenerasjons iPhone har overlevd fleire fall i ulike murgolv, utan å nokon sinne vore bekledd i eit stygt gummietui. No er sannsynet for at telefonen kjem uskada frå fallet nært ikkje-eksisterande.

Men frå ein estetisk ståstad er iPhone 4 utan tvil noko av det flottaste som nokon sinne har kome ut i frå mobilbransjen.

Skjermen


…er rett og slett i ei klasse for seg sjølv. Eg har aldri sett ein klarare skjerm. Sjølv om du tek fram lupa klarer du ikkje å tyde fram ein piksel. Den er skarp, lyssterk, klar, og har ekstrem pikseltettleik.

Samsung har kome med sin Galaxy S, som visstnok óg skal ha ein heilt rå skjerm, men vi har ikkje klart å oppdrive eit eksempel for å samanlikne. Viss vi samanliknar med eit par andre telefonar, som førstegenerasjons iPhone, iPhone 3GS og HTC Desire, er iPhone 4 sin skjerm utan tvil den beste.

Kamera


Den nye iPhone-en har endeleg fått eit oppgradert kamera på baksida, og det var absolutt på tide. Det førre kameraet er ikkje dugande til stort. Det nye kameraet har fått ein brikke på fem megapixler i stillbiletemodus, samt støtte for videoopptak i 720P. I tillegg har dei kasta på ein ganske OK LED-blitz.

Kamera på framsida er óg på plass, og dette duger til småpinlege sjølvportrett eller videosamtalar via FaceTime. Ikkje eit must i mine auge, men det kan kanskje vere nyttig for mange.

Prosessoren

Som innehavar av ein førstegenerasjons iPhone, verkar iPhone 4 langt, langt kjappare. SMS-innboksen opnar seg med ein gong. Applikasjonar opnar og avsluttar mykje kjappare. Kameraet tek bilete når du trykkjer på knappen, og ikkje eitt sekund eller to seinare.

Alt i alt er telefonen rask. Og det er nok på grunn av den nye A4-prosessoren, samt oppgraderinga til 512 MB minne.

Konklusjon etter kjapp bruk

iPhone 4 er eit smykke. Designmessig er den i ei klasse for seg sjølv. Den verkar frå utsida av som velbygd, solid og gjennomtenkt. Ingen knirking her, nei. Skjermen og pikseltettleiken er rett og slett heilt rå. Og no kan ein endeleg knipse gode bilete utan å ta med kompaktkameraet. Eller skyte finfine kortfilmar. Den nye prosessoren vert óg teke godt i mot – det skadar aldri med litt meir hastigheit. Utvida batteritid er vi heller ikkje negativ til.

At eit estetisk mesterverk som iPhone 4 skal slite med noko så elementært som dekning, er veldig synd. Vi har prøvd å reprodusere problemet, og sjølv om vi ikkje klarte å få telefonen til å miste dekninga heilt ved normal halding, fekk vi den ned frå full dekning til to strekar. Det er ikkje bra, spesielt om du oppheld deg i ei sone som frå før av har dårleg dekning. Om du likevel er veldig hypp på å kjøpe telefonen, er den enklaste løysinga på dette problemet å kjøpe ein «bumper». Eller eit Livestrong-armband. 🙂

17 kommentarer

    • Henrik Lied (NRK) (svar til Torger Åge Sinnes)

      Det går gjete om at ein medarbeidar eller to har bestilt telefonen, og då skal vi sjølvsagt prøve å få sett på telefonen.

  1. Apple innkaller til pressekonferanse | Webskredder.no

    […] 5 minutt med iPhone 4 – og antenna Det skal seiast at Apple har kalla inn til ein iPhone-relatert pressekonferanse i morgon, fredag den 16. juli, og folk flest går ut i frå at dei vil gje nokre svar på kva som kan gjerast for å fikse antenneproblemet. … nrkbeta.no/ — Thu, 15 Jul 2010 03:43:46 -0700 […]

    Svar på denne kommentaren

    • Henrik Lied (NRK) (svar til Frode)

      Telefonen har gjennom tre år hatt selskap av fleire nøkkelknippe, mynter og andre metalliske objekt som er i stand til å påføre varige merker på ei stakkars aluminiumsflate. Eg beklager viss dette synet har gått inn på deg. 🙂

    • Pastor Manders (svar til Jarle)

      hehe!

      Den oppfyller sin viktigste funksjon: Å gjøre naboen missunnelig.

      Man må imildertid la seg imponere av en markedsføring som gjør at millioner står i kø for en telefon man ikke kan ringe med!

    • for noe tull, visst kan man ringe med den, mister man dekningen er det vel ikke noe problem og endre grep? Husker Nokia 8210’en min, kunne ikke ligge i bukslumma engang den… i følge garantifolka…

  2. Stian Jensen

    Etter å ha lest dette så vil jeg definitivt ikke ha en iPhone. Når jeg tenker meg om så har jeg aldri likt Apple sine produkter eller den blærete Steve Jobs. Alternativene virker mye mer appellerende på meg. Kombinasjonen Google Android og smartphone må være dynamitt sammenlignet med feminine iPhone.

    Svar på denne kommentaren

  3. Kay Bærulfsen

    Jeg fikk også mulighet til å leke med en iPhone 4 når jeg var i Paris. Fra før har jeg uvillig vært imponert over de første iPhone-telefonene som kom på markedet. De var nyskapende, gode og holde, og ikke minst visuelt pene. Det var derfor litt skuffende å få holde i en iPhone 4 for første gang. Den føles langt tyngre ut, og ergometrisk er den ikke engang nær de tidligere versjonene. Den både kjennes og ser ut som en murstein (altså, en murstein med glass-overflate :P) og mangler de pene, myke formene som jeg er vant til fra andre Apple-produkter. Jeg ville ikke likt å gå med denne i lommen.

    Svar på denne kommentaren

  4. Er det noen som har fått til å reprodusere dette signaltapet i Norge? Det jeg har hørt er at AT&Ts nettverk (AT&T er den eneste teleoperatøren man kan bruke Iphone med i USA) er veldig dårlig, så når Apple har justert formelen som regner ut hvor mange streker forbindelse som vises, har de kompensert for det ved å vise 5/5 streker selv ved dårlig forbindelse. I Norge tror jeg ikke vi kan gjenskape signaltapet siden vi har et godt telenettverk.

    Svar på denne kommentaren

  5. Det pussige er at i forhold til det store antallet telefoner solgt, så er det forsvinnende få bekreftede tilfeller av brutte samtaler. At signalstolpene forsvinner er ikke helt det samme som en brutt samtale…

    Svar på denne kommentaren

Legg igjen en kommentar til Henrik Lied Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *. Les vår personvernserklæring for informasjon om hvilke data vi lagrer om deg som kommenterer.