nrk.no

Anbefaling: HTML5 for Web Designers

Kategorier: Internett & Webutvikling

Bruk av VIDEO-elementet


HTML5 gjer sitt inntog med ganske høg hastigheit. Nettlesarutviklarane implementerar, nesten over heile linja, ny funksjonalitet i kvar oppdatering. Det går fint an å bruke mykje av det nye i HTML5-spesifikasjonen den dag i dag, som strukturering av innhald med SECTION, ARTICLE, HEADER, FOOTER og liknande element.

Bruk av VIDEO-elementet

VIDEO og AUDIO-elementa har óg fått støtte i mesteparten av  dagens nettlesarar (Internet Explorer er unntaket).

Det største problemet er derimot å setje seg inn i spesifikasjonen. HTML5-spesifikasjonen er massiv. Og ikkje nok med det: Den eksisterar i ulike versjonar, ut i frå kva rolle du har som utviklar (den mest relevante for folk flest er HTML5 (Edition for Web Authors)).

Ein sniktitt frå boka om Web Forms 2.0

Det er difor veldig flott at Jeremy Keith har tatt seg bryet med å komprimere denne enorme spesifikasjonen ned til 85 lettleste sider. Boka er delt opp i seks korte kapittel, kor ein går frå HTMLs historie og fram til korleis ein kan bruke HTML5 i dag.

Den tek blant anna for seg bruk av strukturelle element, Web Forms 2.0, semantikk og bruk av medieelementa. Til tross for at eg held meg ganske oppdatert på HTML5s utvikling, lærte eg fleire småting som eg ikkje tidlegare har fått med meg. Som blant anna at STYLE-elementet no har støtte for attributten scoped.

Om du jobbar med nettutvikling, og er interessert i kva som virkar for å bli «The Next Big Thing», vil eg på det sterkaste anbefale å plukke opp denne boka! 🙂

14 kommentarer

    • Henrik Lied (NRK) (svar til Andreas Haldorsen)

      Ikkje utan vidare. Den legg opp til at du har tidlegare erfaring med HTML, og er interessert i kva HTML5 bringer med seg av nyvinningar. Men utover det er boka særs lettlest, og har ikkje høge tekniske krav.

  1. Thomas Skogestad

    Nettegneserien Unshelved anmeldte/omtalte denne boka på fredag.

    unshelved.com/2010-7-23

    Det er kanskje ikke hipt å lese en tegneserie som foregår på et bibliotek. (Eller er det?) Den pleier i det minste å være rimelig morsom. Og forståelig, selv om man ikke jobber på et bibliotek.

    For to uker omhandlet ukens bokomtale Jo Nesbøs «Doktor Proktors prompepulver», eller «Doctor Proctor’s Fart Powder». Jeg regner med at dette er første gang en norsk bok er blitt omtalt.

    unshelved.com/2010-7-16

    (Det er sikkert krevende å få stadige nye ideer, så fra nyttår ble stripen redusert fra seks vanlige striper per uke + en bokomtale på søndager til fire nye striper + bokomtale på fredager.)

    Svar på denne kommentaren

Legg igjen en kommentar til Holten Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *. Les vår personvernserklæring for informasjon om hvilke data vi lagrer om deg som kommenterer.