nrk.no

MiniTV også på iPhone

Kategorier: Gadgets,Media,Mobil,Trådløst,TV & Video

President i WorldDMB, Jørn Jensen, ser MiniTV på iPhone.
President i WorldDMB, Jørn Jensen, ser MiniTV på iPhone.

MiniTV har snart vore på lufta eitt år i Noreg. Det finst 5-6 ulike terminalar på marknaden, men ingen av desse er mobiltelefonar. Det er det mange som har sakna. Men no kan du snart sjå MiniTV på mellom anna iPhone.

President i WorldDMB, Jørn Jensen, ser MiniTV på iPhone.
President i WorldDMB, Jørn Jensen, ser MiniTV på iPhone.

Jørn Jensen som er president i organisasjonen WorldDMB og rådgjevar i NRK har fått tilsend ein prototype på ein «dongel» eller ein ekstern liten mottakar (den kvite firkanta dingsen som heng rundt halsen til Jørn) som overfører MiniTV-signalet trådlaust til iPhone og andre telefonar. Denne har vi testa, og den fungerer veldig fint. Du lastar ned ein applikasjon frå iTunes og installerer denne på telefonen. Dermed får du inn 6 TV-kanalar i fullskjerm og 14 radiokanalar via DMB-nettet.

Prototypen vi har testa kjem frå Kina, og den er venta å kome på marknaden i løpet av året. I tillegg arbeider andre produsentar med liknande løysingar.

Mange ønskjer likevel at MiniTV skal kome innebygd i mobiltelefonen. Og i Asia kjem dei fleste mobiltelefonane med innebygd mottak for «MiniTV.» Kva tid slike telefonar kjem til Europa og Noreg er berre eit tidsspørsmål.

Ei slik løysing med ekstrautstyr som kan liggje i lomma gjer likevel at ein på ein god måte kombinerer kringkasting for direktesend TV og radio med bruk av Internett til program i opptak og interaktivitet til avstemmingar, diskusjonar om TV-program eller kjøp av kinobillettar. Dermed kan dei som ønskjer å sjå eller høyre program direkte gjere det utan å bruke avgrensa kapasitet i mobile nett. Og dei som ønskjer å bruke Internett til andre ting kan gjere det utan å verte avgrensa av bandviddebruken til alle som ser populære program på direktesend TV. For Norges mobil-TV som eigast av NRK, TV 2 og MTG/Viasat er målet å optimalisere brukaropplevinga for TV-sjåaren. Det inkluderer å enkelt kunne gå mellom direktesend TV og program i opptak. Combination is the new king.

Er ein slik trådlaus mottakar ein god idé, vil du heller ha MiniTV innebygd i telefonen (iPhone, Nokia, LG eller andre) eller meiner du at alt best løysast via Internett (WLAN, 3G, 4G, 5G, etc.)?

19 kommentarer

  1. Hadde kanskje vært fint med en dongle med kabel også? ser for meg at wifi trekker litt mer strøm enn nødvendig når du som regel sitter rolig og ser tv likevel. Da kunne jo enheten doblet som ekstra batteri 🙂

    Svar på denne kommentaren

  2. Gunnar Garfors (NRK)

    4G-nettet byggjast ut og vil heilt klart betre kapasiteten. Det er likevel eit veldig dyrt nett å byggje, spesielt om område utanfor storbyane skal dekkjast. Og som med alt som har med kapasitet å gjere: Auka tilbud fører til auke etterspørsel. Det er ikkje lenge før også 4G-nettet går fullt då stadig fleire brukar meir avanserte mobiltelefonar eller surfar via eit 4G-kort i datamaskina.

    Med ein kringkastingsteknologi avlastar ein Internett-bruk ved å få all direktesjåing og -lytting over dit i tillegg til å nå mange fleire over store avstandar. Og i stor fart for dei som reiser med bil, tog eller fly.

    Svar på denne kommentaren

  3. Gunnar Garfors (NRK)

    Og ja, DMB er laga for å fungere med lågt batteriforbruk. Høgt batteribruk er ei ulempe med WLAN.

    God idé med ekstra batteri i ein slik dongel, Bent! Eit tips til produsentane der ute?

    Svar på denne kommentaren

  4. Gunnar Garfors (NRK)

    Dongelen skal fungere for andre telefonar enn iPhone, det same gjeld liknande produkt frå andre produsentar, men vi har ikkje fått testa dette heller enno. Android vert minst like viktig som iPhone.

    Svar på denne kommentaren

  5. Vebjørn Kvalvik

    Jeg ser aller helst at dette er noe som løses via mobilnettet. Og det er nok det som vil gjøre det mest tilgjengelig for folk flest da man ikke vil ha behov for noe ekstrautstyr, annet enn en app som installeres på telefonen.

    NRK har jo en glimrende løsning for radio på iPhone, hvorfor ikke noe lignende for NRK Nett-TV? Er det noe som allerede er under utvikling eller noe som ligger på vent? ABC i USA har en applikasjon hvertfall til iPad, så det bør jo være mulig å løse. Til mer mobile enheter (som iPhone, Android-telefoner, osv) vil det riktignok ikke være nødvendig med like høyoppløst streaming og dermed noe som fint bør være mulig å kjøre over 3G-nettet?

    Svar på denne kommentaren

  6. Stig Ove Voll

    Spennende saker, men vil ikke en innebygget MiniTV-løsning kreve stor batterikapasitet og føre til større telefon? I såfall kan jeg være godt fornøyd med dongle-løsningen.

    Svar på denne kommentaren

  7. Gunnar Garfors (NRK)

    Takk for gode spørsmål, Vebjørn. Det er ulike grunnar til at dette ikkje bør løysast over mobilnettet.

    For det første har mobilnetta (eksisterande og framtidige) avgrensa kapasitet. Det gjer at vedvarande kapasitetstungt innhald som direktesend TV og radio som mange vil sjå eller høyre samstundes bør sendast over eigne kringkastingsnett for å avlaste mobilnetta som då kan brukast til ordinær surfing, inkludert konsum av program i opptak (on demand). Under OL i Torino gjekk til dømes 3G-nettet i delar av landet ned fordi for mange ville sjå vinteridrett på same tid. Det gjekk då ikkje an å ringe med eller sende melding frå 3G-telefonar som ikkje også var stilt inn slik at dei kunne nytte GSM. Å surfe på internett via 3G var sjølvsagt også utelukka. Vi har sett fleire liknande episodar, og toppsjefar frå ulike teleoperatørar og mobiltelefonprodusentar har gått ut og advart mot mangel på kapasitet i mobilnetta. Med eit kringkastingsnett er det inga kapasitetavgrensing. Om det er ein einsleg radiolyttar eller to milliardar TV-sjåarar har ingenting å seie.

    I Noreg kan berre nokre få titalls tusen menneske sjå nett-tv (i normal kvalitet) på same tid før heile nettet går fullt og det vert veldig treigt eller umogeleg å surfe alle andre. Det same ville skje om under ein tredel av radiolyttinga i Storbritannia skulle gå frå FM og DAB til Internett. Det finst løysingar på dette som multicasting, men ingen har enno fått dette til å fungere tilfredsstillande i stor skala og heile vegen til sluttbrukaren.

    Når det gjeld WLAN så er det relativt batterikrevjande medan DMB er spesiallaga for å fungere med lågt batterikonsum.

    NRK sin radioapplikasjon fungerer kjempefint, men om for mange ønskjer å lytte på radio samstundes går mobilnettet altså fullt, som forklart over. Poenget er å tilby innhaldet der brukaren ønskjer det samstundes som ein utnyttar infrastrukturen på ein optimal måte. Om NRK planlegg ein tilsvarande TV-applikasjon må dei sjølve svare på.

    Ulempa med kringkastingsteknologiar som DMB er, som du skriv, at det krevst ein eigen mottakar, men den kan vere innebygd i telefonen (som er vanleg i Asia). Når dette vert vanleg også i europeiske mobiltelefonar vil dei ulike distribusjonsteknologiane fungere særs godt saman. Og det er dette samspelet vi jobbar mykje med å få til å optimalisere både i NMTV og enkeltståande kringkastarar i inn- og utland. NMTV er altså på ingen måte imot Internett. Vi ønskjer å kombinere ulike distribusjonsteknologiar på best og smartast mogeleg måte.

    Svar på denne kommentaren

  8. Gunnar Garfors (NRK)

    DMB-mottakaren (i form av ein chip) er på storleik med ein 10-øring, Stig Ove. Telefonen vil altså ikkje verte noko større då produsentane er flinke til å implementere desse mottakarane på smarte måtar.

    Når det gjeld batterikapasitet så vil den vere betre ved bruk av DMB enn ved WLAN. Og i alle fall ikkje dårlegare enn bruk av 3G.

    Svar på denne kommentaren

  9. Hvorfor skal man kaste bort frekvenser til dedikerte kringkastingsnett når man kan bruke generelle mobil-nettverk?

    4G-mobilnettverk skal etter det jeg har forstått ha muligheter for kringkasting (multicast).

    Det var fint å kunne se på TV når jeg kjedet meg på en av de mange bussreisene i Singapore. Mye bedre med mobil TV på bussen i Singapore enn å håpe på nok en dag uten å bli påkjørt av andre bilister her i Dubai.

    Det norske bakkenettet er nå en realitet. Det er trist, men det har muligens noen gode sider.

    Svar på denne kommentaren

  10. 2011 og fortsatt ingen mulighet til å se minitv på iphone!? Noe merkelig vil jeg si. Dette skulle da være en enkel og grei sak å utvikle!?!?

    Noen som har hørt om ferdige løsninger?

    Svar på denne kommentaren

Legg igjen en kommentar til Stig Ove Voll Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *. Les vår personvernserklæring for informasjon om hvilke data vi lagrer om deg som kommenterer.