HTML5 er – som mange har fått med seg – den siste iterasjonen av HTML-spesifikasjonen. HTML 4.01, som vi no har hatt i elleve år (!!) er kraftig utdatert. HTML5 innfører ein del nye elementer og APIer som på mange måter vil gjere det lettare for utviklarar og innholdsprodusentar å publisere media på nett.
TL;DR (samandrag)
HTML5 innfører fleire nye elementer (ofte feilaktig referert til som ”tagger“) som kan hjelpe til å gjere nettet meir interaktivt og mindre avhengig av proprietær teknologi. Vi i NRK ser på mulighetene for enklere integrering av lyd, video og greotagging som spesielt interessant.
HTML5
W3C er organisasjonen som vanlegvis står for utviklinga av spesifikasjoner og protokoller retta mot nettet. Slik var det ikkje i oppstarten av Web Applications 1.0 (det tidligare navnet til HTML5). I juni 2004 starta nøkkelpersoner i Opera Software, Apple og Mozilla den lille standardiseringsgruppa WHATWG, som ein protest mot den byråkratiske og treige framgangen til W3C. Det første prosjektet dei la ut på var å forbetre den noverande HTML-spesifikasjonen. Etter kvart fekk W3C snusen i prosjektet, og tok over ansvaret for organiseringa av spesifikasjonen. Den har no «Editors draft-status», som enkelt og greitt betyr at spesifikasjonen er i tidlig utviklingsfase. Dette betyr at ein god del fortsatt kan endre seg. Nedanfor fokuserer eg derfor på det som er “fastsatt” funksjonalitet.
Kva med XHTML2?
I 2002 byrja W3C arbeidet med XHTML2, som skulle bli etterkomaren til XHTML1.1. XHTML2 skulle bli revolusjonerande: Bryt med dagens standardiserte måter, og lag eit betre internett. HTMLs FORM-element skulle byttast ut med XForms, FRAMES skulle bort, DOM-modellen skulle byttast ut med ein XML-basert objektmodell. Absolutt ikkje bakoverkompatibelt.
…og det viste seg å være problemet. På denne tida hadde Internet Explorer og Netscape monopol i nettlesarkrigen (Firefox blei lansert seint i 2004), og dei hadde på ingen måte verken interesse eller moglegheit til å oppdatere nettlesarane sine til å støtte nye dei nye standardane. Dette førte til at nettutviklarar ikkje kunne implementere nyvinningane i XHTML2, då det ville “øydeleggje internett”.
Nyvinningar i HTML5
HTML5 har som mål å (for det meste) vere bakoverkompatibelt med tidligare versjoner av HTML. Ein eldre versjon av Internet Explorer skal kunne vise eit HTML5-dokument for brukaren uten for mykje tap av informasjon. Til tross for dette vil HTML5 by på ein del ny og interessant funksjonalitet:
Innebygd støtte for lyd og bilde
YouTube er (iflg. Alexa) den 4. største sida på nettet. Og dette til tross for at HTML pr. i dag ikkje har gode løysinger for visning av video. HTML5 innfører to nye elementer som er relevante for media: VIDEO
og AUDIO
. Å leggje inn ein video på ei nettside er no så enkelt som <video src="video.mp4" controls="controls">Din nettleser støtter ikkje HTML5</video>
. Å leggje inn lyd er like enkelt.
For tida er det litt strid rundt kva videoformat som skal brukast (fyldig beskrivelse hos ArsTechnica), og det ser ut til at ein må støtte både Ogg Theora og H.264.
Dokumentstruktur
HTML 4.01 har elementaDIV
og SPAN
, som ikkje held semantisk verdi. Likevel ser ein ofte at kode som <div id="sidebar">
brukast for å strukturere dokumenter. HTML5 innfører seks nye elementer relatert til dokumentstruktur: ARTICLE
, SECTION
, HEADER
, NAV
, FOOTER
og ASIDE
. Dette vil blant anna gjere det lettare for framtidas nettlesarar og søkemotorar å hente ut strukturert informasjon frå ei nettside.
Betre FORMs
type
-attributten til INPUT
-elementet støttar no langt fleire verdiar. Om du set den til date
skal du få opp ein “datepicker”, datalist
gjev deg ein interaktiv SELECT-boks, email
krever ei gyldig epost-adresse osv… Du kan lese om alle dei nye verdiane i spesifikasjonen.
Lokal lagring og WebSockets
Dette er utan tvil det eg er mest interessert i. HTML5 spesifiserer ein standard for lokal lagring av data hos brukaren. Du kan dermed f.eks. jobbe med innhald lokalt, for å så synkronisere det mot databasen på nettet seinare. Ein finfin JavaScript-API er også definert.
WebSockets er XMLHttpRequest (populært kalla AJAX) på speed. WebSockets definerer ein ny protokoll for overføring av asynkron informasjon i nettlesaren. XMLHttpRequest støttar kun henting av informasjon frå samme domene som forespørselen blei sendt frå, mens WebSockets fungerer på tvers av domener. WebSockets har også langt mindre overhead for kvar request-response-syklus (0.1k mot AJAX sin 5k), som fører til at du får sendt og motteke informasjon kjappare. Komprimering er enno ikkje ein del av WebSockets, men dette står på planen.
CANVAS, DOCTYPE, Web Workers og mykje meir
HTML5 blir absolutt spennande. Om dette vekka interessa di, vil eg anbefale å sjekke ut oversikta over nye spesifikasjoner relatert til HTML5: http://dev.w3.org/html5/workers/.
Innspel
Har du nokre innspel til kva vi burde sjå nærare på? Er det noko du finn spesielt interessant med HTML5? Diskutér!
Oppdatering:
Artikkelens innhold er justert etter publisering for å korrigere status for bruk av HTML5 i NRKs arbeid med ny Nett-TV.
––––––
Ressurser
- Dive into HTML5 – fortsatt veldig under utvikling, men Mark Pilgrims stil og tone gjer HTML5 veldig lettforståelig.
- HTML5 hos WHATWG – ferskaste utgåva av spesifikasjonen finn du alltid hos WHATWG
- blog.whatwg – WHATWG sin offisielle blogg
––––––
Christian W
Webtv? apiapiapiapiapiapiapiapiapiapiapiapiapiapiapiapi… (?)
Knut-Olav Hoven (NRK)
Jeg ser for meg at HTML5 kan bli en utfordrer for mange mobile applikasjoner, først og fremst på grunn av krav om hyppige utrullinger.
Å pakke og rulle ut nye versjon av en iPhone-applikasjon (og for andre mobiltelefoner forsåvidt) er en tidkrevende prosess. Å rulle ut en ny versjon av en web-applikasjon er betydelig raskere.
Kanskje vil vi se hybrider; mobilapplikasjoner med installasjonsprogram, eventhåndtering og ikoner som brukes for å laste en web-applikasjon og integrere denne med andre applikasjoner på enheten.
Også på desktopen vil man kunne bytte ut enkelte applikasjoner med slike web-applikasjoner, da man har tilgang til lokal lagring.
Sturle
Dette er kjempebra!
At Apple som patentinnehavar pressar på for H.264 er naturleg. At Google pressar på hadde vore naturleg dersom Youtube-argumentet framleis var gyldig, men med siste versjon av Theora er det tvilsamt. Chrome skal dessutan støtte begge. Kva med NRK? Får vi Theora til glede for Firefox- og Opera-brukarane, H.264 til glede for Safari-brukarane eller begge delar når NRK tek i bruk HTML5?
(Førebels vil nok Microsoft trenere HTML5-søtte so langt det er mogleg til fordel for Silverlight, so Internet Explorer-brukarane er det ingen grunn til å vente på.)
Ronny-André Bendiksen
Hvordan er det med nettleserstøtte? Hvem støtter nå, og hvordan ser utsiktene ut de neste årene? Og hvor langt etter vil browsere etter?
Andreas Nordal
en.wikipedia.org/wiki/Theora#Native_browser_playback
Nå mangler det bare at noen viser JuTjub hvordan det skal gjøres…
Henrik Lied (NRK)
Knut-Olav: Eg er óg ganske sikker på at det blir fleire hybrider, iallfall etter som utviklingsrammeverka for mobile webapps blir betre og betre (jqTouch er eit eksempel). Du har óg løysinger som Appcelerator, som lar deg byggje krysskompatible apps i HTML/CSS.
Sturle: Har etterspurt litt meir info om dette, men eg veit at det iallfall er påtenkt.
Ronny-André: Det kjem litt an på kva funksjonalitet du er ute etter. HEADER, FOOTER, NAV, ASIDE, SECTION, ARTICLE fungerer i alle nettlesarar, så det er berre å ta i bruk. AUDIO og VIDEO funker i nyare versjoner av Safari, Opera og Firefox (antaglegvis fleire), men treng ein workaround i IE (som beskrevet i artikkelen). CANVAS fungerer også dei tre overnevnte, og også i IE med ein workaround. geolocation er foreløpig kun støtta i MobileSafari og Firefox, men det er på veg til Safari (og då sikkert også Chrome). Lokal lagring er vel kun i Firefox, Safari og Chrome – ingen workaround for IE-støtte der. Sjå derfor på det som tilleggsfunksjonalitet.
Kevin Brubeck Unhammer
Så kor lenge til me kan scrobble sangar frå NRK nettradio til Libre.fm? =P
Simon
Herlig at dere vil støtte Ogg/Theora. Når det blir rulla fullt kan forhåpentligvis endelig jeg og andre Linux-brukere også nyte NRKs NettTV uten klønet det er å få det til å fungere med wmv eller moonlight 🙂
Vages
Veldig bra at Ogg/Theora er deres format, ja. Jeg synes det er dumt at ikke Safari og Chrome har gått for disse formatene, slik at vi kan enes om ett lett, åpent format. Lukkede løsninger, som H264, er kanskje mer lagringseffektive, men med restriksjonene det legger på bruken, har det ikke livets rett i det lange løp.
I tillegg har jeg hørt at H264 er tyngre å dekode enn Ogg/Theora, som gjør det mindre aktuelt nå som mobilt web kommer for fullt.
Ronny Vårdal
Arbeidet dere driver med på NRK, sånn som implementering av bittorrent og HTML5 er ene og alene faktisk nesten verd TV-lisensen vår 😉
Kristian
Siden vi er inne på nett-tv, har dere vurdert å lage en app til Boxee?
Kevin Brubeck Unhammer
+1 på Boxee. Tidlegare fantest ein «NRK Browser» til XBMC (som Boxee er basert på), men det hadde vore kjempekult med eit offisielt tillegg.
Karl AD
Ser at flere refererer til h264 som et «lukket» format og OGG/Theora som «åpent». Dette er ikke helt riktig .h264 er en åpen ISO-standard, som da vil si at det er et eid/patentert format, men kildekoden er blitt frigitt/offentliggjort, slik at hvem som helst kan lage applikasjoner som støtter formatet. Begge er altså åpne formater, men forskjellen er at OGG/Theora ble utviklet som åpen kildekode, mens h264 ble ikke det.
Sturle
Karl AD: Du har misforstått fullstendig, er eg redd.
Format og kjeldekode er to heilt separate ting. Det eine er ein måte å lagre data på. Det andre er ein tekst som forklarar ei datamaskin korleis dataane skal tolkast, lesast eller skrivast.
H.264 er ein ISO-standard, men det har ingen samanheng mellom det og eigedom eller patent. Til dømes er SI-systemet standardisert som ISO-1000, utan at det er patent på SI.
Problemet med H.264 er at mange av algoritmane som må brukast for å kode og dekode til lagringsformatet er patentert i land som tillet patentar på algoritmar. (Noreg gjer ikkje det.) I dei landa kostar det pengar å utgi eit program som implementerer dei patenterte algoritmane. Blant patentinnehavarane er Apple og Microsoft. Dersom H.264 vert standardformat på web, og Firefox og Opera skal støtte det, må Opera og Mozilla betale pengar til blant anna Apple og Microsoft for kvar kopi av programmet som implementerer dei patenterte algoritmane (i land som tillet patent på algoritmar, noko som etter mi meining er absurd). Det har sjølvsagt ikkje Opera eller Mozilla veldig lyst til.
Ogg Theora og lys-kodeken Vorbis er patent-fri. Dei har spesifisert formatet slik at ein ikkje treng å bruke nokon patenterte algoritmar for å kode til eller frå det. Dermed kan alle bruke det. I tillegg finst det eit par frie implementasjonar av programvare som kan kode og dekode, men ikkje alle er frie. Opera kan spele både Vorbis og Theora, men er ikkje fri programvare.
Henrik Lied (NRK)
Må nok skuffe alle som er happy over Ogg-støtte: Det er visst ikkje på planen (i denne omgang, iallfall).
Løysinga blir nok at alle nettlesarar som ikkje har innebygd støtte for H.264 vil få servert ein Flash-avspelar i staden.
Dilbert
«Til den så mykje omtalte nye nett-tven til NRK eksperimenterer vi no med å bruke HTML5s nye VIDEO-element til visning av video.»
Verdt lisensen alene.
Sturle
Svært skuffande at NRK ikkje vil bruke Ogg Theora. Kva er grunnen til at NRK vil gi brukarar av fri programvare eit dårlegare tilbod enn kundar av Apple og Microsoft? Eg tykkjer ikkje det er god bruk av lisenspengar. Flash!? Pføy!
Kva gjer NRK når bruk av H.264 på nett medfører krav om patentlisens til neste år? Kjem NRK til å heve lisensen for å betale løysepengar til Apple og Microsoft (via MPEG-LA) eller stengje ute brukarar frå land som tillet programvarepatent?
Fredrik Graver
The Guardian har en fin gjennomgang av H.264, YouTube og FireFox. guardian.co.uk/technology/blog/2010/jan/25/firefox-open-video-support
Dette mener jeg er en prinsipielt viktig sak og NRK, som en offentlig lisensfinansiert kringkaster, bør unngå en lukket kommersiell løsning som H.264. Skal NRK bidra til at nettet er åpent eller lukket?
Ja til Ogg/Theora!
Øyvind Solstad (NRK)
@Sturle og @Fredrik Graver: NRK har startet et digert arbeide med ny Nett-TV. Derfor er det umulig for oss å si noe om hva vi skal tilby når det er ferdig. Vi har bokstavelig talt millioner av klipp, så det er en stor kostnad og logistikk fobundet med dette.
I Regjeringens «Referansekatalog for IT-standarder i offentlig sektor»:
regjeringen.no/nb/dep/fad/dok/rundskriv/2009/referansekatalogen/1-sammendrag.html?id=570711
…står det:
Det betyr at fra staten av er H.264 likestilt med Ogg Theora.
Denne artikkelen er IKKE stedet for den store diskusjonen om Ogg Theora vs H.264. Den kommer men ikke nå. Så please ikke trekk for raske konklusjoner ennå. Her er det MYE som må utredes og finnes ut av.
Andreas Nordal
Jeg lager heller mitt eget theora-nettsted med <video>-element enn å nedlate meg til å bruke Flash-Player, om det så er kun til mitt private bruk. Serveren min kan godt transkode NRK Nett-TV natt og dag.
Kevin Brubeck Unhammer
@Andreas Nordal: tinyogg for NRK? Det høyrest Løysingsorientert ut 🙂 Du har iallfall éin til brukar her…
Fredrik Graver
@Øyvind: Jeg baserte min konklusjon på noe @Henrik Lied skrev:
Men det er godt å høre at dette fremdeles er under utreding. Dette er en viktig sak for meg (åpne kontra lukkede systemer), så jeg skal innrømme jeg har en tendens til å hoppe på slike diskusjoner i overkant fort. Skal forsøke å være litt mer tilbakeholden 🙂
Sturle
Sjølve konverteringsjobben forstår eg er formidabel, men CPU-bunden og bør vere lett å distribuere ut til datamaskiner over heile NRK. Dei kan stå og konvertere medan ingen brukar dei. Til dette kan de til dømes bruke Condor (gratis). Då kostar ikkje sjølve konverteringa meir enn litt ekstra straumforbruk og diskplass til lagring av konverterte filer. Kanskje de brukar noko liknande frå før?
Eller de kan bruke tinyogg (genialt, takk!) flittig, og lenke til ferdige resultat derifrå. Sparar både CPU, disk og bandbreidde. Kanskje vi ikkje treng meir enn eit greasemonkey-script? 🙂
Øyvind Solstad (NRK)
@Fredrik Graver: Og det stemmer at det ikke er noen planer for Ogg Theora nå. Det er derimot et vedtak om at det som er i WMV nå skal over på H.264. Det kommer av at H.264 fungerer på så og si alt som finnes som har strøm i seg.
Øyvind Solstad (NRK)
@Sturle: Det er ikke bare at vi må konvertere masse klipp. Mange må sannsynligvis eksporteres ut fra arkivene våre på nytt, fordi dagens WMV-filer er i for dårlig kvalitet, spesielt etter konvertering.
Selv med flere tusen PCer og Macer i NRK, så vil vi ikke kunne bruke disse til denne konverteringen og eksporteringen, fordi det forutsetter alt for mye data som skal fly fra arkivene til der konverteringen skal gjøres og tilbake igjen. Det må gjøres på egne servere/systemer som er satt opp for dette.
Fredrik Graver
@Øyvind Solstad: det var derfor jeg linket til artikkelen fra The Guardian. Fra den:
Resten leser du her: guardian.co.uk/technology/blog/2010/jan/25/firefox-open-video-support
Altså, H.264, selv om det er et utmerket format, virker ikke på alt som har strøm.
Jeg er ingen Open Source fanatiker, men er (som jeg tror dere i NRKbeta også er) meget opptatt av at de løsningene NRK velger skal fungere så godt som mulig uansett hvilket OS eller browser man velger. Hvis Mozilla velger å ikke betale lisensavgift for å kunne integrere H.264 risikerer man at en betydelig andel av folk på nett ikke kan se det materialet dere bruker masse tid og ressurser på å konvertere.
Jeg ser jo at dette er litt av en storm i et vannglass; det vil sikkert finnes løsninger for de som bruker FF også. Men er ikke litt av poenget at alt dette WMV-materialet skal bli allment tilgjengelig på enklest mulig måte?
Fredrik Graver
Litt mer utdypende info som HTML5 / H.264 fra Mike Shaver (dette innlegget er også lenket til i Guardian-artikkelen:
shaver.off.net/diary/2010/01/23/html5-video-and-codecs/
Snurre
«HEADER, FOOTER, NAV, ASIDE, SECTION, ARTICLE fungerer i alle nettlesarar, så det er berre å ta i bruk.»
Dette er vel ikke helt sant, i IE er du nødt til å legge til et javascript for at disse taggene skal bli «akseptert»
html5doctor.com/how-to-get-html5-working-in-ie-and-firefox-2/
Truls
Slik som jeg har forstått det så kan man ikke patentere teknologier, som f.eks h264, i Norge og i resten av Europa. Mulig jeg tar feil..
Fredrik Graver
@Truls – kan godt hende du har rett; skal innrømme at det vet jeg ingenting om. Men problemet er at Mozilla må forholde seg til amerikansk lov om dette. Dermed blir det ikke mulig for folk som bruker Firefox å se H.264 etter 2010 (slik jeg har forstått det).
Dette blir irriterende men overkommelig for de som foretrekker FF på Mac eller Windows, men kan bli et stort problem for de som bruker varianter av Linux.
Derfor mener jeg NRK bør tenke seg om før de bruker masse tid og ressurser på H.264. Litt av poenget med en allmennkringkaster er jo at signalet skal være tilgjengelig uavhengig av hva slags apparat du bruker.
Øyvind Solstad (NRK)
All den tid hele YouTube er H.264 så er vel dette noe som kommer til å løse seg? Det er vel ikke slik at Mozilla + YouTube ikke funker etter 2010? Nekter jeg å tro…
Vidar S. Ramdal
@Øyvind Solstad
Vel, det virker som de er ganske kompromissløse: theregister.co.uk/2010/01/25/mozilla_and_shaver_on_h264_video_codec/
Øyvind Solstad (NRK)
@Vidar: Spennende utvikling. Det sier mye om hvor vanskelig det er når alt mulig kan patenteres, også ting som er så dagligdags for millioner av brukere.
Jeg merker meg også at Ogg Theora foreløpig ikke er noe de store innholdsleverandørene vil satse på. Jeg tror ikke NRK er hverken stor nok eller har penger eller muskler nok til å ta en slik krig alene. Om YouTube begynner å kjøre Ogg Theora, så er det en helt annen historie. Eller om det begynner å komme Ogg Theora støtte i et flertall av mobiltelefonene som selges. I dag er det et mikroskopisk marked.
Vi i NRK følger med. Og vi skal være langt framme i utviklingen men kanskje ikke aller forrest? Det kan fort bli veldig dyrt og hakket for usikkert…
Det er veldig bra å bli tipset om ressurser som gir ordentlige råd om slike ting, da det fort kan bli leir mot leir og altfor mye religion i slike saker.
Kevin Brubeck Unhammer
@Øyvind, når det gjeld dette «usikre patentlandskapet» som Apple prøver å skremme folk med:
(frå guardian.co.uk/technology/blog/2010/jan/25/firefox-open-video-support)
Men det som betyr noko her er kanskje heller at Apple vil halde seg unna Ogg Theora; uavhengig av om dei gjer det av grunnar som er til gode for brukarane eller ikkje.
Andreas Nordal
@Øyvind
Jeg skjønner at det virker ulogisk å gå en annen vei enn de store aktørene, men når vi ser på begrunnelsene til Apple og YouTube for å fortsatt satse på H.264, tror jeg mer enn noe annet at de er bundet av et valg de tok for lenge siden. De har allerede satset såpass at det er kostbart å snu.
Dette var sant før libtheora 1.1 «Thusnelda», senere ble påstanden tilbakevist her og her.
Som maskinvareprodusent må Apple ta en del av skylda for dette.
Sturle
@Truls: Store land som Tyskland og Japan tillet programvarepatent. Det er ikkje eit reint amerikansk problem.
@Andreas Nordal: Apple eig patent på H.264, og har stor økonomisk eigeninteresse i at H.264 skal bli ein utbreidd standard. Det jobbar dei for. Alt anna er utanomsnakk.
@Øyvind Solstad: Dersom ikkje YouTube vil tilby video i nettlesaren til 1/3 av brukarane, kjem dei til å miste ein stor del av marknaden. No er det stillingskrig, men den kjem ikkje til å vare lenge. Konkurrentar som DailyMotion er godt i gong med konverteringsjobben. YouTube kan fylgje med utviklinga eller miste kundar.
Litt om HTML5 « Roar's IKT126 blog
[…] nrkbeta.no/2010/01/22/litt-om-html5-og-kva-det-betyr-for-nrk/ […]
NRK går for HTML5? « FriBit
[…] Beta er ofte hyggelig lesning, spesielt når vi ser i artikkelen Litt om HTML5 at “Vi i NRK ser på mulighetene for enklere integrering av lyd, video og greotagging som […]
Øyvind Solstad (NRK)
Da kan vi legge bekymringene om kjipe lisenser på H.264 på hylla noen år til:
mpegla.com/main/Pages/Media.aspx
Hallvard
First shot is free 🙂
Blir spennende å se hva google gjør med On2 – de har jo ingen eierinteresser i h264 og er nok ikke spesielt keene på å risikere å måtte betale pr avspilte klipp til MPEG-LA en gang i fremtiden.
Noen NRKere som vet hva NRK betaler til MPEG-LA for det digitale bakkenettet? Eller er alt sånt håndtert av setup-boks-produsentene og betalt av forbrukerne?
Per Arne
>Da kan vi legge bekymringene om kjipe lisenser på H.264 på hylla noen år til:
>
>mpegla.com/main/Pages/Media.aspx
Beklagelig så er det ikke korrekt.
0xdeadbeef.com/weblog/2010/01/html5-video-and-h-264-what-history-tells-us-and-why-were-standing-with…
Dette er en mail fra mpeg la: lwn.net/Articles/371751/
Det at NRK skal sitte på gjerdet er i mine øyne helt feil. Her har dere en virkelig god sjanse til å ta i et tak for et fritt tilgjengelig internet.
Etter at WHATWG fjernet OGG/Theora som standard for video elementet.
Ble det opp til nettleser produsenter og i hovedsak innholdprodusenter å bestemme hva som blir «standard».
De eneste som tjener på at H.264 blir valgt i det lange løp, er de som sitter på patentene.
«Our MPEG-4 Visual Patent Portfolio License includes 29 patent owners
contributing more than 900 patents that are essential for use of the
MPEG-4 Visual (Part 2) Standard. Our AVC Patent Portfolio License
includes 25 patent owners contributing more than 1,000 patents that are
essential for use of AVC/H.264 Standard («MPEG-4 Part 10″). »
Dette er ikke en viktig sak akkurat idag. Men det er en svært viktig sak for hvordan internet vil se ut om 5-10 år(HTML6). Og da blir det veldig vanskelig å gjøre noe med det.
Flash fallback er et elendig alternativ da flash er utrolig kjipt på både Mac og Linux.
Kevin Brubeck Unhammer
Haha Flash fallback – som å servere rå kylling til ein vegetarianar.
—
Takk for den artikkelen, Per Arne 🙂 Som programmerar falt eg for dette argumentet:
Fridomen til å skape. Det er det me mister med programvarepatent.
Men som brukar/forbrukar, og iallfall om du er filmskapar og har lyst til å tene pengar på det du har laga, er kanskje dette viktigare:
oldman
NRK har aldri forstått dette og vil heller ikke forstå. Da de innførte win. formatet ble de advart og jeg selv skrev email til teknisk direktør i NRK. Jeg fikk en email tilbake som viste null innsikt. At ikke det er ei engangtabbe fra NRK er innføringen av silverlight ett døme på. Å bli lurt flere ganger uten å skjønne det er å bli bondefanget. Det er helt fantastisk hvor mange inkompetente personer som sitter rundt omkring og bestemmer disse sakene. H264 er ikke fritt, for cpu krevende og for komplisert. Likevel blir det valgt. Ett annet aspekt er at det heller ikke kan utvikles. Selv om apple propaganden skulle være riktig ( noe den for alle oppgående mennesker ikke er ) så vil ogg/vorbis kunne utvikles på en helt annen måte. Du ville få en utviklingsdynamikk som en har sett på andre områder. Med H264 blir det garantert stillstand.
Tor Erik
@oldman Hvilket format skulle NRK heller valgt da de valgte Windows Media?
Dugnad: Hvem er jeg? Hvor er jeg?
[…] HTML5, den nyeste standarden for nettspråk, gjør det mulig for nettleseren å vite hvor du er og bruke dette ganske smertefritt. Dette kan brukes til en rekke nyttige og unyttige ting – iPhone-eksemplene er kanskje mest kjent; app’er bruker GPS i kombinasjon med annet trylleri til å plassere fotos på kart, finne nærmeste buss-stopp, pranke venner osv. […]
Kevin Brubeck Unhammer
Oppdaga just Projekktor Zwei, ein videospelar i HTML5+js (med flash fallback for dei som ikkje har HTML5), ser svært bra ut
De smarte telefonene
[…] Hvis du skulle være allergisk mot Flash, så kan du lytte på det første innslaget rett i browseren, så lenge den støtter HTML5s AUDIO-element: […]
Hvordan kan Facebook foreslå venner for deg som du IKKE har kontakt med på Facebook?
[…] Hvis du skulle være allergisk mot Flash, så kan du lytte på det første innslaget rett i browseren, så lenge den støtter HTML5s AUDIO-element: […]
Asker Kommune bytter til OpenOffice
[…] Og til denne saken skulle det vel bare mangle at vi også tilbyr filen i HTML5: […]
Marius Krinnan
Jeg lurer litt på hvordan lyd og video skal fungere med HTML5.
Bruker man lokal avspillingsprogram, vil man få et valg, vil det være definert i HTML-koden, vil man måtte ha en spiller liggende på serveren?
Vil man kunne bestemme utseende og layout på spilleren, eller er det snakk om at selve koden spiller videoen for meg? Hva da med andre kodeker?
Mulig dette er dumme spørsmål, men det får så være.
Henrik Lied (NRK)
Slettes ikkje dumme spørsmål!
HTML5-spesifikasjonen definerer eit sett med API-metoder som kan brukast til å kontrollere (den nettleser- eller operativsystemspesifikke) avspelaren. Du kan lese meir om desse APIane under VIDEO-seksjonen av HTML5-spesifikasjonen.
Her er eit fint eksempel på ein HTML5-player som er skinna for å likne på Quicktime: Sublime Video.
Marius Krinnan
Takk for svar. 🙂
Gleder meg til å se HTML5 i fast bruk. Prøvde betaen til YouTube for et par måneder siden, men der var video-oppløsningen foreløpig for dårlig til at jeg gadd.
Men det spennende blir jo om nettsider som YouTube og f.eks. NRK nett tv, skal støtte begge deler samtidig.
Jeg er litt spent på hvordan man får beholdt alle de rare tingene man har gjort med flash video: Hvordan får vi annotations på YouTubevideoer uten flash?
Vil vi få beholdt de «segment-lenkene» som Revision3 bruker i spilleren? Innebygde knapper som «Liker» og «HD on/off» på Vimeo.
Og det blir sikkert litt utfordringer med å klistre samme kommentarsystem på to forskjellige interfaces, selv om de nok kommer til å se helt likt ut til slutt.
Blir morsomt å følge utviklingen fra en ikke-programmerende vinkel.
Lars
Hei, når får vi se html5 demo med webm/vp8 fra nrkbeta? 🙂 Ser i det minste frem til en kommentar, siden det har vært så mye snakk om h.264.
webmproject.org/
Internet Explorer i ny versjon
[…] Nytt i IE er støtte for HTML5, den nyeste versjonen av “markeringsspråk for formatering av nettsider”, eller på […]
Grei innføring i Internett og nettlesere
[…] er illustrert av Christoph Niemann og er laget med hjelp av HTML5. Les den her: 20 Things I Learned About Browsers and the […]
Html 5 | Eivind
[…] nrkbeta.no/2010/01/22/litt-om-html5-og-kva-det-betyr-for-nrk/ This entry was posted in Uncategorized by Antrax. Bookmark the […]
Web 2 (HTML5) – Hva er nytt i HTML5? | Kristian Eliassen
[…] W3.org NRK This entry was posted in Uncategorized by admin. Bookmark the […]