nrk.no

Smotthol mot sensur

Kategorier: Internett,Mobil & Nettkultur

Vi merka ikkje sensur av nettet i Turkmenistan, men nettbruken skal vere nøye overvaka og dei som går på feil nettstader får visstnok «køyrd seg.» Forhåpentlegvis ikkje nede i gaskrateret i Darvaza… Vi måtte gje frå oss passa våre for å få tilgang, så «nokon» visste truleg kva vi surfa på.

Esfahan, Iran er ein gamal by med flotte moskear. Men nettet i landet er sensurert så det held.
Esfahan, Iran

Underteikna reiser noko meir enn gjennomsnittet, av og til også til land som gjennomsnittsnordmannen held seg unna med mindre vedkomande vert kommandert eller tek feil fly. Nokre gonger er det jobbgrunnar til reisene, andre gonger har ferie skulda. I alle tilfelle ønskjer eg å ha mogelegheit til å aksessere internettet. Det er ikkje alltid like enkelt. Og då snakkar eg ikkje om utfordringar relatert til finne internettcaféar, ikkje eksisterande dataroamingavtalar mellom min norske teleoperatør (Telenor Mobil) og dei lokale televerka eller mangel på soner med trådlaus internettilgang.

Som regel finn eg ein eller annan luguber internettcafé eller ei usikra WLAN-sone. Av og til til og med mogelegheit for å med eit vestleg betalingskort betale for tilgang til trådlaust internett. Eller ein kabel i veggen på eit hotellrom. Dataroamingavtalar har Telenor med altfor få land til dei av oss som frekventerer land som ligg utanfor rekkjevidda til Norwegian, Widerøe og Danish Air Transport. Kostnadsmessig er det kanskje like greitt, men i akutte situasjonar er det meir irriterande enn visumkøar.

La oss leggje problema over til side og leggje til grunn at eg har kome meg på internettet. Det er då irritasjonen verkeleg startar i utvalde land. Ikkje på grunn av forventa treige oppkoplingar, men på grunn av sensur. Maks hat!

I Iran er t.d. over 10 millionar nettstader blokkerte, inkludert facebook.com, twitter.com, couchsurfing.org og dagbladet.no (men ikkje vg.no, couchsurfing.com eller nrk.no) og i Kina skal over 30.000 menneske vere fulltidstilsette med å overvake og blokkere nettstader som ikkje er ”fornuftige nok” til at den jamne kinesar skal trenge å bruke tid på dei.

Litt overraskande er det kanskje at også Tyrkia driv med sensur. Verken Youtube eller Myspace fungerer derifrå (men Facebook og Twitter er OK). På ein konferanse i Istanbul måtte ein av foredragshaldarane dermed bruke tre minutt på å forklare kva youtube er for noko. Vener i Tyrkia fortel at dei der unngår youtubeblokkeringa ved å taste inn IP-adressa i staden for den ordinære URLen. For så vidt eit aldri så lite smotthol.

På trass av sensurfritt internett i Herat, Afghanistan.
The workers are busy working. På trass av sensurfritt internett i Herat, Afghanistan.

Heldigvis for nordmenn i utlandet (om vi for eit lite sekund skal vere så ignorante å berre tenkje på oss sjølve og ikkje på dei som må leve i land med sensur) er det få norske nettstader som er stengde i dei ulike landa. Medan store nettstader som gjerne er meir brukte enn dei største norske som regel er blokkerte. Det inkluderar Facebook, Twitter, Flickr og BBC.

Av dei landa eg har vore i er det kanskje mest overraskande at det ikkje var sensur i Afghanistan. På den andre sida prøvar dei (om enn med litt valjuks i kampens hete) å etablere eit demokrati, så då er kanskje ikkje sensur rette staden å begynne. Og i Nord-Korea er vel internett strengt tatt ikkje sensurert. Det er ikkje eksisterande (bortsett frå for toppleiinga). Men ”alle” har tilang til eit ganske så stort ”intranett” med datingtenester, ”nyheiter” og det heile.

Smotthol

Så korleis kan vi unngå dette om vi vil oppdatere statusen på Facebook, poste eit spørsmål på Twitter eller laste opp feriebileta på Flickr?

Det finst nokre smotthol. (Eg skal liste nokre av dei, men håpar på hjelp frå dei av dykk som er hakket meir teknisk orienterte til å betre forklare korleis.)

Surf via mobiltelefonen

Du vil då dataroame og gå via teleoperatøren din sin gateway i Noreg. Då er eit problem løyst. Men det er ytterst få av ”problemlanda” som tilbyr dataroaming og dessutan er det veldig dyrt. Kina er det einaste landet eg har kunne nytte mobiltelefonen til å surfe sensurfritt i.

Send SMS

Det seier seg sjølv at SMS ikkje kan erstatte opplasting av bilete eller surfing på ulike nettstader. Men om det viktigaste for deg er å halde Facebook-statusen din oppdatert eller poste eit og anna innlegg på Twitter er dette ei løysing. For å enklast oppdatere statusen til på Facebook, treng du ein Twitter-konto. Ved å sende teksmeldingar til eit britisk telefonnummer postar du til Twitter. Ved å kople saman Twitter og Facebook vil Twitter-meldingane dine også gå ut til satusefeltet ditt på Facebook. Du er avgrensa til 140 teikn, men det er som regel nok til å seie relevante ting som ”har enno ikkje blitt kidnappa eller skoten trass unødig balkongopphald. Elles er Afghanistan idyllisk. Har kjøpt fint teppe til farmor.”

Dette er normalt heilt problemfritt, men faktisk ikkje i alle land. I Iran opplevde vi å ikkje kunne sende tekstmeldingar. Det gjekk av og til greitt i Teheran, men ikkje i dei andre byane vi var i i landet. Men om du absolutt SKAL oppdatere det fordømte statusfeltet har du nok eit alternativ. Gå på nettstaden til teleoperatøren din og logg inn. Der kan du som regel sende tekstmeldingar frå ditt eige nummer. Skriv inn meldinga og send til Twitter-nummeret. Sim salabim, statusen er oppdatert og Facebook-abstinensen hakket lågare.

Sjølvsagt kan du også ringe/maile heim og be nokon oppdatere statusen din, men det er alltid kjekt å få ting til sjølv…

Vi merka ikkje sensur av nettet i Turkmenistan, men nettbruken skal vere nøye overvaka og dei som går på feil nettstader får visstnok "køyrd seg." Forhåpentlegvis ikkje nede i gaskrateret i Darvaza... Vi måtte gje frå oss passa våre for å få tilgang, så "nokon" visste truleg kva vi surfa på.

Bruk VPN (Virtual Private Network)

Du opprettar då ein tunnel til eit anna land som er mindre utsett for sensur. For min del er det enkelt så lenge eg har med meg NRK-PCen min og ein dertilhøyrande VPN-nøkkel. Eg går inn på ein nettstad og tastar inn brukarnamn og passord. Dermed surfar eg via ein tunnel til Noreg. Denne tunnelen har ei bandviddeavgrensing, men den er så høg at den ikkje utgjer noko problem for ordinær surfing. Om du ikkje har ein jobb-PC der VPN er installert skal du kunne nytte nettbaserte VPN-tenester. Nokre av desse er gratis (men reklamebaserte), andre kostar pengar. Eg har ikkje sjølv testa desse. Er det nokon som kan tipse om korleis dette enklast gjerast?

Bruk proxy

Då surfar du via ein ikkje-blokkert nettstad som inne i seg viser fram dei blokkerte nettstadene du ønskjer å sjå. Innehavaren av ein internettcafé i Mashad i Iran kunne stolt by fram denne løysinga om vi ville på Facebook. Igjen har eg ikkje gjort dette sjølv, så eg håpar på eksperthjelp frå dykk der ute til å forklare korleis dette enkalst kan gjerast.

Eg reknar med at det også finst fleire smotthol. Utfordringa går med dette ut til dykk. For å gjere livet enklare for nordmenn på tur (som igjen kan lære triksa vidare).

18 kommentarer

  1. Espen Antonsen

    «Alle» coffeenets i Iran pleier å ha en eller annen form for proxy-programvare tilgjengelig. De er ganske enkle å ta i bruk, som oftest bare en exe-fil man må kjøre. Prøv feks http://www.torproject.org

    GPRS er ganske rimelig i Iran. Skaff deg et IranCell sim-kort og du er igang. Men dekningen er ganske varierende utenfor de store byene.

    Svar på denne kommentaren

  2. Gunnar Garfors

    Ja, det brennande «holet» er midt i Turkmenistan. Utruleg rått!

    Det skal stå i biletteksten som av ein eller annan grunn ikkje visast ut:

    Bilettekst, siste bilete:
    «Vi merka ikkje sensur av nettet i Turkmenistan, men nettbruken skal vere nøye overvaka og dei som går på feil nettstader får visstnok «køyrd seg.» Forhåpentlegvis ikkje nede i gaskrateret i Darvaza… Vi måtte gje frå oss passa våre for å få tilgang, så «nokon» visste truleg kva vi surfa på.»

    Svar på denne kommentaren

  3. Anders Iver Gjermo

    Tor (the onion router) kan absolutt anbefales, men vil nok oppleves som noe tregt. Gir meget god anonymisering, sannsynligvis mer enn du egentlig trenger.

    En annen mer teknisk, men muligens raskere løsning er å sette opp en tunnel til en server hjemme over ssh. Her er en liten guide. Putty kan brukes dersom du har windows på klientsiden.

    Svar på denne kommentaren

  4. Har selv bodd i Kina, og dette med internettsensur er i større grad stolpetissing enn et praktisk problem. Veldig få i Kina som ikke vet hvordan en omgår sensuren, og det er veldig få andre enn folk i vesten som gidder å irritere seg over det.

    Uansett; det enkleste er nok å laste ned firefox-pluginnen Gladder. Navnet er en forkortelse for Great Ladder, som er for å komme over The Great Firewall of China. Så vidt jeg vet kan den brukes til å komme seg rundt andre lands sperrer også…

    Svar på denne kommentaren

  5. Kai Aage Pedersen

    Har leilegheit i Alanya, Tyrkia. Har fått lagt inn «breiband» og hadde med meg trådlaus router frå Norge. Merka at youtube var sperra, men vart overraska over at eg også vart kasta ut får NRK sin nettspelar då eg skulle sjå Sogndal slå Kongsvinger i Adecco-ligaen. Sportssjef Rune Haug kunne opplysa at avtalen om streaming av 1. div kampar berre gjeld i Norge.

    Løysinga vart NRK sin VPN-nøkkel som Gunnar Garfors skriv om. Skal testa ut andre løysingar neste gong.

    På Iphone spelar youtube både via wlan og mobilnett. Merkelege greier!

    Svar på denne kommentaren

  6. Marius Arnesen

    Fin artikkel Gunnar! 🙂

    Jeg er jo så heldig å fortsatt være på reisefot her nede (Iran), og fikk virkelig smake sensurkosten i går. Da var det 30-årsmarkering av okkupasjonen av den Amerikanske ambasaden, med påfølgende motdemonstrasjon mot regimet.

    Myndighetene benyttet seg da like så greit av trikset «Skru-av-hele-internett-og-telenettet-permanent».

    Da er man greit stuck.

    Det åpnet igjen i kveldinga så nå er alt «normalt» her igjen…

    Svar på denne kommentaren

  7. Kjetil Kjernsmo

    Jaja, vi får diskutere dette så lenge vi kan. Når datalagringsdirektivet blir innført tar det ikke lenge før politiet oppdager at disse verktøyene underminerer oppklaringen av kriminalitet, og da vil nok alle disse verktøyene bli forbudt.

    Svar på denne kommentaren

  8. Dere snakker om en løsning som dreier seg om NRKs VPN nøkkel. Men dette gjelder vel for dere som er tilknyttet NRK? Jeg er en nordmann bosatt i Canada som gjerne skulle hatt adgang til NRKs mange NettTV sendinger som er sperret. Mye av sporten er sperret, deriblant all OL dekningen. Har dere noe ideer om hvordan jeg skal kunne se NRKs dekning fra Vancouver?!

    Svar på denne kommentaren

  9. Ang. sms-blokade i Iran skyldes dette yterst skjeldent at smsene dine blir blokert. Det er nettet som er så dårlig. Skjønt det har også hendt (særlig i forbindelse med de store demonstrasjonene sist sommer) at hele nettet legges død…

    Svar på denne kommentaren

  10. Mørke internettskyer over Egypt

    […] At lederne i totalitære og autoritære regimer både stenger og overvåker Internettet, er noe vi har vist lenge, og også skrevet om før her på NRKbeta. […]

    Svar på denne kommentaren

  11. Olav Torvund – medieklipp » Blog Archive » Mørke internettskyer over Egypt

    […] At lederne i totalitære og autoritære regimer både stenger og overvåker Internettet, er noe vi har vist lenge, og også skrevet om før her på NRKbeta. […]

    Svar på denne kommentaren

Legg igjen en kommentar til Trygve Lie Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *. Les vår personvernserklæring for informasjon om hvilke data vi lagrer om deg som kommenterer.