nrk.no

Dugnad på yr.no

Kategorier: Det sosiale nettet,Nettjenester & NRK

Ny-Ålesund postkontor. Foto: Helge Kåsin

Ny-Ålesund postkontor. Foto: Helge Kåsin
Ny-Ålesund postkontor. Foto: Helge Kaasin

Mange av yr.no-brukarane ynskjer seg eit postnummersøk (både for å sjå vêrvarselet, men ikkje minst for å kunne hente data).

Det finst (merkeleg nok) ingen gode register over norske postnummer med eitt koordinat per postnummer. Posten har berre informasjon om kva område kvart postnummer dekkjer, men manglar informasjon om det naturlege «midtpunktet» for kvar postnummer.

For å kunne lage eit vêrvarsel treng yr.no ei heilt nøyaktig plassering for kvart postnummer (vêrvarsla for yr.no blir laga for eksakte punkt, ikkje for område).

No kallar vi inn til dugnad! Kan du hjelpe oss med å sjekke postnumre du har god kjennskap til?

Vi har lagt ut lister over alle norske postnummer der du kan sjå plasseringane på kart. Vi blir veldig glade om du går inn og sjekkar postnummer du har god kjennskap til!

(Vi er forresten ganske så sikre på at grensesnittet på sidene bør gjerast langt betre (dei er laga av ein journalist med minimale programmeringskunnskapar seint sundag kveld…). Kom gjerne med forbetringsframlegg!)

Vi vil sjølvsagt leggje ut heile registeret når det er ferdig.

34 kommentarer

  1. Flott tiltak. Legger dere ut de listene for nedlasting slik at allmennheten får nyte jobben som allmenheten har gjort senere også?

    Det hadde også vært flott om det å klikke i kartet automagisk oppdatert koordinatfeltene. Det blir litt tungvint å oppdatere ting sånn som det er nå.

    Svar på denne kommentaren

  2. Erik Bolstad (NRK)

    Ja, sjølvsagt! Heile poenget er jo å få laga eit godt register som kven som helst kan få bruke.

    Eg sleit litt med å få inn automagisk overføring av koordinatar frå kart til det skjemaet. Dette er litt fritidsprosjekt for meg, og eg har ikkje klart å finne nokon stad å rappe kode frå enno 🙂
    Blir veldig glad for hjelp!

    Svar på denne kommentaren

  3. Erik Bolstad (NRK)

    Det står litt om det på sida:

    POSTNUMMER SOM GJELD GATEADRESSER / VANLEGE HUS
    * Koordinatet skal plasserast på eit naturleg midtpunkt som postnummeret dekkjer.
    * Koordinatet bør plasserast der det bur flest folk i postnummerområdet.

    Det vil seie at rådhuset, kyrkja eller postkontoret ofte er det naturlege midtpunktet på mindre plassar.

    Eksempel:
    * 0361 OSLO dekkjer eit område innanfor Oslo by (Majorstua/Marienlyst). Koordinatane skal plasserast på eit naturleg midtpunkt midt i området postnummeret dekkjer.
    * 5750 ODDA dekkjer eit svært stort område, mellom anna store fjellområde. Koordinatane skal plasserast i sentrum av Odda by, der det bur flest folk: 60.0691 6.5457.

    Svar på denne kommentaren

  4. Kva skal ein gjera når postkontoret til eit postnummer er lagt til, men dette kontoret ligg 6-7 kilometer vekk frå poststaden? Eg har sendt inn endring på 8616 Båsmo (føreslo barne- og ungdomsskulen) før eg oppdaga at det var kopla til eit postkontor. Postkontoret ligg på andre sida av Ranfjorden, og er difor heilt ubrukeleg som naturleg midtpunkt for poststaden Båsmo. Dessutan har 8616 Båsmo no post-i-butikk på staden. Kanskje heller oppgje dette koordinatet?

    Svar på denne kommentaren

  5. Wilhelm Damsleth

    Bra dugnad, dette er slike registre som er viktige å ha åpne!

    Dog kommentaren om at «kyrkja» er postnummerets naturlige plassering… kanskje på midten av 1800-tallet? 🙂

    Også gøy om tjenesten hadde vært tilgjengelig på Bokmål for oss som ikke snakker utenby’sk.

    Svar på denne kommentaren

  6. Erik Bolstad (NRK)

    @Simon: Ja, eg er samd med deg. Poenget er at ingen skal bli overraska over kvar eit postnummer er plassert. Vi fekk eit register over postkontora frå Posten, og alle koplingane er nok ikkje heilt vellukka.

    @Wilhelm: Jeg kan godt skrive bokmål også, men jeg tror at de fleste ikke har problemer med å forstå nynorsk 🙂
    Noen steder er kirken det naturlige midtpunktet, andre steder er det et torg, rådhuset, en skole eller noe annet. Det fascinerende med kirkene er hvor absurd mange det er, og hvor godt spredt utover de egentlig er. Jeg har et register over alle kirkene liggende også, om du skulle komme i «1800-tallshumør». He he

    Svar på denne kommentaren

  7. GPS koordinater for norske postnummer | Bloggen som tvitrer om reise og sosiale medier

    […] mer om prosjektet i bloggposten Dugnad på yr.no på nrkbeta.no. Ønsker du å bidra med å sjekke ut dine postnummer gå til lister over alle […]

    Svar på denne kommentaren

  8. Har liggende en liste som tilordner postnummer kommunevis, og under arbeidet med denne oppdaget vi at det var en del tvetydigheter. Det er også noen tilfeller hvor navn på poststeder og navn oppgitt av SSB spriker, i noen tilfeller kan det virke som om det er på grunn av at navn på steder vandrer over tid. Det kan også være greit å være klar over at poststedet kan ha en nokså klar posisjon mens området postnummeret dekker har en betydelig utstrekning.

    Svar på denne kommentaren

  9. Erik Bolstad

    Til no har det kome inn 1420 rettingar. Eg er DJUPT fascinert over at det kan gå mindre enn 12 timar og at vi nesten har pløyd gjennom heile det norske postnummersystemet… Fantastisk å sjå kor bra internettet funkar 🙂

    @jeblad: Eg tek gjerne mot lister og oversyn. Dette her går vel mot at vi må lage ei ganske svær postnummerliste etter kvart, og då er alle slike oversyn gode å ha.

    Til alle andre: takk!

    Svar på denne kommentaren

  10. Erik, da har du fått post. Håper vi kan bruke en oppdatert liste inne på Wikipedia.

    Det er også flere slike lister som er interessante. Blant annet naturlig sentrum for tettsteder relatert til kalkulert sentrum for tettstedet. Tilsvarende skulle vi gjerne hatt for grender, men disse har ingen naturlig utstrekning. Derimot finnes det en mer eller mindre veldefienrt utstrekning for delområder og grunnkretser. For å gjøre kaoset komplett er det ikke nødvendigvis slik at disse sammenfaller med bygder og sogn.

    Svar på denne kommentaren

  11. To forslag, som etter min mening bør implementeres kjapt om mulig:

    1) Etter valg av fylke, bør en kunne velge å vise a) alle postnumre, b) kun postnumre som ikke er kontrollert, c) kun ferdigkontrollerte postnumre.

    2) Det hadde vært en stor fordel om det ble vist i listen at det er en foreslått endring som venter på å bli sjekket. Har sjekket noen få tilfeldige postnumre, og det er flere av dem som har flere oppføringer i Spreadsheets-listen. Med fare for å bruke i overkant sterk ordbruk, så synes jeg det til dels er å neglisjere dugnadsarbeidet til Yr-brukerne å ikke signalisere at rettingen de bruker tid på å legge inn sannsynligvis er helt unødvendig, og ikke er til nytte. Jeg tror at dette var tanken din/deres når dere la ut listen over nettopp disse endringene, men det er en lite brukervennlig måte, og jeg mistenker at svært få sjekker den før de gjør rettinger selv.

    Svar på denne kommentaren

  12. Erik Bolstad

    @Bjørn H. Eg er heilt samd med deg – vi fekk mange fleire tilbakemeldingar enn eg hadde trudd. Eg såg for meg nokre få hundre oppdateringar om dagen, og så fekk vi godt over 2000 det fyrste døgeret.

    Vi burde definitivt laga ein database som viste endringar fortløpande. No blir alle dataa sendt til eit Google Spreadsheets-dokument og må manuelt kopierast over. Hadde eg vore litt flinkare til å programmere (og om utviklarane ikkje hadde vore på ferie), hadde nok denne løysinga sett litt betre ut…

    Svar på denne kommentaren

  13. Ein liten kodesnutt som kan hjelpe deg med å fylle koordinatfelta er med under denne teksten. Linja «map.clearOverlays()» fjerner alle markørane inkludert den som var der orginalt når ein klikker på kartet – det er kanskje ikkje ønskeleg. Bruk då «map.removeOverlay(pointCoords);» før ein legger det nye punktet til pointCoords (før «pointCoords = new GMarker(point);»), og ta vekk «map.clearOverlays();».

    Du har nok allereide linja som initierer variabelen «map», den er med for at du skulle forstå samanhengen. Du har kanskje eit anna namn på den, det må du då byte i addListener-funksjonen.

    Eg har heller ikkje tatt me html-, body-, script-taggar etc, men eg reknar med du forstår det sida du har laga det systemet. Om ikkje, berre gje ein lyd. Håpar det hjelper deg.

    JAVASCRIPT/HTML:
    //////////////////////////////////////////////////
    var map = new GMap2(document.getElementById(«map»));
    var pointCoords;

    listener = GEvent.addListener(map, «click»,
    function(marker, point) {
    if( !marker ) {
    pointCoords = new GMarker(point);
    if( (pointCoords.getPoint().lat() == marker.getPoint().lat()) && (pointCoords.getPoint().lng() == marker.getPoint().lng()) ) {
    writeToFields();
    }
    map.clearOverlays();
    map.addOverlay(pointCoords);
    }

    });
    }

    function writeToFields() {
    document.getElementById(«lengde»).value = pointCoords.getLatLng().lng();
    document.getElementById(«bredde»).value = pointCoords.getLatLng().lat();
    }

    Svar på denne kommentaren

  14. Andreas Oppebøen

    SSB har kart og
    data i pdf-format som viser bosettingsmønster i de forskjellige kommunene.

    Man kunne jo kontaktet SSB og spurt om å få tilgang til bedre data i bedre format, og brukt det som utgangspunkt for databasen. Det er kanskje litt sent nå dog.

    Ellers et veldig godt tiltak.

    Svar på denne kommentaren

  15. Kjempebra tiltak.

    Et tips for å finne en omtrentlig punkt kan være å benytte geokodingen i GoogleMaps. Ved å taste inn postnummeret fikk jeg ihvertfall i mitt tilfelle et bedre resultat.

    Svar på denne kommentaren

  16. Odin Omdal Hørthe / Velmont

    Eg vert so varm um hjarteroti at eg ikkje veit kva eg skal segja. Elskar slikt som dette her.

    Eg såg etter noko liknande fyrr. Vonar de slepp databasen under ein fri lisens, absolutt. 🙂

    Elles veldig moro å sjå at Oslo er utruleg dårleg sjekka, medan resten av Noreg hev god dekning. Men truleg av di Oslo hev mange fleire postnummer. Eg sjekka alle dei postnummeri eg hev budd i i Oslo og Stavanger.

    Svar på denne kommentaren

  17. @Gustav: Eg la ut ei melding på sida om at listene ville bli oppdatert 15. august (lå på framsida, ganske høgt oppe). Eg har hatt ferie, og har vore utan internetttilkopling, difor vart det ein pause.

    Eg har lagt ut alle oppdateringane i kveld!

    Svar på denne kommentaren

  18. Hei,
    Kommer du/dere til å gjøre disse dataene tilgjengelig for nedlasting f.eks. i en CSV-fil eller TXT-fil? Jeg trenger akkurat slike data til en database som beregner avstand mellom ulike lokasjoner som benyttes i en slags «flåtestyring»..

    Det vil ta for lang tid å mate inn dette manuelt.. Send gjerne svar på e-post.. 😉

    mvh
    Jan

    Svar på denne kommentaren

  19. @Jan Korshavn på erikbolstad.no/postnummer/ ligger dataen i flere formater:
    * Tabell (stor og tung side)
    * Google Earth (KML)
    * Rein tekst (for nedlasting, tab-separert i UTF8-format)
    * Rein tekst (for nedlasting, tab-separert i ANSI-format)

    de tabseparerte filene kan du raskt mate inn i en database.

    Og takk til Bolstad for initiativ og innsats til å få gjennomført dette. Denne typen prosjekter har jeg stor sans for!

    Svar på denne kommentaren

  20. @Jan @Eirik Eg tenkte å gjere sidene litt meir ferdige før eg offentleggjorde dei – eg held på å leggje ut meir geografiske data som eg har liggjande 🙂

    Kom gjerne med ynskjer dersom det er meir de trur at eg kan ha liggjande og som bør offentleggjerast.

    Eg har med vilje lagt sidene på mine private heimesider – dette er noko eg gjer som privatperson, det er ikkje NRK som offentleggjer dette datagrunnlaget.

    Svar på denne kommentaren

  21. Kan mine data gjenbrukes? « Vox Publica

    […] Enkelte datasett er små og oppdateres sjeldent, slik som navn på fylker og kommuner, postnummer, flyplasser, politi-, helse og sosialdistrikt, osv. Slike datasett kan gjerne være tilgjengelig som flate filer. Med “flate filer” menes datafiler som er strippet for programspesifikke koder og notasjoner, slik at dataene kan leses av ulik programvare. Erik Bolstad deler forbilledlig postnummerregisteret etter en opprydningsdugnad i sommer. […]

    Svar på denne kommentaren

  22. Nasjonale prøver — datajournalistikk i praksis « Vox Publica

    […] og deler data om verden (verdensdeler, land, regioner i land), Norge (fylker, kommuner, postnummer [med geokoordinater], fiskebanker, fjell over 1000 meter, jernbanestasjoner, kirker, osv) og skandinaviske […]

    Svar på denne kommentaren

  23. Listen over “collaborative journalism”-prosjekter du bør kjenne til | Bente Kalsnes' blog

    […] NRKbetas postliste-dugnad. Erik Bolstad bad leserne sjekke geografisk plassering til ulike postnummer. […]

    Svar på denne kommentaren

Legg igjen en kommentar til Jan Korshavn Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *. Les vår personvernserklæring for informasjon om hvilke data vi lagrer om deg som kommenterer.