nrk.no

MiniTV-sendarane på plass

Kategorier: Mobil & NRK


Tryvasshøgda
I gittermasta på Tryvasshøgda til høgre på biletet står NMTV sin største og kraftigaste sendar.
Norges mobil-TV (NMTV) sine DMB-sendarar vert i desse dagar installerte i fire master rundt Oslo. KB Mast utfører sjølve installasjonen for Paneda som byggjer DMB-nettet. Via DMB kjem NRK, TV 2 og Viasat til å sende ulike TV-kanalar som før sommaren lanserast under namnet MiniTV.

Det er mykje utstyr som skal på plass og mykje av det veg nokre kilo. Til Kolsås-sendaren går det ikkje bilveg slik at det er naudsynt med helikopterfrakt. Det gav oss ei mogelegheit til å inspisere sendepunkta frå lufta.

Kolsås-sendaren dekkjer mellom anna Fornebu og andre område i Asker og Bærum. Merk montøren som sit/heng oppe i tårnet og monterer DMB-antenne.
På Røvarkollen har DMB-antennene selskap av ei rekkje andre antenner som leverer ulike typar signal.

Dei fire sendarane dekkjer heimeområdet til om lag ein million innbyggjarar i Stor-Oslo. Om tilbodet fell i smak blant desse kan det verte aktuelt å utvide til andre delar av landet. Oslo-området har blitt vald då det er området i Noreg med flest potensielle sjåarar per sendar.

Sjølv om sendarane og antennene er i ferd med å kome på plass gjenstår det litt arbeid før signalet er slik det skal vere. Det er allereie seld eit firesifra DMB-mottakarar i Noreg, men fleire mottakarar er på veg til landet og til ulike butikkar.


På Ekeberg, ikkje langt ifrå Oslofjorden, står Brannfjell-sendaren som bidrar til å dekkje mellom anna Oslo sentrum, Kolbotn og Nesodden.

9 kommentarer

  1. MiniTV sendinger igang » All you need is love

    […] i et selskap for å teste tv-sendinger over DAB-nettet (DMB). Mer om selve prosjektet finner du på NRKbeta-sidene. For digitaliseringen av radio er dette prosjektet kjempespennende som vi skal følge nøye […]

    Svar på denne kommentaren

  2. Frank Eivinds verden » Blog Archive » DMB-senderne snart på plass

    […] slutten av april kom utstyret som skal ta seg av kodinga av TV-kanalene som skal sendes med DMB. I disse dager blir fire DMB-senderne til Norges mobil-TV (NMTV) plassert ut i Oslo-området. De fire senderne vil […]

    Svar på denne kommentaren

Legg igjen en kommentar til Sverre Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *. Les vår personvernserklæring for informasjon om hvilke data vi lagrer om deg som kommenterer.