nrk.no

Meir om mobil-tv og DMB (med namnekonkurranse)

Kategorier: Mobil & TV

Medietilsynet ser også behovet for testing.

Tokyo MX er ein av 8 kanalar på japansk mobil-TV.
Tokyo MX er ein av 8 kanalar på japansk mobil-TV.

Takk for mange gode innspel i tilknytning til Eirik sin artikkel Slik blir mobil-TV. Vi ønskjer ytterlegare tilbakemelding frå dykk på dette, både no og etter lansering. Og så treng vi eit namn på tenesta. Kan de hjelpe? Meir om det nederst.

Men først, kvifor testar Norges mobil-TV AS det å sende direktesende TV-kanalar via DMB?

I hovudsak ønskjer vi å lære korleis vi best kan drive kringkasta mobil-TV i Noreg. Foreløpig er det få mottakarar på den norske marknaden, men det kjem i alle fall ikkje fleire om vi ikkje lanserer ei DMB-teneste. Typisk høne og egg-situasjon. Teknologisk sett er DMB ein mykje betre eigna teknologi for Noreg enn det «hovudkonkurrenten» DVB-H er. Under finn de ei liste på 14 punkt som tek føre seg kvifor vil vel DMB.

Kvifor ikkje DVB-H?

1. DVB-H er ikkje vald som standarden i Europa.
EU-kommisjonær Vivian Reding, Nokia og teleoperatørar har riktignok drive knallhard lobbyverksemd for DVB-H, men dei har likevel ikkje fått DVB-H til å bli obligatorisk standard for Europa. Heldigvis. DVB-H er no ein valfri standard. Marknaden må bestemme seier EU.

2. Det er ingen ledige DVB-H-frekvensar i Noreg.
NTV sit riktignok på nokre frekvensar, men desse må i så fall NTV og NTV sine eigarar ønskje å bruke på DVB-H. Det vil i så fall ta av kapasitet som elles kan nyttast til HDTV.

3. DVB-H nyttar høgre frekvensar enn DMB
Høgre frekvensar gjev dårlegare dekkingsgrad. Det gjer at DVB-H krev mange fleire sendarar. Spesielt i eit så «geografisk vanskeleg» land som Noreg.

4. DVB-H er telekom-orientert
DVB-H er knytta opp mot SIM-kort for å kunne sikre kontroll av signalet frå teleoperatørane si side. Teleoperatørane kan også bestemme kva mottakarar som skal kunne ta imot DVB-H. Om eg som teleoperatør subsidierer 6 telefonmodellar (t.d. 3 frå Nokia og 3 frå Sony Ericsson) kan eg stille inn DVB-H-servarane slik at det berre er desse 6 mottakarane som kan ta imot DVB-H. Dette kan knapt kallast kringkasting. Det er som å seie at berre fjernsynsapparat av merket Philips kan nyttast om du vil sjå TV heime i stova.

5. Ikkje berre ”mobiltelefon-TV”
På grunn av tilknyttinga mot SIM-kort er DVB-H per dags dato berre brukbart i mobiltelefonar. Om eg vil at ungane mine skal få sjå Barne-tv vil eg neppe gje dei mobiltelefonar, heller ein mp3-spelar eller nakkestøtteskjerm.

6. DMB er ein open og kringkastarvenleg teknologi
Det fungerer på alle mottakarar med DMB-mottakar. Det er foreløpig få DMB-mottakarar i Noreg, men det kjem stadig fleire. I Asia finst det mange hundre modellar i alle duppedingsar med skjerm. I Sør-Korea kan du sjå mobil-TV på t.d. fotoapparat, mobiltelefonar, navigasjonsapparat, mediespelarar og kjøleskap. Det vil etterkvart kome mange av desse også til Europa og Noreg. Per dags dato har Cowon nokre mottakarar til sals hos komplett.no og Spaceworld. Desse må riktignok oppgraderast, men oppgraderinga er gratis og kan fåast av importøren (Optical Storage) eller av oss. Jensen kjem også med DMB-mottakarar. Den første vil vere i butikkane i mars/april.

7. DVB-H er veldig mykje dyrare enn DMB
Det skuldast primært behov for mange fleire sendarar og antenner. Det svenske konsulentfirmaet Stelacon leverte følgjande reknestykke til den svenske regjeringa for eit drøyt år sidan:

DMB, dekking av 90% av Sverige sine innbyggjarar krev 2-300 mottakarar.
DVB-H, dekking av 25-30% av Sverige sine innbyggarar krev 3.000-11.000 mottakarar.

Når det gjeld utbygging så er det vidare alltid mykje dyrare å dekkje grisgrente strøk. Det er altså ikkje berre å tredoble talet på sendarar for å dekkje 75-90% av innbyggjarane i Sverige med DVB-H. Sendartalet må mangedoblast.

8. DVB-H og DVB-T er bygd for mottak «10 meter over tak»
Sjølv om NTV vil ønskje å nytte frekvensane sine til DVB-H så må DVB-H byggjast på same måte som DVB-T (det digitale bakkenettet som DVB-H er ein variant av). I Noreg er DVB-T-nettet bygd for mottak med takantenne. Dermed vil mobil-TV-sjåarar setje seg på taket eller få tak i ein mottakar med ei gigantisk antenne.

9. DMB er ein meir robust distribusjonsteknologi enn DVB-H
DMB fungerer i teorien i opptil 300 km/t. Ein eg kjenner har to heftige sportsbilar. Han har sjølv testa mottak i ein av dei i opptil 280 km/t. Hadde vore kult å sitje på 🙂
DMB har også veldig solid feilbeskytting og fungerer bra i ulike vértilhøve.

10. Sjåarane forventer å kunne sjå eit utval TV-kanalar gratis
Om vi ikkje lanserer ei basispakke som er gratis vert ikkje mobil-TV ein suksess. Det har vi sett i mange land, også her heime via 3G. Sjåarmessig har vi hatt tre suksessar. Under Torino-OL var det gratis for Telenor sine abonnentar å sjå mobil-TV via 3G. Det førde til at 3G-nettet fleire stader i Noreg gjekk ned. Under Beijing-OK var det gratis for Netcom sine kundar og igjen såg vi ei kjempeauke av talet på sjåarar. Og Rubenmann var gratis både for Telenor og Netcom sine kundar. Det er hittil den største on demand-suksessen på mobil-TV vi kjenner til i Noreg.

11. DMB støttar ei rekkje tilleggstenester
Også å leie sjåarane inn til å sjå program i opptak via 3G eller WLAN. DMB støtter også informasjonstenester som børs- og trafikkinfo, vérmeldingar, resultatsvarsel og nyheitstekst.

12. Ingen DVB-H-suksessar i verda så langt
På trass av ekstrem lobbyverksemd og nærast propaganda frå store aktørar. Say no more.

13. DVB-H treng 5 gonger meir sendareffekt for å nå same dekkingsområde
Og er dermed meir energikrevjande, dyrare å drifte og mindre miljøvenleg.

14. Det er ikkje berre i Noreg at DMB vert eller har blitt lansert
Europa: Nederland og Frankrike lanserer etter sommaren. Fleire andre land testar DMB.
Asia: Sør-Korea, Kina, Malaysia, Indonesia og Singapore har lansert. Vietnam og Kambodsja lanserer til hausten.
Afrika: Ghana har lansert.

Alle desse landa utanom Sør-Korea nyttar same telefonstandard. Det opnar opp for kostnadseffektiv masseproduksjon også av mobiltelefonar med DMB innebygd.

Medietilsynet ser også behovet for testing.
Medietilsynet ser også behovet for testing.

Kvifor testar vi DMB?

Vi ønskjer altså å lære. Derfor gjer vi dette i form av eit tidsavgrensa prøveprosjekt. Vi lanserer i slutten av april og held fram til 1. juli 2011. Vert det ein suksess er det naturleg å vidareføre og å byggje ut i andre delar av Noreg.

Følgjande punkt er viktige for oss å sjå på:

  • Kartleggje interessa for kringkasta mobil-TV blant sjåarane.
  • Stadfeste teknologival.
  • Finne riktig type og form på innhald og tenester.
  • Samarbeid mellom konkurrentar om ny marknad.
  • Samanlikning med andre testar og lanseringar.
  • Prøve ut betalingstenester og forretningsmodellar.
  • Publikumsinteresse for ulike mottakartypar.
  • Sjå på bruksmønster gjennom dag, veke, månad og år.
  • Samanlikne kostnader og inntekter.
  • Kartleggje interessa for kringkasta mobil-TV blant sjåarane.

Og kva med Japan?

I Japan vart tenesta 1Seg lansert i 2006. Den består av 8 direktesende TV-kanalar og tilleggstenester som nyheiter, børs- og trafikkinfo samt vér. På knappe tre år har det blitt solgt over 40 millionar mottakarar. Tokyo MX, ein av TV-kanalane vi snakka med hevda at dei hadde fått mange nye sjåarar som ser på TV i andre situasjonar og til andre tider enn tidlegare, t.d. på T-bana, busstasjonen og puben. Dei kan dermed ta betre betalt for TV-reklamen sin. Og så tener dei pengar på enkelte av tilleggstenestene.

I Japan nyttar dei ikkje DMB men ISDP-T som er deira eigenutvikla teknologi. Det nyttast også i Brasil og Bolivia. Dei 8 kanalane er gratis.

Namn

Kva skal vi så kalle denne mobil-TV-tenesta frå Norges mobil-TV AS?

Vi har nokre framlegg allereie. Men vi ønskjer fleire. Mediemottakar frå Cowon (sjølvsagt med DMB 🙂 ) i premie til beste framlegg!

Har de innspel på desse, eller eigne framlegg?

Flexi-TV
Nano-TV
Mini-TV
Reise-TV
GoTV
DMB-TV
XLTV

40 kommentarer

  1. Huff, verden trenger ikke flere flexi og nano og desslike. Hold det norsk og lettfattelig, de andre kan jo stort sett bety hva som helst – Lomme-TV er enkelt og selvforklarende, og på vei til å bli innarbeidet allerede.

    Svar på denne kommentaren

  2. God oppsummering, DMB har vel egentlig vært det eneste fornuftige for Norge. Nå må jeg bare en tur på ebay og finne meg en testmottaker! Å se nrk2 sveip på mobil-tv må jo være det perfekte eksempel på nye medier! 🙂

    Sitter igjen med et stort spørsmål – Hvordan er det tenkt å tjene penger på tjenesten?

    Av navneforlag vil jeg gjerne få komme med «Kurér TV», klinger fint, sier at dette er mobil tv osv!

    Svar på denne kommentaren

  3. Dan-Raoul Husebø Miranda

    Lommetv støtter jeg. Evt. OG TV, On-the-Go =p

    TV-E? Extended, everywhere eller noe sånn? TTV, trip/tur-tv.

    Eller enkelt og greit bare mobil-tv? sikter seg ikke nødvendigvis inn bare på telefon, da 😉

    Men fin premie, har siklet etter en slik en stund ^^

    Svar på denne kommentaren

  4. De velger gjerne å ikkje vurdere «MobilTV» fordi det skaper for sterke asosiasjonar til at du må ha ein mobiltelefon og ikkje ein «dings»?

    Støtter «MiniTV», det skildrar godt kva det er snakk om og blir lett forstått. Alternativt reise-TV eller fleksi-TV med norsk skrivemåte. LommeTV er gjerne ikkje hakkande gale, men det bryt litt med TV på kjøkkenet etc, som eg tipper kan bli ein marknad for DMB.

    Fleire forslag:
    – OveralTV (neppe)
    – MikroTV (høyrast farleg ut)

    Svar på denne kommentaren

  5. Ironi? Skjønner ikke hvordan Lomme-TV eventuelt kan feiltolkes 😉

    Velvel, nok om det, biten om flexi og nano er ment alvorlig nok. Skal dere først gå veien om SI-prefiks, kan dere i det minste dra den noen hakk lenger enn Apple. Pico, for eksempel, er 1/1 000 000 000 000 – tre nuller mer enn nano. Pico-TV? Snur man godviljen til blir det kort for «liten tv» på italiensk. Picovisjon?

    Og hva med Roam TV, eller varianter av det? Roaming TV. Vandre, flakke rundt. Men norsk er det fremdeles ikke.

    OveralTV kvalifiserer til en plass som forsidetittel-mekker i VG, og er faktisk ikke så dumt. Kurér er også bra.

    Svar på denne kommentaren

  6. Hva med iTV? eller noe lignende TVid, TVist, TVi, TVini, TVix… TVit, tvitt?

    Ellers så ligner den jo på mye: en håndflate… palm på engelsk er jo brukt, HandTV (både norsk og engelsk)… HV (Hand vision, hånd visjon)

    TVå ville vært kult….superenkelt og skandinavisk

    Svar på denne kommentaren

  7. Gunnar Garfors

    Hei, Åsmund! Ja, mobil-TV er for tett knytt opp mot mobiltelefonen. Vi vil at sjåarane skal ha fridom til å sjølv velje mottakar uavhengig av om det er ein mobiltelefon, eit navigasjonsapparat eller ein fryseboks.

    Svar på denne kommentaren

  8. iTV høres ut som noe ifra Apple :p

    Hvorfor ikke bare kalle det DMB-TV, siden det er standarden som skal brukes? Da vet i så fall folk at om de kjøper noe med DMB i seg, så kan de få mobil tv, samme som at HD-TV sier at du får en High Definition TV (eller for mindre tekniske, en «god» tv :p).

    Svar på denne kommentaren

  9. FriTV eller TV-Fri. Gir positive assosiasjoner og hinter både til at det blir brukt «ute i det fri» og at det er gratis.

    Er det allerede mulig for hvem som helst å teste mobil-TV nå, dersom man har riktig utstyr? Og hvilke områder (Asker?) er/blir dekket?

    Svar på denne kommentaren

  10. Gunnar Garfors

    Då dette er kringkasting er mottakarane lisenspliktige ifølgje det gjeldande lovverket.

    Men. For det første er det enno ikkje registreringsplikt på slike mottakarar. Du kan med andre ord kjøpe ein slik i butikken utan å oppgje namn og adresse.

    Og dei aller fleste i Noreg betalar allereie lisens (eller kringkastingsavgift). Då er desse mottakarane uansett dekkja av den. Ein slik mottakar krev altså ikkje ein eigen lisens.

    Svar på denne kommentaren

  11. Gunnar Garfors (NRK)

    Du kan teste dette med ein mottakar som handterer DMB frå og med slutten av april.

    Når det gjeld dekkingskarta vi jobbar utifrå så vil vi dekkje det aller meste av Asker og Bærum, til og med delar av Drammen og Drøbak. Det meste av Nesodden ser ut til å verte dekkja, samt Nittedal og Lørenskog.

    Så snart eg får klarert dekkingskartet for ekstern bruk skal eg leggje det ut.

    Svar på denne kommentaren

  12. Frank Eivinds verden » Blog Archive » Snart prøvesendinger med mobil-TV over DMB

    […] som NRKbeta listet opp over hvorfor DMB er valgt. Jeg gjengir punktene her, men gå inn på NRKbeta.no for å se forklaring til hver av […]

    Svar på denne kommentaren

  13. Kristian Alvestad

    Håper at dykk kan få til noko slikt her på sunnmøre, har ein cowon d2 mp3 spelar med dab og dmb mottakar i, så regnar med at denne skal fungere (laga for dmb i sør korea) Men med tanke på at sjølv FM radio er så vanvittig dårleg utbygd her, så held eg ikkje akkurat pusten…

    Svar på denne kommentaren

  14. Synes TinyTV klinger veldig bra, men her skal det vel være norsk og da blir bitteliten TV eller ørliten TV bare tåpelige forslag. TV Fink eller TV-finken gir meg assosiasjoner til frihet, radiobølger og mobilitet. Er vel egentlig ordet TV som ødelegger for veldig gode forslag her.

    Svar på denne kommentaren

  15. Hei! I punkt 6 står det at Cowon har noen mottakere med DMB som kan brukes bare de oppgraderes. Oppgraderingen skal fås gratis hos importøren eller hos "oss". Jeg har en Cowon D2 DAB 8 GB som har DMB. Jeg har søkt etter oppgraderingen uten å finne noe (det er mulig noe ligger på Cowons koreanske sider, men da må man lese koreansk for å finne ut av det, dessuten har de ikke med DAB-utgaven på produktlisten). Importøren har ikke svart på e-post, så nå prøver jeg her – gi meg en link til oppgraderingen hvis det er riktig/sannsynlig at min modell kan brukes! Takk!

    Svar på denne kommentaren

  16. Takk for henvisn til oppgrad av min Cowon D2 DAB 8GB. Nå fins filen og en grei veiledning også hos importøren. Oppdat gikk etter oppskriften og jeg får nå i tillegg til DAB- og FM-radio inn 6 TV-kanaler, inkl TV2 nyhetskanalen, som ellers er dyr å få. Det er ikke noe lenge følt savn som endelig er tilfredsstilt, men når jeg først har det, er det utrolig bra både bilde og lyd – kan anbefales for trengende!

    Svar på denne kommentaren

  17. Test av MiniTV

    […] Tidligere om MiniTV på NRKbeta: Slik blir mobil-TV MiniTV med i “mile high club” MiniTV-sendarane på plass DMB-riggen i hus Og vinnaren er… Meir om mobil-tv og DMB (med namnekonkurranse) […]

    Svar på denne kommentaren

Legg igjen en kommentar til Viktor S Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *. Les vår personvernserklæring for informasjon om hvilke data vi lagrer om deg som kommenterer.