nrk.no

tillegg.yr.no – ein stad å dele tenester

Kategorier: Gadgets & Nettjenester


Har du laga tenester basert på datagrunnlaget til yr.no? No kan du dele dette med resten av verda på tillegg.yr.no.

Store delar av datagrunnlaget til yr.no er fritt tilgjengeleg for alle som vil lage tenester og anna innhald med vêrdata. Dette har ført til at mange har laga ulike applikasjonar og script som hentar data frå yr.no.

Mange brukarar har sendt tips til oss i yr.no om tenester dei har laga; men vi har ikkje hatt ein skikkeleg stad å gjere av alle tilbakemeldingane før no. No håpar vi at så mange som mogleg vil laste opp det dei har laga!

tillegg.yr.no er i betaversjon. Sidene er laga på veldig kort tid, og er ikkje skikkeleg testa eller utprøvd enno. Vi tek gjerne mot tilbakemeldingar og tips til korleis vi kan gjere sidene betre!

Du finn oversyn over alle data du kan hente frå yr.no på yr.no/verdata.

11 kommentarer

  1. Flott tiltak! Kanskje går det an å få litt community-følelse der etter hvert. Også flott å kunne gjøre flest mulig oppmerksom på det man har laget!

    Statistikken for Facebook-applikasjonen min for i dag er den beste på flere uker, denne har nok hjulpet på. 🙂

    Svar på denne kommentaren

  2. Erik Bolstad, redaktør for yr.no

    Ja, eg såg at du hadde lagt han ut. Tusen takk – Facebook-applikasjonen din er veldig artig!

    Det er opna for kommentarar på kvar post. Eg er spent på om folk vil bruke kommentarfunksjonen og korleis dialogen blir!

    Har du nokre gode idear til korleis vi kan lage meir community-kjensle på http://tillegg.yr.no/?

    Vi hadde _veldig_ mjuk lansering av tillegg.yr.no i dag, berre med denne posten på NRKbeta. I tillegg sende eg e-post til nokre få folk som har laga artige ting basert på datagrunnlaget vårt (og som eg fann e-postadressene til…), og på nokre få timar var det plutseleg registrert fem applikasjonar på sidene. Det er veldig oppløftande! I morgon lagar vi artikkel på yr.no + sender ut e-post til 6000 som har meldt seg på det tekniske infobrevet vårt – då kan det hende at det blir endå meir fart på tillegg.yr.no.

    Svar på denne kommentaren

  3. Erik Bolstad, redaktør for yr.no

    @Kristian: Vi brukte Plone no fordi det var det raskaste å få opp. tillegg.yr.no ligg på servarar utanfor NRK, og har ingenting med resten av NRK-systema å gjere. I og med at vi har opna for opplasting av program, får vi ikkje lov av driftsavdelinga her til å ha sidene liggjande innomhus.

    @Jørgen: nWeather er i ferd med å bli «yr.no for iPhone», som eit offisielt produkt frå yr.no. Eg skal prøve å få lagt ut skjermbilete og slikt ein gong i løpet av jula.

    Svar på denne kommentaren

  4. En sniktitt på YR for iPhone

    […] har tidligere lansert mobileversjonen m.yr.no og et eget nettsted for brukerskapte tjenester for yr, hvor det kontinuerlig diskuteres og utvikles nye tjenester rundt […]

    Svar på denne kommentaren

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *. Les vår personvernserklæring for informasjon om hvilke data vi lagrer om deg som kommenterer.