nrk.no

Hvorfor gjør NRK tester med DMB?

Kategorier: Mobil & NRK


Etter at vi postet artikkelen om NRKs samarbeide med TV2 og MTG om testsendinger på DMB, har vi fått mange reaksjoner, som kommentarer på artikkelen, på e-post og i andre medier. Telenor og IKT Norge ved Per Morten Hoff er kritiske til prosjektet. Utviklingssjef Gunnar Garfors svarer her på kritikken.

EU har ikkje vedteke å gå for DVB-H. Det har blitt vedteke som ein frivilleg standard på lik linje med mange andre teknologiar. EU-kommisjonen ville riktignok gjere DVB-H som den einaste mobil-TV-standarden i EU, men Europarådet gjekk imot dette då dei meinte at det skal vere opp til marknaden å velge standard. Dermed er det valfritt.

Når det gjeld DVB-H så finst det ingen land der denne standarden har blitt introdusert breitt og med suksess. Og i Tyskland legg dei ned DVB-H-satsinga.

Kvifor ikkje DVB-H?

Så kvifor vel ikkje vi DVB-H? Hovudsakleg fordi vi på sikt ønskjer å dekkje store delar av landet. Då er DMB veldig mykje meir kostnadseffektivt. Den svenske regjeringa fekk t.d. overlevert ein rapport frå det uavhengige konsulentselskapet Stelacon i fjor. Der står det mellom anna:

For å dekkje 90% av Sverige trengst…
FM: ca 140 sendarar per nett
DMB/DAB: ca 200-300 sendarar per nett

For å dekkje 25-30% av Sverige trengst…
3G: ca 11 000 stasjonar/sendarar per nett
DVB-H: ca 3 000-11 000 stasjonar per nett

DMB-standarden dekkjer vidare store flater på ein mykje betre måte og nyttar lågare frekvensar noko som sikrar betre innandørsdekning både i hus og i ulike transportmiddel som er skjerma av eit metallskal. Det er relevant då erfaringar viser at over 50% av mobil-TV-sjåinga skjer heime og under reise.

Mottakarar

Når det gjeld mottakarar så finst det veldig mange fleire ulike typar DMB-mottakarar enn DVB-H-mottakarar. Her i landet finst det allereie mottakarar å få kjøpt på komplett.no (Cowon). Og det sjølv om vi no snakkar om ein høne og egg-situasjon då det per dags dato ikkje er DMB-sendingar her. Når sendingane startar vil det truleg finnast ei rekkje ulike mottakarar på marknaden. Fleire importørar har allereie vore i kontakt med oss. Mottakarar inkluderer sjølvsagt mobiltelefonar, men også mp3-spelarar, navigasjonsutstyr og usb-pinnar for datamaskiner.

iRiver

iRiver er en av produsentene som lager mottakere som tar i mot DMB – mobil-tv. Bilde av James Cridland

Poenget her er å gå for mobil-TV via ein teknologi som ikkje krev ein mottakar med SIM-kort. DMB er ein kringkastingsdriven teknologi (kringkastarar som NRK, TV 2 og MTG vil få ut innhaldet gratis til alle som er interesserte) medan DVB-H er ein telekomdriven teknologi (teleoperatørar vil selge deg mobil-TV-innhald mot ei abonnementsavgift eller liknande). Vi snakkar altså ikkje om mobiltelefon-TV, men om mobil-TV for mange ulike typar terminalar.

DMB er ein kringkastingsteknologi, det vil seie at den er dugande for å distribuere direktesendingar/TV-kanalar. I tillegg ser NMTV på korleis program og innhald i opptak (on demand) kan leverast i tilknytning til kringkasting. Då vil t.d. 3G eller WLAN nyttast.

Når det gjeld dekningskart så vil eg kome tilbake til det og få lagt det ut når det føreligg. Delar av Asker vil uansett verte dekka.

Sjå også «Høyringsuttalelse om Norges mobil-tv om digitalt dividende» på regjeringen.no.

9 kommentarer

  1. Er det noen god grunn til at man ikke bare benytter det allerede eksisterende digitale bakkenettet?

    Om det er det at det blir for høy oppløsning som er problemet, så bør det vel være mulig å legge egne mobile sendinger der med mindre oppløsning. 9 kanaler med mobiloppløsning tar vel knapt mer båndbredde enn en vanlig SD-kanal. Så det burde vel være mulig å ofte litt båndbredde herfra til mobil-TV.

    Svar på denne kommentaren

  2. Gunnar Garfors

    Det er fleire grunnar til at det ikkje er så gunstig.

    DVB-T-nettet er laga for mottak med antenne på tak. Innandørsdekking vil med andre ord verte relativt avgrensa. Det same gjeld mottak blant bygningar om ikkje mottakarane vert utstyrte med ekstremt store antenner. Neppe brukarvenleg. Alternativet er å planlegge heile det digitale nettet på nytt, men det vil verte dyrt og mindre lurt med tanke på eksisterande sendingar.

    Det digitale bakkenettet er vidare ikkje bygd for mobilt mottak. Mottak for ein person til fots, på eit tog eller liknande vil derfor ikkje få stabile TV-bilete.

    Og ein slik mottakar brukar mykje meir batteri enn DMB slik at sjåarane vil måtta lade batteriet relativt hyppig.

    Svar på denne kommentaren

  3. Gunnar Garfors

    Nokia lagar mange bra telefonar, men dei vil ikkje fungere med mobil-TV i Noreg når vi lanserer med DMB i vinter.

    DVB-T-nettet i Noreg er som tidlegare sagt bygd for dekking for mottak med takantenne. Det betyr at heile nettet må replanleggast om DVB-H-sendingar skal inn i dette nettet og ha OK dekkingsgrad. Det er få mobil-TV-sjåarar som ønskjer å sitje på taket 🙂

    I Noreg er det heller ikkje ledige frekvensar, utanom nokre såkalla white spots (ledige frekvensar mellom andre frekvensar som er i bruk), og desse sit uansett NTV på.

    Av dei store kjende mobiltelefonprodusentane har Samsung, LG og Panasonic lansert telefonar med DMB. I tillegg kjem det hundrevis av DMB-terminalar utan simkort. Det inkluderer GPSar, nakkestøtteskjermar, mp3-spelarar, USB-pinnar, kamera (du kan sjå TV på skjermen bak på kameraet), PCar, etc. Mange av desse er laga i Sør-Korea, Taiwan og Kina, men det er også produsentar i Storbritannia og Israel.

    Cowon lagar t.d. veldig stilige modellar. Komplett.no er blant dei som sel Cowon her i landet. NMTV vert også kontakta av mange ulike terminalprodusentar som er interesserte i å lansere sine produkt på den norske marknaden, så eg trur ikkje terminalar vert mangelvare.

    Er det viktig å ha mobil-TV på mobiltelefonen, eller er det like greitt med mobil-TV på andre typar mottakarar?

    Og vil du vurdere å skifte teleoperatør om ein annan operatør enn den du no har subsidierer mobiltelefonar med DMB-mottak og dermed gratis mobil-TV?

    Svar på denne kommentaren

  4. Jeg har én dings i lomma til alle tider, og det er mobiltelefonen. Mp3-spiller, PSP, kamera og annet tar jeg med hvis jeg husker og gidder. Terskelen blir stadig høyere for å kjøpe ekstra-ting, som jeg helst vil på på mobiltelefonen.

    Så siden du spør om det er viktig å ha mobil-tv på mobiltelefonen? Ja, det synes jeg.

    Og ville jeg vært villig til å bytte til en leverandør som sponser mobil med DMB-mottak? Ja, det ville jeg.

    Noen andre?

    Svar på denne kommentaren

  5. Wlan? Podcasting? Nedlasting? Bittorrent? Holder i massevis det, streaming og livesendringer er bare så 1999 🙂

    Det var spøk, det er selvfølgelig viktig å teste ut nye distribusjonsmetoder…

    Svar på denne kommentaren

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *. Les vår personvernserklæring for informasjon om hvilke data vi lagrer om deg som kommenterer.