nrk.no

Same, same. But slightly different.

Kategorier: Gadgets, Konferanser og messer & Mobil


Gigantmessa Mobile World Congress i Barcelona samlar igjen mobilbransjen frå heile verda. 1 300 utstillarar gjer sitt for å tekke nesten 60 000 deltakarar. Det gjerd ei med ein bråte mobilrelaterte dingsar. Og kringkasta mobil-TV som er det store i år. Som det har vore tidlegare år. Standardane det står mellom er DMB, DVB-H, ISDP-T og Mediaflo. I tillegg til MBMS som ikkje er ein ekte kringkastingsteknologi, men som via 3G-netta tilbyr kringkastingslik distribusjon.

Men alt dette har vi sett på Mobile World Congress tidlegare. Terminalane er riktignok mindre, stiligare og inneheld meir funksjonalitet. Og stadig fleire selskap tilbyr mobil-TV-løysingar, -innhald eller –mottakarar. Men på messa er det langt mellom dei heilt store nyheitene. Det viktigaste er gjerne at ein finn ein samla bransje i Barcelona. Så svært mykje banebrytande nytt er det ikkje.

Av nye produkt og tenester har ei rekkje nye mobiltelefonmodellar blitt lanserte. Både LG, Samsung, Nokia og Sony Ericsson slepp tradisjonelt sett ei rekkje nye modellar på denne messa. Det som er spennande er at også nye selskap som er kjende for andre produkt enn mobiltelefonar kastar seg på mobiltelefonbølgja. Apple gjorde det i fjor. No følgjer GPS-produsenten Garmin, søkemotorselskapet Google og mp3-spelar-produsenten iRiver etter. Garmin kjem med sin telefon i tredje kvartal. Den liknar litt på iPhone, men er noko mindre.

Så spørs det kor mange bornesjukdomar det er i nykomarane sine første telefonar. Det er uansett spennande med aktørar som har ein annan bakgrunn ein dei etablerte mobiltelefonprodusentane. Det kan kvalitetsheve tenester som navigasjon og avspeling av multimedia.

Garmin har eit bra namn innan navigasjon, og kan fort ete marknadsdelar frå dei etablerte. Telefonen vert kalla Nuvifone og kjem med Google lokal-søk og Google si Panoramio-teneste som let brukarane plassere bileta dei tek på Google Earth.

På Mobile World Congress er det alltid mange fine damer som vert nytta som blikkfang for ulike produkt og tenester. Den gyldne regelen er at dess finare damene er, dess mindre interessante er produkta. Russiske Cboss arrangerer danseshow med unge lettkledde damer kvart år og får med det mange mannlege tilskodarar. Cboss er for øvrig eit stort selskap med ca. 3.000 tilsette. Dei leverer mellom annan mobile betalingsløysingar. Cboss-sjefen hevdar at bruken av unge damer er eit ledd i suksessrik merkevarebyggjing og at ‘alle’ hugsar verksemdsnamnet etter messa. Døm sjølv.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *. Les vår personvernserklæring for informasjon om hvilke data vi lagrer om deg som kommenterer.