nrk.no

Nyskaperprisen 2007: Lydmann i balanse

Kategorier: Gadgets,Musikk og lyd & NRK


Hvert år arrangerer NRK en intern konkurranse som kalles Nyskaperprisen. Det var så mange spennende kandidater, at vi ønsket å presentere dem for NRKbetas lesere også. I desember kan du lese om de nominerte – en hver dag. Det er ikke noen hemmelighet hvem som vant, men vi sier ikke noe om det før alle er presentert. Du finner en oversikt over alle bidragene her.

Ein fysioterapeut og ein lydmann gjekk saman til trimrommet for å løfte vekter. Resultatet vart ei innretning som no er nominert til Nyskaparprisen.

Lydmann i balanse

Fysioterapeut Erlend Weinholdt og programingeniør Jan Dalehaug med vekta som balanserer mikrofonstativer og avlastar skuldrene. Foto: Elin Dahle

Den nyskapande innretninga er ei motvekt som balanserer mikrofonstanga og avlastar lydteknikarane.

– Det heile starta med at eg fekk problem med skuldra. Eg gjekk til fysioterapeut Erlend Weinholdt, og i lag grubla vi på kva vi kunne gjere for å avlaste meir. Å halde ei mikrofonstang er veldig slitsamt i lengda. Erlend observerte oss i arbeid, og det var vel eg som nemnte at ei motvekt i andre enden av mikrofonen ville hjelpe, fortel programingeniør Jan Dalehaug.

Dermed var prosessen i gong.

Ned i trimrommet

Dei to tok med seg mikrofonstanga ned i trimrommet og festa på ulike vekter. Dette var ein god idé, og etter nokre veker hadde mekanisk verkstad laga ei spesialvekt på fire kilo til å feste på stanga.

Vekta gjer at lydmannen kan sleppe begge hender når han står i ro med stanga. I opptak er ei hand nok til å bevege stanga, og dermed er den andre handa fristilt til å justere på miksaren.

Lydmann i balanse

– Det var allereie ei avlastingsstang der som gjer at noko av vekta blir avlasta av hofta. Ein kan og ha ei stang i bakken, men dette blir for statisk.

– Men denne enkle løysinga gjer det mykje enklare i lengre intervjusituasjonar. Vi får avlasta skuldrene og samstundes ha ei hand fri, seier Dalehaug.

Dårleg på førebyggjande arbeid

– I denne bransjen er vi ikkje flinke nok på førebygging, seier Dalehaug.

– Nei, ideen kjem først når ein får vondt, skyt Weinholdt inn.

– Jan meiner at dette er noko dei heilt klart vil få bruk for. Sånn eg ser det er dette ein vinn-vinn situasjon; lydteknikaren kan justere lyd samstundes som han har kontroll på mikrofonen, og i tillegg ta vare på kroppen. Det har vore eit fint samarbeid, eg tenkjer på mennesket, medan Jan tenkjer på best mogleg lyd, seier Erlend Weinholdt.

Dalehaug seier at løysinga ikkje eignar seg så godt til dramaproduksjonar, der det er mykje rørsle og raske skifte. Men i lengre intervju i til dømes dokumentarar er dette ei god løysing.

Enkle metodar

Dei har ingen planer om å søkje patent på innretninga.

– Det er enkle metodar og ei enkel løysing. For meg er det viktigare at dette får merksemd slik at fleire for vite om løysinga og kan gjere nytte av det. Det beste vi kan få ut av det er at andre som arbeider med lyd vurderer dette som ein moglegheit.

– Utruleg gøy

Men dei er glade for nominasjonen til Nyskaparaprisen.

– Denne prisen er eit kjempebra tiltak. Det var overraskande, men utruleg gøy å bli nominert.

– Det viktige er at dette fungerer og gjer arbeidsdagen enklare, seier Dalehaug.

2 kommentarer

  1. Nyskaperprisen 2007: Yngvar Thoresen er årets nyskaper i NRK

    […] Det ble også gitt hederlig omtale til to av de i alt åtte finalistene. Erlend Weinholdt og Jan Dalehaug fikk diplom for utviklingen av en mikrofonstang med motvekter som forhindrer belastningsskader. Og Andreas Sørby og Erik Hansen fikk hederlig omtale for utviklingen av et roterbart studiobord. […]

    Svar på denne kommentaren

  2. NRK Invention Corner pt. 1 at stepheno.net

    […] When it comes to recording sound, especially dialogue for documentaries and film, the rule of closeness applies. You want to place the microphones as close to the source as possible. You therefore often put the microphone on a boom, a metallic rod, which the boom-operator can hold and direct towards the source. However this several meter long boom becomes heavier by the minute, and lecturers as well as guest speakers warn of the physiological risk. That is why I like the idea that this sound-guy developed together with a physiotherapist. See the original post and pictures here (NRKbeta). […]

    Svar på denne kommentaren

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *. Les vår personvernserklæring for informasjon om hvilke data vi lagrer om deg som kommenterer.