nrk.no

Nyskaperprisen 2007: Banebrytende produksjon

Kategorier: Gadgets,NRK & Video


Hvert år arrangerer NRK en intern konkurranse som kalles Nyskaperprisen. Det var så mange spennende kandidater, at vi ønsket å presentere dem for NRKbetas lesere også. I desember kan du lese om de nominerte – en hver dag. Det er ikke noen hemmelighet hvem som vant, men vi sier ikke noe om det før alle er presentert. Du finner en oversikt over alle bidragene her.

Produksjonen av dramaserien Himmelblå er banebrytande.

– Då vi starta opp var det ingen andre som hadde gjort ein HD-produksjon av ein slik storleik. Vi er blant dei første i verda, seier Helge Semb. Teamet blei nominert til Nyskaparprisen.

Då teamet skulle starte produksjonen av den nye dramaserien Himmelblå i vår, oppstod eit problem. Opptaka krasja med produksjonen av Kodenavn Hunter, og dei hadde for få kamera disponible.

Himmelblå

Helge Semb i aksjon med nytt kamera.

– Vi var usikre på kva vi skulle gjere. Men vi enda opp med å kjøpe tre HD-kamera og tok eit stort hopp inn i ein kvardag vi ikkje kjente fullt ut, fortel fotograf Helge Semb.

Nye rutinar

Dei tok sats og var blant dei første i verda til å starte opp ein så stor HD-produksjon. Frå å ha tryggleik i teip, gjekk dei over til filbasert lagring utan noko handfast å stole på. Det førte til nye utfordringar og endring av rutinane.

– Den største utfordringa var å ta vare på data heile vegen. Datafiler krev andre tryggleiksrutinar. Det er til dømes ei utfordring å dagleg måtte laste inn stoff fordi korta må tømmast, seier Hans Terje Flatlandsmo.

Kamera har fem minnebrikker som kvar har ein lagringskapasitet på 8 minutt.

– Vi tok backup i Brønnøysund før vi sendte stoffet vidare til Oslo der vi har moglegheit til å gjenopprette, seier Flatlandsmo.

Systemet gjer at dei kan arbeide med same format gjennom heile produksjonen, noko som er ein stor fordel.

– I tillegg kan fleire arbeide med same stoff på same tid i redigeringa, seier redigerar Trond Nystedt.

Det å tore

Ein nominasjon til Nyskaparprisen blir sett pris på, men teamet presiserer at dei ikkje har funne opp noko nytt, berre utnytta teknologi som allereie finst.

– Det nyskapande ligg i å skape ein arbeidsflyt. Vi har ikkje funne opp noko nytt, men teke i bruk teknologien og sett ting i system. Det handlar om å tore og ta spranget ut i ei verd der det ikkje finst noko handfast sikring, seier Helge Semb.

– Vi kasta oss ut i ein filbasert produksjon tidlegare enn NRK hadde ønska. Men vi har lært utruleg mykje og har laga ein arbeidsflyt og ein mal som kan brukast i seinare produksjonar.

Himmelblå

Frå innspelinga av Himmelblå på øya Ylvingen utanfor Brønnøysund.

Teamarbeid

Hans Terje Flatlandsmo presiserer at dette har vore eit omfattanda teamarbeid.

– For å klare å gjennomføre dette har vi måtte dra inn ressursar frå ulike delar av huset, og vi har hatt mange støttespelarar.

– Det har vore eit spennande prosjekt der vi har fått testa ut mykje. Dette er jo framtida, seier Flatlandsmo som er nøgd med systemet og arbeidsflyten dei har skapt.

– Det er framleis nokre barnesjukdommar og vi har gjort ein del justeringar undervegs, men systemet fungerer såpass bra at vi kan bruke det.

Ingen uhell

– Til no er vi ferdig med ¾ av produksjonen og vi har ikkje hatt eit einaste uhell opptaksmessig, legg Semb til.

Opptaka er ikkje ferdig, to rundar igjen på øya utanfor Brønnøysund står att etter jul, medan redigeringa er om lag halvvegs. Serien skal gå hausten 2008.

1 kommentar

  1. Bak kulissene: Himmelblå

    […] seg slutten, benyttet vi anledningen til å reise til Brønnøysund for å ta en titt på de nyskapende tekniske løsningene som brukes for å lage den populære serien, som kommer på NRK1 til […]

    Svar på denne kommentaren

Legg igjen en kommentar til Bak kulissene: Himmelblå Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *. Les vår personvernserklæring for informasjon om hvilke data vi lagrer om deg som kommenterer.