nrk.no

BBC Scotland

Kategorier: Media,Radio & TV


BBC Scotland byggjer for tida eit heilt nytt hovudkvarter i Glasgow. Bygget, som kostar over 1,56 milliardar kroner, har seks etasjar og vert installert for fullstendig multimedial og fulldigital produksjon. BBC får her eit nytt gigantstudio, klart for omfattande HD-produksjonar.

I bygget finn ein mellom anna Avid sin største installasjon nokosinne med 23 fullverdige redigeringsstasjonar. Innandørs står det ikkje tilbake for einkvar opera. Basen er bygd i skotsk sandstein.

Seks radiostudio er bygde rett ved sidan av kvarandre, med kontrollrom på alle sider.

Og med hovudkontrollrom som er svært fleksible med tanke på ulike TV-produksjonar. Opp til 25 feedar kan sjåast på kvar skjerm.

Det er også heilt kurant utsikt frå det massive bygget. Brua vart bygd av kommunen på grunn av at BBC valde å byggje sitt nye hovudkvarter for Skottland akkurat der. Det jobbar 2500 menneske i BBC Scotland, 1400 av dei vil halde til på nykontoret.

Bygget skal vere klart til innflytting i juli 2007.

1 kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *. Les vår personvernserklæring for informasjon om hvilke data vi lagrer om deg som kommenterer.