nrk.no

Tenk distribuert!

Kategorier: Det sosiale nettet,Markedsføring & NRK


Det siste året har eg studert flermedial ledelse ved BI/IJ på si , og det har vore eit spesielt år: Første samling i fjorhaust  var vi på på besøk i VG og snakka med Torry Pedersen som hadde fått bekymra furer i panna etter at Schibsted-aksjen sette den eine botnrekorden etter den andre.  Den nye medieøkonomien rista dei tradisjonelle mediehuset verda over samtidig som nye formidlarar, vanlege folk, var i ferd med med å ta frå oss informasjonsmonopolet. Nokre dagar seinare gjekk terroristar til angrep på eit hotell i Mumbai. Først ute med oppdateringar var ikkje VG eller CNN, men mannen i gata via Twitter.

Men det er ikkje heilt rett å seia at det er Twitter som er først. Det er meg, deg og alle andre som er tidleg ute. Twitter er berre ei plattform til liks med Facebook og Youtube – som gjer oss i stand til å komma fram med det vi har føre oss. Og har du noko fornuftig å melda kan du rekna med at meldinga di får eit lagt liv på nettet.

Amerikanaren Jeff Jarvis skriv om nettopp dette i boka si What Would Google Do (ja, det er eit paradoks at han gir ut papirbok). Han meiner vegen til suksess er å tenkja distribuert: Send lenkene ut til folket i staden for å stengja dei inne bak gjerder i  portalar.

Og Jarvis har mykje rett. Eg har sjølv gjort nokre små forsøk på Twitter og Facebook med bloggen min, og konstaterer tilfreds at dette er ein skikkeleg booster for trafikken. For distriktskontora er dette gode greier, saker kan nå eit langt større publikum enn det den gamle steinrøysgeografien tilseier. I den digitale verda er det ingen grenser!

I VG er dei i ferd med å ta inn over seg at dette er  god butikk. Frå administrerande direktør og sjefredaktør på toppen til ferske journalistar i VG Multimedia er dei på plass med eigne Twitter-alias. Dei distribuerer stoffet sitt og følgjer med på kva alle andre steller med, akkurat slik journalistar bør gjera sjølvsagt. I NRK er vi meir forsiktige. Det kan jo henda at dette er ein hype som går over? Eller skal den store allmennkringkastaren ta eit tak og hiva seg på?

Øyvind Solstad har forresten tatt akkurat den ballen lenge før eg serva. Pasninga går til nyheitsmiljøet på Marienlyst.

twitter.com/kaiaage