Den som er veldig sterk, må óg vere veldig snill. - Pippi Langstrømpe (Astrid Lindgren)
For nokre år sidan vart det lansert ein mobiltelefon. Den hadde ikkje copy/paste. MMS hørte i følgje produsenten til fortida. Og ikkje minst: Flash som teknologi var avlegs, og burde ikkje inkluderast i mobile einingar. Vi snakkar sjølvsagt om Apples iPhone. Men det stoppar ikkje der. Adobe Flash-pluginen er ikkje lenger inkludert i nye versjonar av desktop-OSet – Mac OS X – heller.
37signals publiserte i går eit interessant innlegg med tittelen Apple’s responsibility as a superpower. Og dette må vi seie oss einig i.
Mykje av farta bak HTML5 kjem av Apples krossferd mot Adobe Flash. Og Adobe har verkeleg arbeidd for å omstille seg. Og i dette tilfellet er det på ingen måte dumt: Framskritta på nettet etter HTML5s framgang har vore ganske omfattande.
Men, Apple er på sett og vis i krig med veldig mange. Og har etter kvart vorte stor nok til å skape enorme bølgjer i teknologibiletet. Blu-Ray, Firewire (for forbrukarar) og 3.5″ disketten er allereie borte. Kva for ein teknologi er neste på lista?