Finske kart blir gratis! Kart frå Lantmäteriverket
Finske kart blir gratis! Kart frå Lantmäteriverket

Postet til: Nettjenester, Nettjuss & Rettighetsbransjen

Finland frigjev kart og geografiske data


Det finske kartverket (Lantmäteriverket) har vedteke å frigje store mengder kart og stadnamnbasar frå 1. mai 2012.

Finske kart blir gratis! Kart frå Lantmäteriverket

I NRK brukar vi mykje kart, særleg på yr.no og UT.no. Eg er sjølv svært oppteken av geografiske data, fordi slike data er så viktige for verdiskapinga i samfunnet: Det offentlege Noreg sit på enorme datamengder som ikkje blir utnytta fullt ut i dag.

Gratis kart og geodata i Finland

Finland byrja frigje geografiske data i våren 2011: Då la dei ut stadnamnregisteret og generalkart. Kommunegrensekarta vart frigjeve hausten 2011. Frå 1. mars blir bl.a. høgdemodellar m.m. gratis tilgjengeleg.

Dei finske gratiskarta er gledeleg nytt: Tradisjonelt har europeiske land kravd pengar for at vanlege brukarar skal kunne bruke kart og stadnamn. Vi i NRKbeta likar grunngjevinga frå Lantmäteriverket godt:

Från och med den 1 maj 2012 kan var och en använda digitalt terrängkartmaterial gratis även för kommersiell verksamhet. För oss är det viktigt att vårt högklassiga material kan användas i så stor utsträckning som möjligt.

I pressemeldinga frå Lantmäteriverket skriv dei òg om samfunnsnytta ved å frigje data: Det offentlege har finansiert ekstremt detaljerte og kvalitetssikra kart, men desse er i praksis ikkje tilgjengelege for publikum fordi dei er dyre å bruke / vanskelege å ta i bruk. Gjennom å frigje datagrunnlaget argumenteter Lantmäteriverket for at ein legg til rette for samfunnsøkonomisk vekst.

Dessutom uppfylls ett av Lantmäteriverkets centrala strategiska mål, att använda terrängdatamaterialet i så stor utsträckning som möjligt. Flera hundra miljoner euro har investerats under tiotals år i det digitala datalagret. Genom att göra datamaterialet tillgängligt för alla tror vi att samhället får största möjliga totalekonomiska nytta av investeringarna.

«Alt» er gratis i USA

I Europa må ein tradisjonelt betale for å få tilgang til offentlege data. Det er tankevekkjande at USA i fleire tiår har hatt som hovudprinsipp at alle data som er laga for skattepengar skal vere fritt tilgjengeleg for alle (det er nokre unntak som gjeld militære data og personvern).

Årsaka til denne datapolitikken er bl.a. at det er samfunnsøkonomisk lønsamt å frigje data. Ein sikrar òg at offentlege midlar blir brukt på ein effektiv måte, ved at data som er laga for skattepengar blir brukt av så mange som mogleg.

Det amerikanske datapolitikken gjer at bl.a. Geonames-databasen som vi hentar dei internasjonale stadnamna til yr.no i stor grad er basert på gamle amerikanske etterretningsdata; ganske enkelt fordi det ikkje finst slike data tilgjengeleg i Europa.

Kva med Noreg?

I Noreg må ein betale for tilgang til kartdata og andre geografiske data. Årsaka er at Statens kartverk delvis er finansiert av brukarbetaling, og at Stortinget/regjeringa førebels ikkje har funne ut korleis ein kan få finansiert verksemda til Kartverket utan brukarbetaling.

Fleire organisasjonar, bl.a. Open Street Map har arbeidd for at Noreg òg skal frigje geografiske data, f.eks. kommunegrensene.

Kartverket har lagt ut mange gratistenester det siste året (f.eks. seieendom.no og har lansert ei rekkje nyttige nettenester, men ein kan altså ikkje laste ned dataa for å lage eigne visningar.

Fornyingsdepartementet har teke initiativ til data.noreg.no som er ein datakatalog over frie data. Det er ein del geodata her, men dei viktigaste dataa må ein betale for.

Erfaringar med frie data på yr.no

På yr.no har Meteorologisk institutt og NRK delt ut gratis vêrdata heilt sidan 2007. I dag er det fleire som brukar XML-tenestene frå yr.no enn som går inn på sjølve tenesta: Rett før jul hadde vi bl.a. ein dag der over 90 prosent av trafikken på yr.no var nedlasting av XML (!). På ein vanleg dag er ca 60 prosent av trafikken XML, resten er på nett- og mobilsidene.

Erfaringa frå yr.no er at dei som tek i bruk vêrdataa som blir gjeve ut gratis lagar nye og spanande løysingar som vi aldri ville prioritert å laga sjølv. Gratispolitikken gjer òg at ein når ut til nye brukargrupper, og at varsla blir synleg for fleire. Dette gjer at Meteorologisk institutt kan nå ut med varsel om farleg vêr til brukargrupper som ein aldri ville nådd elles.


Kva tenkjer du om frigjeving av norske geodata? Bør vi fylgje det finske eksempelet, eller satse på å tilgjengeleggjere norske geodata gjennom profesjonelle og kvalitetssikra tenester som betaler for tilgangen?

9 kommentarer

  1. Alle er selvfølgelig positive til frislipp av offentlige data helt frem til noen misbruker mulighetene. I tilfellet geografiske data bør dette være uproblematisk, men jeg savner en kritisk presse i forhold til saken rundt Rekruttering AS som ba om alle studentdataene fra norske universiteter og høyskoler.

    Problemet med store offentlige databaser er at man ikke vet hvordan dataene vil blir brukt(positivt eller negativt før man slipper de fri.

    Er pressen her redd for at offentlighetsloven skal få ett skudd for bauen? Jeg savner i alle fall denne refleksjonen hos NRKBeta, men jeg skjønner gleden i en teknologisk hjerte når man får tilgang til å leke med store mengder data :)

    Svar på denne kommentaren

    • «Alle» er ikkje for frislepp av offentlege data – det er mange som argumenterer for at sluttbrukarane bør betale. I den samanhengen tykkjer eg grunngjevingane frå det finske kartverket er interessante: dei argumenterer med samfunnsnytte og å leggje til rette for vekst i samfunnet.

      Eg har ikkje sett så mykje på Rekruttering AS sjølv, anna enn at eg registrerte at det var mykje skriving om saka for ei tid sidan.

      Eg er nok personleg svært lite redd for at slike saker skal ha nokon som helst innverknad på offentlegheitslova. Dette er ei lov som står svært støtt i Noreg. Eg trur det er meir sannsynleg at rettane i lova blir utvida enn innskrenka om ein ser på samfunnsutviklinga elles.

      Svar på denne kommentaren

      • Jeg ser jo her at man er ute etter ett API eller lignende mot Statens kartverk, men jeg skjønner ikke hvorfor man ikke har bedt om disse dataene da med offentlighetsloven i hånden:
        «Alle kan krevje innsyn i ei samanstilling av opplysningar som er elektronisk lagra i databasane til organet dersom samanstillinga kan gjerast med enkle framgangsmåtar.» (offentlighetsloven §9)

        Er det enklere for Universitetet å renske sine lister for personer med hemmelig adresse enn det er for statens kartverk å gi ut kartgrunnlaget?

        Man venter vel på at Justisdepartementet skal komme med avklaring om hva som ligger i begrepet «enkle framgangsmåtar». Og det kan jo ha en relevans i dette tilfellet også.

        Svar på denne kommentaren

  2. Anders einar hilden

    Jeg føler du kobler OpenStreetMap og frigeonorge litt for kraftig sammen. Selv om de fleste (alle?) tilhengere av OSM gjerne vil ha frie kommunegrenser med mer, er saken en realitet, og drevet fram av Gustav Foseid og Magne Mæhre (nå med støtte fra NUUG). Takk til dem :)

    Svar på denne kommentaren

  3. Jeg merker at jeg blir både sint og trist de gangene jeg leser overskrifter i nyhetene om f.eks båtulykker med dødelig utfall som kunne vært unngått dersom båten hadde vært utstyrt med oppdaterte kart.

    Før var dette store datamengder som i all hovedsak var for mye å takle for en gjennomsnittsborger, da var det helt forståelig at sluttbrukeren betalte for gildet. Men nå er ikke dette ufattelige datamengder lenger. Nå er det ikke vanskelig å gi hver innsatte i dette landet sin egen kopi av dataene, om det var ønsket av alle. På tide å endre måten dette foregår på.

    Svar på denne kommentaren

  4. Eg meinar at svaret på spørsmålet om å frigje data (og dei fleste andre problemstillingar der ein lagar systemer som skal styre åtferd), gir seg sjølv dersom ein er villig til å granske føresetnadane for aktørane i sytemet og nettverkseffektar. Yochai Benkler har gjordt dette systematisk i ei ny bok (2012) som heiter «The Penguin and the Leviathan». Der ser han på tradisjonelle systemer basert på belønning og straff, og visar at denne tilsynelatande effektive måten å regulere åtferd på fungerar omtrent like bra på samfunnsinstitusjonar som innan barneoppseding. Døme: I fangens dilemma så kan ein regulere utfallet ved å endre på gevinstane, men kva med å endre på noko så enkelt som det ein kallar spelet for? Spelarane i praktiske eksperimenter gir nesten motsatt resultat om ein kallar spelet for «The Wall Street game» eller om ein kallar det for «The Community game»! Benkler visar til resultater frå nevrovitskap, personlegdompsykologi, sosialpsykologi, sosiobiologi, biologi, farmasi, sosiologi etc. og ramsar opp ei rekkje med døme på korleis «insentivsystmer» ikkje gir det resultatet ein kunne forvente.

    Eg trur at Statens kartverk er eit barn av 1980-talls insentivsystem byggjing som var nesten som ein religion serleg på høgresida av politikken for ein del år tilbake. Folk flest likar ikkje å granske det ein trur ein kan, og folk flest er ikkje spesielt interessert i å skifte meining. Difor så er me no nøydde til å leve med desse systema til dagens maktbase har vorte pensjonistar. Litt stygt sagt men sant, kohortproblematikken er eit av dei største problema i dagens samfunn, men få vil snakke om det. «Stå i arbeid så lenge som mogleg» er diverre mantraet.

    Svar på denne kommentaren

  5. Litt slik på sida, men det hadde vore veldig fint å fått morgondagens sol-opp sol-ned informasjon. Nett no fær me det i XML-filene for *dagens* dato, — men det er ikkje særleg nyttig for meg når eg vil vita kor tid soli står opp i morgon :-)

    Ja, det finst fleire andre API som hev det, men det hadde vore fint å fått alt frå yr :-) (er jo relativt enkel info òg, er sikker på at de har all data der allereie)

    Svar på denne kommentaren

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>