nrk.no

Vil du bli redaktør for yr.no?

Kategorier: NRK & Webutvikling


Stilling ledig: Redaktør for yr.no

Stillinga som redaktør for yr.no er ledig. Vil du bli sjef for ein av dei største nettstadane i Noreg?

yr.no er Skandinavias største vêrnettstad og ein av dei største nettstadene i Noreg, med opp mot 3 millionar unike brukarar i veka. Nettstaden er eit likeverdig samarbeid mellom NRK og Meteorologisk institutt, der NRK har hovudansvar for presentasjon og formidlinga til publikum; og Meteorologisk institutt har hovudansvar for meteorologiske data.

Redaktøren er ansvarleg for yr.no, mellom anna ansvar for redaksjonell og teknisk prosjektleiing, vidareutvikling, samt forvaltning av den eksisterande tenesta.

Vi ser etter ein person som har både redaksjonell og teknisk bakgrunn, men som fyrst og fremst har brei forståing av kommunikasjon og formidling av store datamengder på ein forståeleg og god måte til publikum.

Les meir om stillinga. Søknadsfrist er 1. mai.

1 kommentar

  1. Husk at må være klimastrolog og mene at all temperaturøkning på Jorda er menneskeskapt og må skattlegges. All temperatursenkning er naturlig eller en følge av at det blir varmere.

    Husk også at det ikke er lov å kommentere på den massive klimapropagandaen.

    Greier man å svelge det – Velkommen!

    Svar på denne kommentaren

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *. Les vår personvernserklæring for informasjon om hvilke data vi lagrer om deg som kommenterer.