nrk.no

Facebook blir film

Kategori: Snacks


David Fincher er mannen som har gjeve oss fantastiske filmopplevingar som Se7en, Fight Club, Zodiac og – litt avhengig av kven du spør – The Curious Case of Benjamin Button. Det siste prosjektet hans er ein film om Facebook, nettstaden som vi alle bruker over 30 minutt dagleg på.

Filmen går under namnet «The Social Network», og har fleire andre kjende namn tilknytta seg. Mellom anna Jesse Eisenberg, Justin Timberlake og Aaron Sorkin. The Social Network har verdspremiere 1. oktober, men vi får den ikkje på kino her til lands før den 22. oktober.

Hittil ser filmen ut til å ha vorte godt motteke. I skrivande stund har Rotten Tomatoes henta inn 14 meldingar, kor snittet ligg på 9.7 av 10.

Oppdatering: Magnus Bjerve skriv i kommentarfeltet at Trent Reznor, mannen bak musikken i filmen, har lagt fem av sangane ut for gratis nedlasting. Desse kan lastast ned her.

7 kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *. Les vår personvernserklæring for informasjon om hvilke data vi lagrer om deg som kommenterer.