nrk.no

Dugnad er gøy!

Kategorier: Nettjenester,Nettkultur,NRK & NRKbeta


Ny-Ålesund postkontor. Foto: Helge Kåsin
Ny-Ålesund postkontor. Foto: Helge Kåsin
I sumar var det postnummerdugnad på yr.no: Vi bad brukarane om hjelp til å finne ei fornuftig plassering av alle 4585 norske postnummer. Responsen frå brukarane var overveldande god! Her er ei oppsummering og litt erfaringar.

Mange av brukarane på yr.no har etterlyst vêrvarsel for postnummer. Dette er kanskje særleg aktuelt for dei som hentar data frå yr.no – det er av og til lettare å finne eit postnummer og hente varsel for det, enn å byggje opp heile stadnamnstrukturen til yr.no.

Det finst ingen register over norske postnummer med éin koordinat (geografisk plassering) per postnummer. Posten har oversyn over kva område eit postnummer dekkjer, men dette kunne vi ikkje bruke til å lage vêrvarsel: Postnummeret 5750 ODDA dekkjer for eksempel nesten heile Hardangerjøkulen, og vêrvarselet ville bli temmeleg feil om det vart rekna ut for toppen av ein isbre og ikkje Odda sentrum.

Vi fekk inn totalt 4590 tilbakemeldingar/korrigeringar til postnummerdugnaden frå ca 600 ulike personar. Då vi la ut dugnaden hadde vi korrekt plassering av 39 prosent av postnumra, i løpet av to dagar var 74 prosent av postnumra korrigerte og plasserte på rett stad!

Litt teknisk info: Dugnaden vart laga av underteikna (som er ein slags journalist utan veldig mykje programmeringserfaring), og sidan dugnaden vart laga midt i sumarferien var det ingen utviklarar på jobb til å lage databasar for mottak av dataa. Løysinga vart å leggje dugnaden på dei private heimesidene mine og bruke ulike opne tenester for å ta i mot tilbakemeldingane.

Eg lasta ned heile postnummerregisteret frå Posten og fekk lagt på ein cirkaplassering av kvart postnummer. Denne cirkaplasseringa vart vist på eit Google-kart, og brukarane kunne opne ein liten boks og taste inn nye koordinatar for kvart postnummer. Dei nye koordinatane vart teke i mot ved hjelp av Google Forms, og hamna i eit Google-rekneark. Her henta eg ut koordinatane til Excel, og sjekka dei fleste plasseringane kjapt før eg oppdaterte dugnadssidene med dei nye plasseringane. Dette var relativt mykje mekk: Sidan det kom inn 4590 tilbakemeldingar vart Google-reknearket ekstremt stort og tungt å arbeide med. Etter cirka ein månad braut heile systemet saman, og Google-reknearket nekta å ta i mot fleire oppdateringar; ergo måtte eg finne plassering til dei siste 600 postnumra på eiga hand.

Ei erfaring til seinare er at det nok ville vore lurt å lage ein skikkeleg database for å ta i mot tilbakemeldingane; men samtidig ville dette kravd at eg laga ein skikkeleg spekk og at det var utviklarar på jobb som kunne prioritere dette litt snodige stuntet.

Flest unge menn som tek del i slike dugnader

Rundt 600 personar tok del i postnummerdugnaden, og i etterkant svarte rundt halvparten av dei som var med på dugnaden på eit kort spørjeskjema.

postnummerdugnad-alder

86 prosent av dei som tok del i dugnaden var menn, med forbausande jamn aldersspreiing. Den eldste som var med på dugnaden var 74 år, den yngste var 15. Dei store byane dominerte veldig: Dei fleste som tok del i dugnaden var frå Oslo (19 prosent), Bergen (9 prosent) og Stavanger ( 6 prosent). Resten av landet var jamt representert.

postnummerdugnad-erfaringOver halvparten av dugnadsfolka fekk vite om dugnaden på yr.no, ein tredel såg dugnaden på NRKbeta og 17 prosent fekk vite om det via Twitter. Det kanskje mest overraskande var at to tredeler av dei som var med aldri hadde vore med på liknande dugnadsarbeid på nett.


Dette bør vi og andre gjere meir av!

Resultata frå postnummerdugnaden er svært gode: Alle dei 600 som tok del i dugnaden har vore med på å lage eit register som no er fritt og ope tilgjengeleg (med ein Creative Commons-lisens), som allereie er i bruk på yr.no og som fritt kan nyttast av alle andre til kommersielle og ideelle føremål. Eitt transportselskap har mellom anna allereie teke i bruk registeret for å lage grove køyreruter for sjåførane sine.

Eg håpar at NRK kjem til å kalle inn til fleire slike dugnader: Vi får allereie svært mykje god hjelp av lesarane på NRKbeta, og erfaringane frå postnummerdugnaden fristar til gjentaking. Takk til alle som tok del!

Oppdatering: Eg har lagt ut ein god del geografiske databasar eg har samla opp gjennom åra på erikbolstad.no/geo. Basane er til fri bruk for dei som treng dei!

12 kommentarer

  1. Jeg hadde aldri vært med på noe sånt før, men stilte villig opp. Mest sannsynlig fordi det var veldig tilgjengelig samt at det kom klart frem at det ville komme brukerne tilgode når alt var i boks.

    Generelt veldig fornøyd med åpenheten til NRK og hvordan dere deler det dere kan dele!

    Svar på denne kommentaren

  2. Eirik Solheim (NRK)

    Fra artikkelen:

    «Her henta eg ut koordinatane til Excel, og sjekka dei fleste plasseringane kjapt før eg oppdaterte dugnadssidene med dei nye plasseringane.»

    Men Erik kan sikkert utdype litt om kvalitetssikringen også.

    Svar på denne kommentaren

  3. Jeg synes hele prosessen var veldig proff, og hadde aldri gjetta at det var «ein slags journalist utan veldig mykje programmeringserfaring» som hadde laga dette. Bra jobba.

    Edit: edit funksjonen på NRKbeta er forresten genial. Hvorfor bruker ikke alle noe tilsvarende?

    Svar på denne kommentaren

  4. Som Fredrik sier i første post, så tror jeg tilgjengeligheten og følelsen av at man selv får noe igjen hjelper veldig i slike dugnadssituasjoner.

    Selv er jeg til tider veldig aktiv i OpenStreetmap hvor det er veldig tilfredstillende å se en feil i kartet, fikse den og så se feilen fikset med en gang på web-kartet. Enda mer tilfredstillende er det når jeg laster ned gratis kart til GPS-en et par uker etterpå (blir autogenerert en-to ganger i måneden).

    Dugnadsviljen er bundet til hvor mye man føler at man får igjen. Nå har vi fått yr-meldinger basert på postboks. Veldig bra!

    Svar på denne kommentaren

  5. VG tar også dugnad – men hvem får resultatet?

    […] hjalp fantastisk til med å finne en fornuftig plassering av alle 4 585 norske postnummer. Responsen frå brukarane var enorm. Og på Erik Bolstads nettside […]

    Svar på denne kommentaren

  6. Erik Bolstad (NRK)

    @Dag B. Eg har prøvd å sjekke dei fleste postnumra relativt nøye. Eg har stort sett brukt Google Earth og sett over at ingen nummer hamnar i gokk. I tillegg har eg gjort litt «teknisk» kvalietetssikring ved å sjekke at ingen postnummer hamnar utanfor Noreg eller i havet.

    Kvalitetskoden på kvart postnummer skal vere relativt god. Du kan stole på kvalitetskode 1 og 2, kode 5 _bør_ vere ok og 9 er nesten garantert feil (det er tre postnummer med kode 9, dette er stader som eg ikkje er i stand til å forstå kvar ligg…)

    Eg har forresten lagt ut ein god del andre geografiske data på erikbolstad.no/geo. Basane er til fri bruk for dei som treng dei.

    Svar på denne kommentaren

  7. Posisjonen for 1421 Trollåsen er ikke helt korrekt. Post i butikk med postboksene ligger i det andre bygget der. Google maps adressepeker viser riktig bygg, men den blir litt feil i forhold til hvor postboksene faktisk står i bygget.

    59.817635, 10.777424 er mer korrekte koordinater.

    Svar på denne kommentaren

  8. Supert at du legger ut så mye spennende geodata på erikbolstad.no/geo – måtte flere gjøre som deg!

    En kommentar til f.eks. kommunedataene og syntaksen på kommunenummer, som alltid skal være et firesifret tall, dvs. med ledende null (og tilsvarende for fylkesnr). Kommunenummeret skal alltid behandles som en tekst-streng med fire siffer, og ikke som et tall. Dette er selvfølgelig helt avgjørende når man skal koble dine kommunekataloger med andre datakilder, f.eks. regionalstatistikk fra SSB.

    Så hvis du har riktig syntaks i utgangspunktet på dine data, så slipper andre å redigere koblingsnøklene når de skal bruke dem.

    Svar på denne kommentaren

  9. Takk for tilbakemeldinga!

    Eg veit at kommunenummera skal vere med fire tal, og var tidlegare relativt streng på dette sjølv. I dei siste åra har vi i NRK gått over til å bruke nummera utan innleiiande 0 i alle interne tabellar: det har gjort systema lettare å handtere, og vi slepp å hugse på å spesialhandtere alle kommunenummera ved import og eksport av basar.

    Eg skal skrive litt om dette på sidene mine.

    Svar på denne kommentaren

  10. Dugnad er gøy!…

    I sumar var det postnummerdugnad på yr.no: Vi bad brukarane om hjelp til å finne ei fornuftig plassering av alle 4585 norske postnummer. Responsen frå brukarane var overveldande god! Her er ei oppsummering og litt erfaringar. Mange av brukarane på ……

    Svar på denne kommentaren

Legg igjen en kommentar til VG tar også dugnad – men hvem får resultatet? Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *. Les vår personvernserklæring for informasjon om hvilke data vi lagrer om deg som kommenterer.